Chopin, skjeletter og Sæterbakken

- Ti notat om kropp.
Publisert i Litteraturtidsskriftet Lasso
(1)
Eg veit ikkje kvifor eg ser for meg daude, utsvoltne kroppar når eg høyrer på Chopin, men det gjer eg. Ser føre meg massegraver, eg ser føre meg gjenferd på høglys dag i alt for store frakkar, med innhola kinn og skrikande augo. Sannsynlegvis har det med filmen «Pianisten» å gjere, der Adrian Brody spelar ein jødisk, Chopin-frelst pianist i eit krigsherja Warsava. Når eg høyrer på Chopin sine øvingar fleire år etter i eit middagsselskap blir eg plutseleg og overraskande innvadert av desse kroppane, desse kroppane i skinn og bein som ligg spreidd utover i ei massegrav. Kombinasjonen av middag med dessert, kaffi avec og kaker og denne musikken, slår som bølgjer av kvalme inn over meg, og eg spring ut på toalettet. Eg klarar ikkje å spy, men blir sittande på golvet med sement i magen og høyre på lovprisingane som følgjer etter avspillinga.
(2)
Same år spelar Adrian Brody i Tori Amos sin musikkvideo, «A Sort of Fairytale». I videoen vitnar vi det først møte mellom to personar, spelt av Brody og Amos. I staden for vanlege menneskelege kroppar framstår dei som ei blanding av eit dadaistisk maleri og karakterar frå dataspelet «Spore»: Amos er eit hovud på ein stilettkledd kvinnelegg, Brody eit hovud på ein klokkekledd mannearm. Dei møter kvarandre på eit fortau, og ramlar rundt i ein by der alle andre innehar sine vanlege kroppar. I tillegg til å vere ein hovud-foting har karakteren til Amos ein ekstra storetå der lilletåen skulle ha vore. Då handicapet vert avslørt frå skamma ho til å flykte avgarde på rullebrettet til ein blond kjekkas. Videoen avsluttast med at Amos fell på stranda etter å ha stått gråtande og stirra utover havet. Medan ho ligg i bølgjene finn Brody henne. Han reiser henne opp, og i det dei kyssar byrjar kroppane deira å forandre seg: Det som først kan verke som å vere ein absurd stor ereksjon vaksande fram frå armen til Brody syner seg å vere ein fot. Før du veit ordet av det står dei nakne
framfor kvarandre med fullstendige kroppar, medan dei omfamnar kvarandre i solnedgangen. Dei no utvaksne, nakne kroppane gjer meg litt uvel. Dei er så mykje meir nakne no. Så mykje nærare. Så mykje meir som meg.
(3)
Av ein eller annan grunn ser eg føre meg Nora Simonhjell sjå denne videoen, eg ser føre meg ho sitje framfor ein pc på eit kjøken framfor eit vindauge, ikkje heilt ulikt mitt eige, og eg ser føre meg at eg ser ho utanfrå, eg ser andlet hennar omkransa av det fine lyse håret medan ho studerer bileta som flakkar over pc-skjermen og utover rommet rundt henne. Ettersom eg står på utsida kan eg berre sjå baksida av pc-skjermen hennar, men eg er sikker på at det er nett denne videoen ho ser på, kanskje medan ho finles teksten til songen. Kanskje skal ho skrive eit essay, ho ser i alle høve ut som ho tenkjer: Med jamne mellomrom myser ho mot skjermen, og av og til hender det at ho tek augo mot vindauge og stirar tomt ut i mørkret. Etter ei stund ser eg ho rulle bort frå pulten og mot kjøkenbenken, der ho skjenkar seg sjølv ein kaffi-kopp. Eg tek meg i å lure på om ho faktisk sit i rullestol.
(4)
Simonhjell har skrive doktorgradsoppgåva si om Lars Ramslie og Stig Sæterbakken, og romanane deira Biopsi og siamesisk. Når ho les desse romanane tek ho utgangspunkt i ei teoretisk retning kalla «disability studies», ei retning som spring ut av feministisk og ikkje minst skeiv teori. På tverrfagleg vis fokuserer ein på den funksjons-nedsette kroppen, førestillinga og framsyninga av denne i kulturen. Samstundes prøvar ein å seie noko om universelt om menneskekroppen og plassen denne har i verda. I begge romanane Simonhjell ser på er kroppane i fokus, i form av dei aldrande kroppane til ekteparet i siamesisk og den sjuke og funksjonshemma kroppen til faren i Biopsi. Eit av dei mest sentrale temaa i oppgåva er forholdet mellom kroppen og identitet. Korleis pregar det å ha ein aldrande eller sjuk kropp sjølvforståinga og måten ein blir møtt av andre menneske? For ikkje å seie ein funksjonsnedsetting, eller ein kropp prega av rusmisbruk?
(5)
Eller snudd heilt på hovudet: Korleis pregar identiteten din, verdiane dine eller interessa di måten andre oppfattar kroppen din på? Eg plar sjeldan å sjå føre meg forfattarar eller teoretikarar i rullestol eller med anna funksjonsnedsetting. Kvifor skulle eg gå ut i frå at Simonhjell sjølv hadde ei funksjonsnedsetting, berre av di ho er interessert i å lese og skrive om det?
(6)
Sjølv om eg ikkje vanlegvis plar å fundere på om kroppane er funksjonsnedsette eller ei, er forfattarkroppar sjeldan langt borte frå tankane mine når eg les. Nokon gongar kan eg vere som besatt, det kan stå i vegen for eller på underleg vis utvide leseopplevinga. Eksempelvis var eg under store delar av tenåra forelska, eller betatt, av Pedro Carmona-Alvarez. Eg hadde lese Helter, Prinsens gate, Clown Town og La det bare bli blåmerker igjen og kvar gong framkalde lesinga denne rusliknande opplevinga av at skiljet mellom fiksjon og røynd løftast og alt liksom blandast saman. Med denne oppløysinga forsvann samstundes skilje mellom verk, forfattar og lesar: Verka blei ein del av min fantasi og på same måte blei han det, Pedro, og dei blanda seg. Framleis kan eg sjå føre meg denne lille mannen sitjande på eit loft i Bergen sentrum, ved ei pult framfor eit vindauge der han sit og skriv bøkene sine. På pulten ligg hatten, om halsen har ein eit lite skjerf og om eg lenar meg inntil han kan eg kjenne skjeggstubbane hans rispe mot mitt eige kinn.
(7)
Forfattaren er altså for meg særs levande, eller kanskje meir presist, forfattarfiksjonen, denne forteljinga om forfattaren som spontandiktast i hovudet, som eg ofte ikkje kjem utanom å konstruere, om som på forskjellege vis er med på å legge rammer for korleis eg les verk. Denne diktinga er sjølvsagt likevel ikkje heilt fri, rammene for ho er lagt i røynda og med informasjonen eg hev tilgjenge på, antan det er snakk om ei kjentmann eller berre eit namn på bokryggen. Pedro er tildømes ein person eg har sett mange gongar: Eg veit korleis han ser ut, eg har sett han omkring i Bergen på kafear og kjenner nokon som kjennar, og dermed er grunnlaget for forfattarfantasien djupt og mangesidig. Ein forfattar som berre er eit namn på ei bokrygg treng likevel ikkje, trass i at eg har mindre informasjon om han eller henne, å i mindre grad bli offer for spekulasjonar og spontanfiksjonar frå mi side. Snarare tvert i mot. Eit kvinne eller mannenamn, nasjonalitetsavtrykk i dette, tittel og grafisk utforminga på boka, baksidetekst, eventuell reklame og plassering i butikk eller bibliotek har alle sitt og seie for forfattar-fiksjonane som blir laga. Og det gjerne før eg i det heile har lese ei bokmelding, eit intervju eller hørt ein ven eller kjent seie eit ord om korkje bok eller forfattar. Spørsmålet om kven som har skrive boka er heile tida med på å prege boka eg les.
(8)
Eit godt døme på korleis informasjon om ein forfattar kan prega både lesinga av verk og danninga av forfattar-fiksjonane kan vere den amerikanske forfattaren Nella Larsen. Ho voks opp som den einaste mørke personen ein kvit, dansk-amerikansk familie. Det som i alle høve såg ut som ein kvit, dansk familie: Faren til Larsen kom Jamaica, og både han, ho òg systera hennar var blanda. Likevel skilte Nella seg ut frå dei andre av di ho, i motsetnad til dei, ikkje kunne passere som kvit. I boka hennar Passing treff vi tre kvinner som alle er svarte som kan passere for kvite, og i forskjelleg grad gjer det. Der Irene har valt å gifte seg svart og halde på banda med det svarte miljøet, har Clare og hennar venninne Gertrude gifta seg inn i kvite familar. I ei scene i boka snakkar om redsla for å få eit mørkt barn. Det ville bryte illusjonen om at dei sjølv var kvite, det ville øydelegge identiteten dei har kjempa for og gjere det umoglege å passere som kvit. Når eg les dette kan eg ikkje anna enn å tenkje på Larsen sjølv, eller rettare sagt på ho som eit lite barn, vesle Nella, som utan å kunne gjere noko for det kom til verda som det foreldra frykta mest. Eit uønska svart barn som øydelegg den kvite idyllen. Om det verkeleg var sånn det var veit eg jo inkje om, men sånn er det i alle høve hos meg. Eg ser dei store svarte auga hennar og eg tenkjer ikkje er det rart om ho fann eigen kropp, farge og rase som eit kompleks og utfordrande del av livet sitt.
(9)
Kroppane tyder noko. Eg klarar ikkje lengre å høyre på Chopin på same måte no som før eg såg Pianisten, Adrian Brody og Tori Amos blir heilt annleis i det dei går frå å vere hovud på ein arm og ein legg til å vere heile, fullstendige menneske. Inne i hovudet mitt har eg sett fleire forfattarar halvnakne. Eg likar å tru at eg er betre no enn då eg var tretten, fjorten, femten, men eg tykkjer framleis Stig Sæterbakken er ein vakrare mann enn bøkene han skriv og når eg les Ikke forlat meg kjem eg ikkje unna at det er han eg ser, at det er stemmen hans eg høyrer, denne mørke stemmen djupe stemmen som springer ut frå den skjeggkledde sterke halsen. Når han går gjennom byn for å spionere på kjærasten som han er sikker på er utru, som han ser føre seg kle seg naken og elske med ein annan mann, når eg les dette ser eg andletet hans som litt for ofte legg seg i triste faldar men som likevel ikkje gjer han mindre vakkr.
(10)
Og teksta og kroppen kan gå opp i eitt, for Stig er ikkje menneske Stig men kombinasjonen av romanane han har skrive og essaya han har skrive, det skjegget andletet og den mørke dressen eg har sett han så mange gongar i: Han er kjærleiken for det makabre, eit forsvar for skilsmissa, Edgar Allen Poe, og det blandar seg, som Tori Amos ikkje berre kan vere stemmen eller teksta men og staden der desse stemmen og desse tekstene kjem frå, livet og kroppen, det flagrande raude håret. Og du, du er ein kropp som les desse notata, på same måte som eg er ein som skriv dei. Etterkvart som dei svarte bokstavane når augo dine og reiser som signal til hjernen er det som om vi møtast, mine fingre som skriv, sveipande over tastaturet, dine auge som les mi skrift, som mine auge, som les det hendene mine etterlet seg. Så sit vi her, ser på det same. Er auge som ser, hjernen som les. Så er vi saman. I skrift.
Valdtekst. Vald, kastraksjon, kjærleik: Tori Amos
Tori Amos finn si eiga stemme. Silent all These Years frå Little Earthquakes.
Amos og meg
Då eg endeleg oppdaga Tori Amos i år, ei oppdaging som kom overraskande seint gitt min store interesse og kjærleik for visesongdamer, blei eg forelska. Ei spade er ei spade. Og eg blei forelska.
Når eg skal byrje med ein artist byrjar eg som regel med debutalbum. Dei har ei heilt eiga stjerne hos meg, eg elskar debutalbum. Amos første heiter som mange veit “Little Earthquakes” ei tittel som er svært passande på fleire punkt; både korleis albumet var innhaldsmessig, korleis songane raste fram i beste richterskalastil og verknaden albumet fekk på meg. Spesielt kanskje det siste.
Men kven blir vel ikkje litt rista i møte med ein ny artist som på magisk vis verkar å vere nett din nye favoritt ved første gjennomlytting? Det er jo sjokkerande med kjærleik ved første lytt.
For ikkje å snakke om kjærleik ved første blikk. For i vår tid med youtube hadde eg plutseleg tilgjengeleg ein milliard videoar og konsertopptak, med forskjellege songar, med same song, i live, i ei eller anna video offisiell eller ei. Om Knausgård skriv om å vere avhengig av porno kunne eg skrive det same om Amosvideoar. Ganske forskjellig. Kanskje ikkje heilt ulikt.
Eg blei jo som sagt forelska i Amos. På relativt kort tid har det utvikla seg til eit kjærleiksforhold, som eg vil påstå går ganske djupt. Om det eg først såg var det vakre andletet, dei søte songane og den enorme utstrålinga tok det ikkje mange lytt før eg oppdaga at det var så mykje, mykje meir til det heile. Det var nok på eit eller anna punkt då eg byrje å elske.
Eg har ofte tenkt at kjærleik er vilje til å kommunsere. Til å lytte, til å forstå og til å formulere. Alt det enormt vanskelege som fyller eit menneske. At ein av dei første songane eg høyrte frå Amos var Silent all These Years, der ho synger om å finne si eiga stemme. Og er det noko ho nett gjer frametter er det å bruke denne stemma.
Tori Amos syng songen Crazy og fortel om sitt forhold til pianoet.
Subjekt/Objekt
Tori Amos er jo, som vi alle veit, ei dame. I motsetnad til så mange andre fantastiske kvinnelege artistar er ho ikkje berre ei fantastisk artist, ho er òg ein fantastisk låtskrivar. Som så mange andre kvinnelege artistar er ho òg svært sensuell når ho opptrer, men Amos framstår likevel annleis enn mange andre damer når ho opptrer. Det verkar i alle høve for meg nærast umogleg å sjå ho som eit objekt. Skal ein vere aldri så lite generaliserande kan ein seie at Amos er meir av eit sexsubjekt enn eit sexobjekt. Når ho opptrer med pianoet (som ho alltid kallar for ho) er dei ei framsyning av eit intenst forhold mellom menneske, musikk og instrument. Eit forhold der korkje Amos eller pianoet heilt framstår som objekt.
Kanskje er det ikkje så underleg at eg ikkje klarar å sjå Amos som eit objekt. For objekt blir ein i kraft av å vere stille. Ved å ha munnen lukka, javisst, men òg i ei meir overført tyding; ved å ikkje kjenne si eiga stemme eller bruke denne. Eit subjekt er ein som talar. Og det gjer i aller høgste grad Tori Amos. Og ho talar mange midt i mot.
Tori Amos syng om menns utfordra seksuelle posisjon. Better make her rasperry swirl.
Kastraksjon
Når Gary Taylor i boka Castration. An Abbreviated History of Western Manhood skal skrive historia åt manndomen går han vegen om kastraksjonen. Å finne ut nett kva manndom er er jo eit uhorveleg stort og vanskeleg emne. For Taylor blir det eit poeng at vegen til manndom gjerne går om det umannlege. Og kva er eit historisk gjennomgåande døme på ein mann som ikkje er ein mann, om ikkje kastraten?
Eit poeng for Taylor er vidare at sjølve kastreringa har gått frå å vere orientert mot ballane, og dermed manglande evne til reproduksjon, til penis, og dermed evne til å tilfredsstille seksuelt. Kva vedkjem reproduksjon er jo “mannen” som deltakar i eit samleie overflødig;ein kan utan problem få sæd frå ein anonym donor i ein sædbank. Det spesielle med mannen i ein seksuell relasjon blir dermed penisen, og hans evne til å nytte denne til å tilfredsstille seksuelt. Men kva tyder eigentleg dette i ei seksuelt frigjort verd?
Når biseksuelle Amos synger boy, you better make her rasperry swirl kan ein ikkje sjå det som noko anna enn ei utfordring. For kva skal ein med ein mann, for ikkje å snakke om ein penis, når ein fingre eller ein munn kan gjere jobben? Når ein kan få tilsendt ein gummipenis på eit par dagar? Bruken hennar av boy gjer det enno tydelegare at det kan stå om manndommen.
At mange menn tykkjer dei har kome tapande ut av dei siste femti åra med kvinnefrigjering er sikkert ikkje overraskande. Michael Kimmel ser i boka A Man’s World? Changing Men’s Practices in a Globalized World på forholdet mellom forskjellege typar maskulinitetar. Spesielt interesserer han seg for ei gruppe han kallar nedovermobile, rurale menn. Felles for dei er det at dei som eit resultat av globaliseringsprossesar og kvinnefrigjering har miste mykje av si tidlegare stilling i det offentlege patriarkatet, ettersom makta er blitt meir sentralisert, i større grad distribuert til kvinner og “feminine” menn (jøde, homofile og svarte), og sjølvstyre er marginalisert. Desse har i tillegg ein del felles haldingar: Dei er for ein forminske staten mest mogleg, og mot det dei kallar “the nanny-state”. Dei er for mest mogleg våpenfridom, desentralisering av makt samt fjerne kvinner, svarte, jødar og homofile frå viktige stillingar. For desse mennene blir det i tillegg viktig å gjennoopprette det private patriarkatet. Det er nemlig ikkje sånn at ei svekking av det ålmenne patriarkatet må tyde ei svekking av det private. Svekkinga av det ålmenne kan og føre til det Kimmel kallar ein “backlash”, det vil seie forsøk på forsterking av det private patriarkatet. Og det er nett her vi kjem attende til Tori Amos igjen.
Tori Amos syng om ein valdtekt
Valdtekst
Det private patriarkatet er avhengig av at det finnest kvinner som det er mogleg å få til å underkaste og la seg dominere av menn i eit forhold. Eg skriv mogleg, for dei treng streng tatt ikkje vere viljuge, så lenge dei kan skremmast til det. I eit samfunn der det ålmenne patriarkatet er sterkt er denne forma for terror sannsynlegvis ikkje særleg naudsynt; om kvinner korkje kan arve, studere eller få jobb er dei heilt avhengig av å underkaste seg ein mann for å overleve. Men ettersom det ålmenne patriarkatet generelt er blitt svekka dei siste femti åra treng ikkje kvinner på same måte menn som før (alle treng sjøvsagt nokon, og mange er jo hetrofile, men du forstår). Ikkje økonomisk, ikkje seksuelt, ikkje reproduktivt.
Når mange menn ikkje lengre er overmektige kvinner i form av tilgang på pengar, nettverk og kunnskap (mange er framleis det, men på langt nær så mange og i så stor grad som før) står det likevel ein ting igjen som dei kan nytte til å få kvinner til å underkue kvinner: Sin styrke og sin seksualitet. Taylor, kastraksjonsmannen, snakkar om nett dette: Ein tradisjonell aspekt ved det å vere ein mann er å ha kontroll over familien. Har ein ikkje kontroll får ein nytte det ein har av ressursar til å gjenerobre denne. Fysisk og psykisk mishandling, vald og valdtekt er mellom dei midlane ein har til å skremme og halde kvinner under kontroll.
Eit overgrep handlar om makt. Det handlar om å øydelegge nokon sin seksualitet, sjølvtillit og sjølvstende. Om å gjere folk redde, skamfulle, stille.
Derfor er det så spesielt når Amos synger Me and a gun. Når ho vel å dele ein song om ein sjølvoppleven valdtekt med heile verda nektar ho å vere eit offer. Som i desse strofene der ho deler sine tankar under eller etter hendinga:
It’s kind of funny things you think
at times like these
Like I haven’t seen Barbados
So I must get out of this
Dessutan nektar Amos å skamme seg. Ho nektar å ta på seg skulda. Joda, ho gjekk med ei lita raud kjole, syng ho, men det tyder faktisk ikkje at kven som helst kan ta seg til rette!
Terror handlar om å skremme. Men ved å synge om terroren, vegen ut og livet vidare synar Amos at ho ikkje let seg kue. Ho er ikkje redd, ho er ikkje skamfull, ho har kome vidare.
Kan vi transcendere?
Tori Amos syng songen Winter til faren. Om å bli vaksen; sin eigen person.
Amos voks opp med ein prest til far. I ein patriarkalsk kultur er forholdet til far kanskje ikkje til å kome bort i frå. At det for Amos har vore viktig er denne songen eit av mange prov på.
Det er lett å sjå føre seg mange potensielle konfliktar i forholdet mellom Amos og faren. Nokre i kraft av personane dei er, og andre i kraft av at dei er nett far og dotter. Songen her syner nett dette, dilemmaet som kan oppstå for ein son eller ei dotter: Mellom å ville vere seg sjølv og sin fars barn, ein han kan vere stolt av. Og kva som skjer når bilete av barnet åt faren kolliderer med den vaksne dottera.
Og nett her ligg det sorgfulle i songen sånn eg ser det. Ei vaksen Amos (songaren) opplev det faren i songen formildar til den unge Amos: Ting vil forandre seg. Faren veit at dottera ikkje alltid vil føle den same ukompliserte, alt-utslettande kjærleiken til han, og at ho vil kome til å måtte velje mellom å vere hans dotter, og sin eigen person. Å bli sin eigen person handlar for ei jente nett om å bli ei kvinne; for Amos verkar dette å handle om gongen frå eit tilvere fylt av platonsk kjærleik til faren til eit tilvere fylt av vaknande, herlig og komplisert seksualitet (mot all the white horses?) og motstridande identitetar; ønske om å både vere fars jente og vaksen kvinne. Eit ønske som kanskje lar seg sameine. For så lenge barnet er lite har det ikkje eit gjensidig forhold til faren, det er avhengig av hans hjelp og av å bli skjerma frå dei farlegare sidene frå verda. Som vaksen må dei bli kjende med kvarande på nytt. Eg ser føre meg at det er nett det som skjer i siste verset av songen i det den vaksne Amos møtar faren, i det han er blitt gamal håret er grått, det flammar i peisen/så mange draumar på peishylla. I møte med alderdomen og eit levd livd er det berre ein ting faren ønsker av Amos, i det han seier eg ville berre at du skulle vere stolt av meg. Treffende nok svarar Amos, det skulle eg alltid ønske sjølv.
Sånn eg forstår det kan slutten på songen tolkast på to forskjelleg vis, ein som happy ending, og ein som tragic ending.
you say i wanted you to be proud of me
i allways wanted that myself
For kva er det eigentleg Amos svarar til faren? Han seier at han ville ho skulle vere stolt av han. Ho seier at ho alltid ønska det sjølv. Tragic ending tilseier at ho her seier at ho òg alltid skulle ønske ho kunne vere stolt av han. Men ho er det ikkje. Dermed konkluderer songen med den vonde opplevinga av å gå frå å vere ei stolt dotter til ei ikkje stolt kvinne. Tragic ending. På den andre sida kan ein fortolke Amos’ svar som eit bekreftande nikk, det var det eg òg ville, og dette forstått som at ho òg alltid ville at han skulle vere stolt av ho. På denne måten kan ein forstå endinga som happy, av di songen endar med at dei ti gjenkjennar kvarandre som gjensidige subjekt i eit meir likestilt forhold der dei i lik grad ønsker respekt og akt frå den andre; dei har transcendert forholdet far/dotter og kome ut som to menneske. Kanskje går det an?


Desse har synsa: