Milliardar av menneske i mellom!
Eg har laga ny blogg. Det er her vi er no. Velkomen til oss!
Sidan bloggen er heilt ny (i skrivande stund er det berre eit anna innlegg) tenkte eg at eg kunne skrive litt om kva blogg det er eg ønsker meg. Kanskje kan du skrive litt om kva blogg du ønsker deg òg, om det er noko?
Berre så det er sagt, så skal eg framleis blogge på Grapecityjuice.
Så, eg skal ha to bloggar. To bloggar tenkjer du kanskje no, kva i all verda skal ho med to bloggar? Eg har tenkt litt sånn sjølv, lurt på om det kunne vere eit uttrykk for ein personlegdomsforstyrring. Men eg har kome fram til at eg vil ha to, og at det sansylegvis er eit både klokt og friskt val. For då kan eg reindyrke kjærleiken for to forskjellege typar tekstar, samstundes som at det blir lettare for folk å finne det dei vil ha, antan det er noko poetisk eller meir sakprosaisk. To bloggar tyder kanskje meir blogging. Men det treng vel ikkje å vere dumt?
Den andre grunne til å starte denne bloggen er av di eg elskar andre som bloggar sakprosaisk. Ikkje for det, eg er utruleg glad i alle dei poetiske journalane der ute og, men eg kan bli heilt i fyr og flamme av ein god og engasjerande sakblogg. Aldri blir eg meir glad for deg eg studerer enn når eg kan bruke det til å diskutere kulturen med andre. Og gjerne på veven. God tid framfor eit tastatur kan gje rom for gode debattar eller berre utruleg spanande innlegg.
Sist men ikkje minst, så har eg tenkt å starte denne bloggen av di danning ikkje er nok ein kan gjere åleine. Det er noko som skjer i fellesskap. Milliardar av menneske i mellom. Og då nyttar det ikkje å stenge alle tankane sine inne i hovudet, medan ein ventar på å bli flink nok til å delta i debatten. Ein må øve seg, og prøve seg saman med andre. Og kvar er det vel betre å gjere dette enn på veven, milliardar av menneske imellom?
Neste tekst ut blir (truleg) “Valdtekst: Vald og kastraksjon i lesinga av Rihanna og Tori Amos”, der eg mellom anna skal trekke inn mannsvitar Gary Taylor, som har skrive historia åt kastraksjonen. Vonar det blir spanande!


Desse har synsa: