Stikkordarkiv | Nora Simonhjell

Chopin, skjeletter og Sæterbakken

- Ti notat om kropp.
Publisert i Litteraturtidsskriftet Lasso

(1)
Eg veit ikkje kvifor eg ser for meg daude, utsvoltne kroppar når eg høyrer på Chopin, men det gjer eg. Ser føre meg massegraver, eg ser føre meg gjenferd på høglys dag i alt for store frakkar, med innhola kinn og skrikande augo. Sannsynlegvis har det med filmen «Pianisten» å gjere, der Adrian Brody spelar ein jødisk, Chopin-frelst pianist i eit krigsherja Warsava. Når eg høyrer på Chopin sine øvingar fleire år etter i eit middagsselskap blir eg plutseleg og overraskande innvadert av desse kroppane, desse kroppane i skinn og bein som ligg spreidd utover i ei massegrav. Kombinasjonen av middag med dessert, kaffi avec og kaker og denne musikken, slår som bølgjer av kvalme inn over meg, og eg spring ut på toalettet. Eg klarar ikkje å spy, men blir sittande på golvet med sement i magen og høyre på lovprisingane som følgjer etter avspillinga.

(2)
Same år spelar Adrian Brody i Tori Amos sin musikkvideo, «A Sort of Fairytale». I videoen vitnar vi det først møte mellom to personar, spelt av Brody og Amos. I staden for vanlege menneskelege kroppar framstår dei som ei blanding av eit dadaistisk maleri og karakterar frå dataspelet «Spore»: Amos er eit hovud på ein stilettkledd kvinnelegg, Brody eit hovud på ein klokkekledd mannearm. Dei møter kvarandre på eit fortau, og ramlar rundt i ein by der alle andre innehar sine vanlege kroppar. I tillegg til å vere ein hovud-foting har karakteren til Amos ein ekstra storetå der lilletåen skulle ha vore. Då handicapet vert avslørt frå skamma ho til å flykte avgarde på rullebrettet til ein blond kjekkas. Videoen avsluttast med at Amos fell på stranda etter å ha stått gråtande og stirra utover havet. Medan ho ligg i bølgjene finn Brody henne. Han reiser henne opp, og i det dei kyssar byrjar kroppane deira å forandre seg: Det som først kan verke som å vere ein absurd stor ereksjon vaksande fram frå armen til Brody syner seg å vere ein fot. Før du veit ordet av det står dei nakne
framfor kvarandre med fullstendige kroppar, medan dei omfamnar kvarandre i solnedgangen. Dei no utvaksne, nakne kroppane gjer meg litt uvel. Dei er så mykje meir nakne no. Så mykje nærare. Så mykje meir som meg.

(3)
Av ein eller annan grunn ser eg føre meg Nora Simonhjell sjå denne videoen, eg ser føre meg ho sitje framfor ein pc på eit kjøken framfor eit vindauge, ikkje heilt ulikt mitt eige, og eg ser føre meg at eg ser ho utanfrå, eg ser andlet hennar omkransa av det fine lyse håret medan ho studerer bileta som flakkar over pc-skjermen og utover rommet rundt henne. Ettersom eg står på utsida kan eg berre sjå baksida av pc-skjermen hennar, men eg er sikker på at det er nett denne videoen ho ser på, kanskje medan ho finles teksten til songen. Kanskje skal ho skrive eit essay, ho ser i alle høve ut som ho tenkjer: Med jamne mellomrom myser ho mot skjermen, og av og til hender det at ho tek augo mot vindauge og stirar tomt ut i mørkret. Etter ei stund ser eg ho rulle bort frå pulten og mot kjøkenbenken, der ho skjenkar seg sjølv ein kaffi-kopp. Eg tek meg i å lure på om ho faktisk sit i rullestol.

(4)
Simonhjell har skrive doktorgradsoppgåva si om Lars Ramslie og Stig Sæterbakken, og romanane deira Biopsi og siamesisk. Når ho les desse romanane tek ho utgangspunkt i ei teoretisk retning kalla «disability studies», ei retning som spring ut av feministisk og ikkje minst skeiv teori. På tverrfagleg vis fokuserer ein på den funksjons-nedsette kroppen, førestillinga og framsyninga av denne i kulturen. Samstundes prøvar ein å seie noko om universelt om menneskekroppen og plassen denne har i verda. I begge romanane Simonhjell ser på er kroppane i fokus, i form av dei aldrande kroppane til ekteparet i siamesisk og den sjuke og funksjonshemma kroppen til faren i Biopsi. Eit av dei mest sentrale temaa i oppgåva er forholdet mellom kroppen og identitet. Korleis pregar det å ha ein aldrande eller sjuk kropp sjølvforståinga og måten ein blir møtt av andre menneske? For ikkje å seie ein funksjonsnedsetting, eller ein kropp prega av rusmisbruk?

(5)
Eller snudd heilt på hovudet: Korleis pregar identiteten din, verdiane dine eller interessa di måten andre oppfattar kroppen din på? Eg plar sjeldan å sjå føre meg forfattarar eller teoretikarar i rullestol eller med anna funksjonsnedsetting. Kvifor skulle eg gå ut i frå at Simonhjell sjølv hadde ei funksjonsnedsetting, berre av di ho er interessert i å lese og skrive om det?

(6)
Sjølv om eg ikkje vanlegvis plar å fundere på om kroppane er funksjonsnedsette eller ei, er forfattarkroppar sjeldan langt borte frå tankane mine når eg les. Nokon gongar kan eg vere som besatt, det kan stå i vegen for eller på underleg vis utvide leseopplevinga. Eksempelvis var eg under store delar av tenåra forelska, eller betatt, av Pedro Carmona-Alvarez. Eg hadde lese Helter, Prinsens gate, Clown Town og La det bare bli blåmerker igjen og kvar gong framkalde lesinga denne rusliknande opplevinga av at skiljet mellom fiksjon og røynd løftast og alt liksom blandast saman. Med denne oppløysinga forsvann samstundes skilje mellom verk, forfattar og lesar: Verka blei ein del av min fantasi og på same måte blei han det, Pedro, og dei blanda seg. Framleis kan eg sjå føre meg denne lille mannen sitjande på eit loft i Bergen sentrum, ved ei pult framfor eit vindauge der han sit og skriv bøkene sine. På pulten ligg hatten, om halsen har ein eit lite skjerf og om eg lenar meg inntil han kan eg kjenne skjeggstubbane hans rispe mot mitt eige kinn.

(7)
Forfattaren er altså for meg særs levande, eller kanskje meir presist, forfattarfiksjonen, denne forteljinga om forfattaren som spontandiktast i hovudet, som eg ofte ikkje kjem utanom å konstruere, om som på forskjellege vis er med på å legge rammer for korleis eg les verk. Denne diktinga er sjølvsagt likevel ikkje heilt fri, rammene for ho er lagt i røynda og med informasjonen eg hev tilgjenge på, antan det er snakk om ei kjentmann eller berre eit namn på bokryggen. Pedro er tildømes ein person eg har sett mange gongar: Eg veit korleis han ser ut, eg har sett han omkring i Bergen på kafear og kjenner nokon som kjennar, og dermed er grunnlaget for forfattarfantasien djupt og mangesidig. Ein forfattar som berre er eit namn på ei bokrygg treng likevel ikkje, trass i at eg har mindre informasjon om han eller henne, å i mindre grad bli offer for spekulasjonar og spontanfiksjonar frå mi side. Snarare tvert i mot. Eit kvinne eller mannenamn, nasjonalitetsavtrykk i dette, tittel og grafisk utforminga på boka, baksidetekst, eventuell reklame og plassering i butikk eller bibliotek har alle sitt og seie for forfattar-fiksjonane som blir laga. Og det gjerne før eg i det heile har lese ei bokmelding, eit intervju eller hørt ein ven eller kjent seie eit ord om korkje bok eller forfattar. Spørsmålet om kven som har skrive boka er heile tida med på å prege boka eg les.

(8)
Eit godt døme på korleis informasjon om ein forfattar kan prega både lesinga av verk og danninga av forfattar-fiksjonane kan vere den amerikanske forfattaren Nella Larsen. Ho voks opp som den einaste mørke personen ein kvit, dansk-amerikansk familie. Det som i alle høve såg ut som ein kvit, dansk familie: Faren til Larsen kom Jamaica, og både han, ho òg systera hennar var blanda. Likevel skilte Nella seg ut frå dei andre av di ho, i motsetnad til dei, ikkje kunne passere som kvit. I boka hennar Passing treff vi tre kvinner som alle er svarte som kan passere for kvite, og i forskjelleg grad gjer det. Der Irene har valt å gifte seg svart og halde på banda med det svarte miljøet, har Clare og hennar venninne Gertrude gifta seg inn i kvite familar. I ei scene i boka snakkar om redsla for å få eit mørkt barn. Det ville bryte illusjonen om at dei sjølv var kvite, det ville øydelegge identiteten dei har kjempa for og gjere det umoglege å passere som kvit. Når eg les dette kan eg ikkje anna enn å tenkje på Larsen sjølv, eller rettare sagt på ho som eit lite barn, vesle Nella, som utan å kunne gjere noko for det kom til verda som det foreldra frykta mest. Eit uønska svart barn som øydelegg den kvite idyllen. Om det verkeleg var sånn det var veit eg jo inkje om, men sånn er det i alle høve hos meg. Eg ser dei store svarte auga hennar og eg tenkjer ikkje er det rart om ho fann eigen kropp, farge og rase som eit kompleks og utfordrande del av livet sitt.

(9)
Kroppane tyder noko. Eg klarar ikkje lengre å høyre på Chopin på same måte no som før eg såg Pianisten, Adrian Brody og Tori Amos blir heilt annleis i det dei går frå å vere hovud på ein arm og ein legg til å vere heile, fullstendige menneske. Inne i hovudet mitt har eg sett fleire forfattarar halvnakne. Eg likar å tru at eg er betre no enn då eg var tretten, fjorten, femten, men eg tykkjer framleis Stig Sæterbakken er ein vakrare mann enn bøkene han skriv og når eg les Ikke forlat meg kjem eg ikkje unna at det er han eg ser, at det er stemmen hans eg høyrer, denne mørke stemmen djupe stemmen som springer ut frå den skjeggkledde sterke halsen. Når han går gjennom byn for å spionere på kjærasten som han er sikker på er utru, som han ser føre seg kle seg naken og elske med ein annan mann, når eg les dette ser eg andletet hans som litt for ofte legg seg i triste faldar men som likevel ikkje gjer han mindre vakkr.

(10)
Og teksta og kroppen kan gå opp i eitt, for Stig er ikkje menneske Stig men kombinasjonen av romanane han har skrive og essaya han har skrive, det skjegget andletet og den mørke dressen eg har sett han så mange gongar i: Han er kjærleiken for det makabre, eit forsvar for skilsmissa, Edgar Allen Poe, og det blandar seg, som Tori Amos ikkje berre kan vere stemmen eller teksta men og staden der desse stemmen og desse tekstene kjem frå, livet og kroppen, det flagrande raude håret. Og du, du er ein kropp som les desse notata, på same måte som eg er ein som skriv dei. Etterkvart som dei svarte bokstavane når augo dine og reiser som signal til hjernen er det som om vi møtast, mine fingre som skriv, sveipande over tastaturet, dine auge som les mi skrift, som mine auge, som les det hendene mine etterlet seg. Så sit vi her, ser på det same. Er auge som ser, hjernen som les. Så er vi saman. I skrift.

Biopsi – Litteratur som medisin

Denne teksta er eksamensoppgåva mi frå heimeeksamen i faget lit2360 – Litteratur og anatomi

I boka Biopsi (1997), debuten til Lars Ramslie, følgjer vi ein son i hans rekonstruksjon av historia til far hans og hasn. Boka kan kanskje best karakteriserast som ein punktroman, der vi får historia fortalt gjennom ei rekke lyriske kortprosatekster. I forteljinga om faren nyttar sonen ei rekke fragment, bilete, avisutklipp, obduksjonsrapport, arr og barndomsminne, og lar fiksjonen spinne ut i frå og i spennet mellom disse fragmenta. Det handlar om sjukdomen til faren, og det handlar om såra til sonen. Eg vil i lesinga mi argumentere for at boka spring ut av sonen si trong til å forsone seg med faren og heile seg sjølv. For å heile seg sjølv må forteljaren heile historia. På den måten ønskjer eg å vise korleis boka syner at litteraturen kan verke som medisin.

Med kroppen i sentrum
Kroppen står sterk i fokus i Biopsi. Faren i boka byrjar som boksar i avisene, «1,82 høy, 91 kg i matchvekt» (s, 10) og endar i obduksjonsrapporten opp som eit 91 cm langt lik, «en middelaldrende mann i middels form med begge bena amputert» (s,149). Gjennom ein spesiell sjukdomshistorie syner dermed Biopsi kor viktig kroppen er for våre relasjonar med omverda, og kor stor verknad kroppslege endringar får for desse. Særleg synleg blir kanskje desse endringane i forholdet mellom far og son, der faren går frå å vere helt i sentrum til å vere ein narkoman i periferien av samfunnet.

Det er nett desse endringane som fascinerer Simonhjell når ho i avhandlinga si ser på Biopsi. Ho nyttar disability studies som teoretisk rammeverk. I lesinga si fokuserer ho på den merkte kroppen: Tematiseringa av frivillige og ufrivillige kroppsmerke, og dei momentane og gradvise endringar av lekamen (Simonhjell 2009, 17). Denne lesinga kan ho gjere av di ho ser kroppen «både som ein biologisk storleik og sosial konstruksjon» (s,18). Det er av di kroppen har begge disse sidene at kroppslege endringar får konsekvensar for våre relasjonar og vår plass i samfunnet. Trass i at sjukehistoria i Biopsi er relativt spesiell, vil eg argumentere for at ho likevel syner noko generelt om korleis menneskekroppen set rammene for menneskelivet, for vår tilveret i verda. På meisterleg vis syner boka korleis kroppslege endringar påverkar forholdet mellom menneske generelt, far og son spesielt. Alle er vi fødd til jorda med eit foreldrepar, og dei fleste av oss vil oppleve korleis kroppslege endringar som aldring eller sjukdom vil forandre relasjonen vi har til dei som skapte oss. Å akseptere og forsone seg med dei kroppslege endringane som aldring og sjukdom utgjer i menneskelivet synast å stå tematisk heilt i sentrum av romanen.

Sjølv om eg er svært sympatisk til Simonhjell sitt prosjekt, og disability studies som teoretisk retning, tenkjer eg sjølv å lese romanen ut i frå eit medisinsk perspektiv. Dette vil eg gjere i lys av dei teoretiske retningane humanistisk medisin og narrative medicine. Innan desse ser ein på banda mellom medisin og humaniora, gjerne med litteratur som utgangspunkt. Biopsi er ekstremt veleigna å sjå på i lys av desse retningane. Som roman hentar han frå den medisinske felt på nesten alle plan: Språk, innhald og poetikk .

Biopsi – ein gjennomsyra medisinsk roman
Når eg no over dei følgjande sidene skal gjere ei lesing av Biopsi ønskjer å sjå på boka i lys av traumatologi. Ordet traumatologi, som er sette saman av ordet trauma og logos, skade og lærdom, tyder i det medisinske språket læra om, og praksisen av, traumehandsaming. Traumatologi tek føre seg lære om handsaming av skaden frå ambulansepersonell eller legevakt til subjektet vonleg er heila og rehabilitert. I Biopsi finn vi to døme på medisinske traume og relativt mislukka rehabilitering, bilulukka og amputasjonen. Med denne lesinga er det faren, krøplingen, som blir hovudpersonen i boka.

Traumatologi som omgrep nyttast i medisinen konkret om fysiske skader, men eg vil likevel argumentere for at omgrepet kan vere nyttig å bruke i lesinga av boka òg i ei meir metaforisk tyding. I daglegspråket, samt i det psykologiske og psykiatriske fagspråket, er traume ofte forstått som ein dramatisk hending. Traumatologi kan ein då velje å forstå i ein meir utvida forstand som lære om heilingsprosessar, psykiske så vel som fysiske.

Sist men ikkje minst kan ein sjå traumatologi som ein litterær metode, som ein prosess for å ta attende historia. I boka The Shaking Woman. Or a History of My Nerves skriv forfattar Siri Hustvedt med utgangspunkt i eiga røynsle og medisinsk forsking om forholdet mellom kropp, sinn og språk. Ho syner korleis enkelte minne, traumeminne, hugsast på ein annan måte enn dei vanlege minna: Det kjem gjerne igjen, som notid. Traumeminne motset seg logikken og temporaliteten vanlege minne er strukturert rundt (Hustvedt 2010, 43). Derfor må desse vinnast att; traumeminnet må rehabiliterast. Eg trur det kan vere fruktbart å sjå nett Biopsi som ein prosess for å vinne att logikken og temporaliteten som kjenneteiknar forteljinga. Har ein dette perspektivet trer sonen tydlegare fram som hovudperson. I dette verket er det han som fortel, det er han som har samla saman og teke vare på alle dei fragment faren etterlet, for å kunne gjere det til ei historie. Han er samlaren.

Når eg no har føreslått å ta utgangspunkt i eit medisinsk omgrep i lesinga av boka meiner eg å kunne rettferdiggjere dette med at boka allereie i stor grad legg opp til denne lesinga. For boka Biopsi er ei bok gjennomsyra av medisin på så mange plan. Innhaldsmessig tek boka føre seg ein sjukdomshistorie, tildels gjennomsyra av det medisinske språket. Men i tillegg, og kanskje viktigare for mi lesing, er sjølve forteljinga strukturert og fortalt utifrå ein medisinsk metode, biopsi.

Biopsi som poetikk
Når debutromanen til Lars Ramslie har fått namnet Biopsi er det lett å forstå namnet ikkje berre som speglinga av innhaldet, men som den litterære metode boka er skrive ut i frå. Ordet biopsi kjem som så mange andre medisinske omgrep frå gresk, frå orda bio og opsia, og tyder «å sjå liv». Biopsi er i dag ein sentral del av diagnoseringa av ei rekke sjukdomar, mellom anna forskjellege typar kreft. Ein hentar ut vev frå kroppen, med litt forskjellege teknikk avhengig av kvar ein hentar vevet frå, for å analysere dette. Vevet som blir henta ut vert analysert av ein patolog, og vanlegvis vert det gjort ein histologisk undersøkjing, der vevsprøva vert snitta i tynne snitt (under fem millimeter) og undersøkt (Uthman, 1995). Ut i frå desse snitta er det altså ein kan finne, fastslå og diagnostisere sjukdom.

Det er lett å sjå likskapane mellom biopsi som medisinsk verktøy og biopsi som poetikk i romanen Biopsi. Romanen er bygd opp av ei rekke korte, ofte fragmentariske, prosatekster. Som når ein søkjer i vevsprøvar etter svara om sjukdom søkjer forteljaren snitt frå sjukdomshistoria for å forstå. I begge tilfella er det snakk om ein diagnostisk prosess, der kunnskapen om sjukdomen er naudsynt for å forstå hendingane, er naudsynt for å bli forsona og heil. På den måten kombinerast det teknisk-medisinske med det menneskelege og eksistensielle, og biopsien blir ein metode ikkje berre for å sjå på sjukdomen, men for å gjere nett det ordet i si greske tyding tyder, å sjå på livet.

Undertitlane i boka, «Anatomien», «Leo Buergers syndrom», «Sanksjonen», «Utrenskning», underbyggjer i stor grad denne lesinga av verket. Der dei to første undertitlane kunne vere henta direkte ut i frå ein medisinske ordbok, verkar dei to siste i større grad å vere refleksjonar og reaksjonar på medisinsk og eksistensielt utfordrande situasjonar.

Dei fire delane strukturerer forteljinga omkring dei to hovudpersonane, far og son. Del ein, «Anatomien» er etableringa av forteljinga, medan sjukdomen, først i kraft av Buergers sjukdom, sidan i form av stoffmisbruket, utspeler seg i dei to påfølgjande delane «Leo Buergers syndrom» og «Sanksjonen». Sistedelen, «Utrenskning, sirklar rundt overdosen til faren.

Allereie første setning syner forteljaren for oss, inkluderer oss i det narrative forsøket på å gripe, diagnostisere, forstå: «La oss si at dette er byen du bor i. At dette er gatene du gikk i» (Ramslie 1997: 9). Vi som lesarar blir invitert inn i ein hypotese, inn i ein fiksjon. Dei to neste tekstene i samlinga bidreg på like presist vis å etablere kva dette skal handle om, fragment og rekonstruksjon: «Navnetrekk. Fingeravtrykk. Personnummer. Et svar i munnen. Pass. En hastig profil i et utstillingsvindu» (s, 10), og

Passe-partoutene fordelt utover soveromsveggene. Utdrag fra tidsrommet august 66 til april 77. Ved å forrandre rekkefølgene i sort-hvittbildene, nesten brunlige nå, kan man manipulere inntrykket av utfallet, men slik bildene henger nå kan man si det er mest korrekt (s, 11)

Dei to hovudpersonane i romanen introduserast her samstundes: Faren, mysteriet, den gryande boksartalentet som får karieren stoppa av ei biluklukke og blir krøplingen. Sonen og forteljaren, som prøvar å skape historie ut av fragmenta han har samla.

Biopsi – eit krøplingportrett
Blikket på sjukdomen er uhyre sentralt. I romanen vekslar det mellom det ekstremt nære og groteske og det distanserte og sterile blikket ettersom sonen zoomar inn og ut av fragmenta, antan det er Buergers sjukdom, rusmisbruket6 eller den daude kroppen som skildrast. Bahktins definisjon av det groteske passar som hand i hanske til dette verket. Kroppen til faren er definitivt «[...]a body in the act of becoming», som i følgje Bahktin er nett det som kjenneteiknar den groteske kroppen (Bakhtin 2005, 92). Boka delar med hans karakteristikk av det groteske, i tillegg til amputasjonane, framsyninga av og fokuset op kroppslege prosessar og produkt, som eting, sveitte, spying, blod (s, 93). I lesinga av boka skal vi sjå korleis dei nærgåande skildringane av Buergers syndrom, rusmisbruk og deira kroppslege konsekvensar heile tida balanserer mellom vektlegginga av desse groteske aspekta og det klinisk-medisinske.

I del to «Leo Buerges syndrom» kjem dei første av mange sjukdomsskildringar. Presist namngjeve følgjer delen framveksten av Leo Buerges syndrom (òg kalla Buergers sjukdom/Thromboangiitis obliterans). Sjukdomen fører til obliterasjon, ar årene i ekstremitetane lukkar seg, som igjen fører til at musklane mist oksygentilførsel og døyr (Arnesen: 2009). Pappaen i Biopsi er angripen i beina, og delen skildrar vegen frå sjølvamputasjon av eine tåa med saks på hybel (s, 39) til den profesjonelle amputasjonen av begge bein på sjukehus (s, 45). Som elles i boka vekslar språket i skildringane av desse amputasjonsrøynslene mellom det groteske og det sterile. Denne kontrasten teiknast svært tydeleg fram i teksta. Det vekslar stadig mellom det overtydeleg ekle og nærast komiske, og det medisin-tekniske og kalde: «Tåa hviler endelig i håndskåla, svartgrønn [...] en slags liten livsforlatt trist medalje du legger i et pennekrus og siden viser til oss hver gang vi spør» (s 39) og «Kanylen lirkes inn mellom ryggplatene, når ryggmargen. De legger deg ned, setter opp et skjermbrett mellom hodet og resten av kroppen [...] Fester elektroder til brystet, maskinen leser hjerterytmen, slipper ut små elektroniske klemt» (s 45).

Den same vekslinga i forteljarblikket finn vi òg i skildringa av rusmisbruket i dei to siste delane, «Sanksjonen» og «Utrenskningen». Frå ei nærast farmasøytisk skildring av amfetaminssniffing, «Amfetaminpreparatet, svært basisk, du sniffer i deg, drar inn over slimhinnene i nesehulen. Krystallene som legger seg over den bløte ganen» (s, 86) til den brutale skildringa av injeksjonane til garva heroinistar: «[...] underarmene oppstukne hovne, oppsvulmede, sårene som ikke rekker å gro, nålene poker rundt men finner ikkje venene, lirker. Lirker hardt i arrvevet. Nålene kan faktisk knekke i forsøket på å finne venen» (s, 94). Ordet «lirker», som her verkar så valdeleg og grådig, er det same som blei nytta i skildringa av sjukehus-amputasjonen, der ««Kanylen lirkes inn mellom ryggplatene» (s, 45) på mest varsame og omsorgsfulle vis. Sjølv om dei to blikka kontrastere kvarandre, er det aldri langt mellom dei.

Dette inntrykket forsterkast i siste delen, «Utrenskning». For då er det som om dei to blikka fusjonerast. I møte med den døde kroppen til faren er det som om vekslinga, som er blitt eit så vant grep boka igjennom, går av skaftet. Det er som om forteljaren mister kontrollen: Det nære og det fjerne blikket blir blanda saman når sonen ser

Sluggerneven som gjorde deg til mester på 8 sekunder, fikk deg trykt sportsartikler, kampreferater, årskrøniker, flatknoka, allerede marmorert av dødsprosessen, tattovert med tre prikker fra kapp det gode håp svøpt i avføring og oppkast (s, 143)

Det er her, i kontrasten mellom det groteskt nære og det sterilisert fjerne blikket at den sjuke og daude kroppen kjem så gruvekkande tydeleg fram.

Litteratur for forsoning
Biopsi er likevel ein roman om meir enn traume og sjukdom. Sjølv om den sjuke og daude kroppen i stor grad dominerer som motiv i romanen, er Biopsi like mykje ein roman som tematiserer kampen for å forsone seg med dei endringane livet fører med seg. Like så mykje som å vere ei historie om ein sjuk far er det ei historie om sonen sin kamp for å forsone seg med sin sjuke far. Dei to siste undertitlane «Sanksjonen» og «Utrenskning» forsterkar dette inntrykket. Med «Sanksjonen» kan vi forstå like mykje faren sin sanksjon mot livet (misbruk og sjølvskade mot eigen kropp) som sonen sine sanksjonar mot livsstilen til faren når han for ein stund nekte å treffe han (s, 106-107). På same vis kan vi forstå siste delen, «Utrenskning», både som den endelege utreinskinga av smerte for faren, men samstundes òg som den endeleg forsoninga for sonen, ei utreinsking av sinne, smerte og bitterheit. For når sonen skal oppsummere kjennskapen til faren på slutten, er det med disse orda «Er ikke lei meg lenger. Er glad for jeg kjente ham» (s, 156).

To menn, ein far og ein son. Ein krøpling og ein samlar. Begge er utset for traume, fysiske og psykiske. Begge traumehistoriene spring gjennom boka, og spørsmålet om rehabilitering er mogleg blir ståande til siste slutt. Når rehabiliteringa feilar står berre forsoninga att. Forsoninga med menneskelivet, og med den sjukelege, sårbare kroppen som omkransar det. .

Den eine verkar å nå denne forsoninga, den andre ikkje. Når Biopsi sluttar står sonen, samlaren, igjen med ei rekke tekstbrøker etter faren, ei rekke tekstbrøker som aldri blei meir enn det, brøker. Sjølv har han klart å samle sine, klart å gjere det til ei forteljing. Han har klart rehabiliteringa: å gjere traumet til eit narrativ. Han har som han skriv «[...] endelig skjønt at han hele tiden forsøkte å lære meg noe [...] Vær så snill å ikke vær redd for å bli gammel» (s, 156). Gjennom forteljinga kjem forsoninga. Biopsi syner på den måten at sjukdom kan hjelpe oss å sjå på livet. At litteraturen kan verke som medisin.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers