Stikkordarkiv | motmelding

Musikalsk og maniert. Motmelding.

For ein stund attende blei boka mi meldt av dagbladet og Silje Stavrum. Meldinga deira kan du lese her.

Ein stunde sidan. Det er ein stund sidan mamma sendte meg ei melding på føremiddagen. Nesten to veker sidan, faktisk. Mamma er betre enn retrievertenesta til A-tekst (og det seier ein del, for ho er fantastisk), og får stort sett snusen i både det eine og det andre. Sist hadde ho funne ut at ei kronikk eg hadde skrive i tenåra var nytta som referanse for ei stortingsmelding. Og no var det altså meldinga i dagbladet. “De har anmeldt deg i dagbladet i dag”.

Det var på måndag. Måndagen hadde vore ganske kjip, og eg hadde nett sette meg ned for å ete lønsj med to venninner. “Korleis er meldinga” spurde eg. “Skikkeleg kjip dag, så om det er dårleg orkar eg ikkje lese..”. Mamma ringte og forsikra meg om at det var bra. Eg pusta letta ut. Kven var det som hadde meldt spurte eg. Silje Stavrum, svarte ho.

Silje Stavrum. Stavrum er kanskje ein av dei få meldarane eg er litt redd for. Etter at eg fekk vite at dagbladet skulle melde alle debutantbøkene, tenkte eg i mitt stille sinn, “berre eg ikkje får Silje Stavrum”. Ikkje fordi ho ikkje er flink, for det er ho, men fordi ho er uforutseieleg, og fordi ho meiner ting sterkt. Dette burde jo sjølvsagt vere gode eigenskapar i ein meldar, spesielt for dei som les meldingane og oppriktig lurar på om dette er ei god bok, om dette er ei bok dei skal kjøpe og lese, men for ein forfattar er dette litt skumle eigenskapar. Det er alltid vanskeleg å vite kva ho vil synest om bøker. Ho er litt som ein katt, på eit vis. Ho er vill, ho er høgt og lågt og trass i at ho tek nokre sjansar og av og til synast som ho har gått for langt og fell frå høgda, så landar ho tilsynelatande alltid på beina. Ein kan ikkje ta ho på noko, for ho skriv ikkje dårlege meldingar.

Desto skumlare er det å bli meldt av ho.

Men det var ikkje berre det med meldaren som er kunne vere eit uromoment. Dagbladet er jo ei av dei avisene flest av dei eg kjenner les, og særskilt nettversjonen deira. Det som kjem på vevsidene til Dagbladet.no, det les mange. Og det er unekteleg rart å sjå seg sjølv, der, på ei av dei sidene du dagleg er innom, uansett kor mange sex-, mote- og lågkarbosaker dei presterer å publisere. Er ein berre ørlite forfengeleg er det jo ein av dei meir keisamme plassane å bli slakta. Der, ved sidan av puppene til Kirsten Dunst eller smilet til Hexeberg.

Men eg blei jo ikkje slakta! Heller blir eg ein slags slaktar. “Maltraktert kjærlighet fra ung poet med finslipt skalpell” skriver Stavrum i det som kanskje må vere ein av dei lengste titlane eg har sett. Maltraktert kjærleik.

Vidare skriv Stavrum om Knausgård, og opningsetninga hans “For hjertet er livet enkelt”, og at den, på sett og vis, er eit premiss for mi bok. Og det er det ikkje så underleg at ho tenkjer. Eg hugsar når boka hans kom, då eg framleis heldt på med boka, og eg las setninga så tenkte eg, shit, jaja, no kjem hjartet til å vere over alt (det var jo litt naivt, ikkje sant, å skrive ei bok av hjartet og så bli overraska over at det plutseleg var over alt). Men ikkje berre skriv Knausgård om hjartet i første bok, han skriv om daudsprosessen, den heilt fysisk daudsprosessen, og han nyttar han til å skrive om livet. Livet og dauden, medisin og fysiologi. Dermed er det ikkje underleg at Stavrum tenkjer på nett den boka når ho les mi. Men korleis kan ein kome ut om ein blir samanstilt med ein av noreg mest populære prosaistar?

Ikkje så verst. Etter å ha nemnd Knausgård skriv ho om boka mi, og ho skrildrar korleis mitt “poetisk univers er utpreget musikalsk” når eg “dissekerer ord for ord, organ for organ, i en både besyngende og obduserende modus”. Nett at Stavrum fokuserer på det musikalske gjorde meg særskilt glad, fordi det er eit aspekt ved boka som ingen av dei andre meldarane har trekt fram. Når ein er så heldig å få fleire meldingar er det særskilt fint å sjå at meldarane vel å trekke fram forskjellege sider av boka. Og det musikalske, det syngjande språket, det er noko av det eg prøvar mest å få fram i dikta mine.

Er Stavrum heilt nøgd? Nei. Ho meiner ein del av referasane til røynda som er i boka verkar som stilbrot, “påklistret og maniert”. Det er interessant. Påklistra tyder jo typisk noko som kjem utanfrå, som blir limt fast. Eg tenkjer på kollasjen. Maniert, på si side, har synonyma unaturleg, tilgjort. Unaturleg og påklistra. Som noko som ikkje skulle ha vore der. Som noko som er igjen, etter noko har vorte borte. Den levande stemmen på ein telefonsvarar.

Å skrive dikt er alltid ein skjør balanse mellom det musikalske og det manierte. Å skrive dikt er jo alltid å ein annleis måte å skrive på, ein måte der andre karakterer enn tydinga er med på å velje kva ord som blir ståande på sida. Ord blir veld ut grunna dei bildene dei representerer, dei assosiasjonane som er knytt til dei eller dei lydane dei lagar. På eit eller anna vis er dikt alltid maniert. Trikset er å få det til ikkje å verke sånn.

Avsluttingsvis tippar Stavrum at ein kan vente seg meir språkarbeid frå debutanten. Eg veit ikkje om Stavrum er synsk, men rett vonar eg likevel at ho har. Ikkje berre vonar, men eg har trua òg, for eg er nemlig meir enn godt i gong med neste bok. Så får framtida syne, om ho blir mest maniert eller musikalsk.

Internettkjærleik – om omtalar vs kritikk

Har har fått to omtalar, to omtalar eg ikkje kan kalle meldingar fordi dei er skrivne av folk eg kjenner og som eg likar alt for godt til å lese det som meldingar, men som har skrive om boka mi og som har skrive sånt som gjer ein så utruleg glad.

Eg elskar internett av og til, mest fordi der er her nokre av verdas finaste folk bur her. Mellom verdas finaste folk finn ein Mette Karlsvik som kjem med bok no snart, boka Bli Björk som eg gler meg veldig til, ei bok som handlar om Island, om Björk og om familien hennar. Mette har skrive om boka mi på vevstaden magasinett.no som er eiv vevstad for ungdom på nynorsk. Ho skriv om korleis boka blei ekstra aktuell på grunn av 22. juli. Sjå til dømes her:

Fullt kaos, og likevel med ein orden i ei splintra verd. Ikkje heilt ulikt 22/7. Den absurde kjensla den dagen, bare minutt etter bombeeksplosjonen, då eg trong å kome meg frå sentrum, og oppdaga, forvirra, litt redd, men også med ei ny, stor ro, at kollektivbussen rusla og gjekk rundt og rundt Oslo. Gjennom kaoset, gjennom folkemengder, no og då køyrande opp mot fortauet for å sleppe sjukebilane forbi.

Hjarte og roser. Men først og fremst hjarte har vore symbol for den kjærleik og samling som vi dyrka rett etter 22/7. Det har vore frykt for at vi skulle gløyme, at det fellesskapet som vi bygde umiddelbart etter terrorhendingane skulle “fade” ut, som øyresus, nynninga di// den eine tonen/ som etterfølgjer/ krasjet

Bøker som dette, er bøker som tør å ta opp det som er aller mest alvorleg og vanskeleg. Sorga. Det at ting skjer, store ting som vi ikkje bare kan skuffe bort og gå i frå. Ting som vi må ta inn i liva våre, som vi må integrere i det å vere menneske, i identitetane våre, i sjølve språket.

Mette har vore med som konsulent på manuset, og nett dette skriv ho om i omtalen, om korleis ho las det før det blei eit manus eingong, som mentor på vevsida trafo.no. Det var ho som tilrådde meg å sende manuset til samlaget. Mette har vore med heile vegen, og derfor er det er spesielt fint og lese det ho har skrive om boka. Kanskje berre for meg, men kanskje for andre òg, kanskje får dei nett ved denne meldinga eit innsyn dei elles ikkje ville fått, eit innsyn inn i arbeidet frå eit brokete manus til ei ferdig bok.

Eg har òg fått fin omtale på New Narratives. NewNarratives.wordpress.com er ein norsk bokblogg på engelsk skriven av litteraturstudentar på universitetet i oslo. Karina Rose Mahan, som er ein av initiativtakarane, har skrive om boka mi der. Ikkje berre har ho skrive om han, ho har til og med omsett eit av dikta til engelsk. Å sjå seg sjølv omsett er kanskje noko av det finaste eg har opplevd. Eg stel frå bloggen:

I wanted to see the heart
without metaphors, unbounded by stories
what I found was the atrium, the room
with the furnace, and the heart became flaming, I found
atriovetricular valves and semilunar valves that waved through the bloodstream
the heart became a ship, a window

with the wind blowing
the blood singing I found
two heart sounds, one heart
that plays, that pulsates, that always beats

that can lose its rhythm, get out of
beat, lose a throb

that can burst out of sorrow
lose itself

if love fails

Dette blir altså ikkje ei ordentleg motmelding, fordi meldingane ikkje er ordentlege meldingar. Dei er meir omtalar, ord skrivne om boka av folk som kjenner meg og vil meg vel. Og det er jo nydeleg, men samstundes noko anna enn når ein meldar med meir avstand meldar boka. Kritikk treng avstand for å verkeleg kunne verke. Til desse omtalane har eg ikkje avstand, og derfor vil eg berre dele vidare, dele og takke, som kanskje er det beste ein kan gjere når ein har fått noko fint.

Omtale og kritikk, det er to forskjellege ting. Dei er begge verdifulle. Omtalane både nærar og mildnar. Men kritikken, den som tør å vere ærleg og vanskeleg, gjerne utan å vere stygg, den utfordrar og dyttar ein vidare. Like kjærkomne, om enn ikkje alltid like lette å ta imot, er dei begge to. Og viktig å halde frå kvarandre. Fordi dei tener to forskjellege formål, som begge er viktige i litteraturverda. Formidlinga og delinga av bøkene ein er glad i er det som spreier litteratur frå folk til folk. Denne entusiasmen er uvurderleg, for både lesarar og forfattarar. Men kritikken er ikkje mindre viktig, fordi han sett spørsmålsteikn ved våre vurderingar, synar fram dei maktforholda som finnest i litteraturverda og gjev oss nye og gode verktøy for å lese, reflektere over og vurdere litteratur.

Måtte dei begge blomstre side om side.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers