Stikkordarkiv | hip-hop

bell hooks om rap, kapitalisme og kolonialisme

Feminist, buddhist, kulturteoretikar, afro-amerikanar. bell hook (eller Gloria Watson, som er hennar personlege namn) snakkar om RAP, sexisme, kapitalisme, kvit herredøme. Sjekk det ut.

Keystyle: Poesien ingen visste om

Du skulle ikkje tru det gjekk an, ikkje sant, i dag, å skrive om noko ingen har skrive om før. Vel, det går an. Eller, det finnest faktisk emne som nesten ingen har skrive om, og ikkje berre emne, det finnest faktisk ein heil sjanger som nesten ingen har skrive om før. Men går det an å skrive om denne sjangeren, eller rettare sagt, går det an å lage ein masteroppgåve om ein sjanger som ingen andre har skrive om før?

Keystyle. Har du høyrd om det før? Tenkte ikkje det. Eg har aldri snakka meg nokon i litteraturmiljøet som har høyrt om sjangeren. Likevel er det ein ganske utbreidd skriveform på veven, det skrivast mange vers av mange forfattarar verda rundt. Eller keystylarar, som dei gjerne kallar seg. For keystylarar tenkjer ikkje på seg sjølv som forfattarar, ofte. I det heile har dei veldig lite med litteraturmiljøet å gjere, og kanskje er det derfor så få i litteraturmiljøet veit om dei, eller så få i det heile. Men kva er keystyle, tenkjer du kanskje, og det slår meg, eg har jo heilt gløymd å seie noko som helst forståeleg om kva det er. Så her kjem det:

Keystyle er skriftelege rapvers, som berre eksisterer som tekst, og ikkje skal rappast. Av og til i form av skriftelege freestyles eller cyphers (korte, raske nedskriblingar), andre gongar i form av episke topicals (der ein skriv ei historie eller ein poetisk tekst om eit emne) eller harde batlekeystyles (der ein skryt av seg sjølv og dissar motstandaren sin). Det er ein av dei få diktformane (for ja, dette er poesi) som skrivast i dag der bunden form er eit must. Rim- og rytmeskjema er religion for keystylarane.

Eg lærte å skrive gjennom å skrive keystyle. Mellom mine litterære heltar finnest namn som AtilG, Broken Twill, Bubba Mo og Apoplexy The Medical Warl, namn som sannsynlegvis ikkje vil tyde noko for nokon av dei som les dette. Derfor tenkte eg å syne fram eit par av dei nydeleg tinga som finnest der ute. Alle disse tekstene har eg henta frå arkivet på hip-hop.no, der fantastiske Bubba Mo har publisert det beste av norsk keystyle. Spør du meg er dette poesi som hadde fortent ein antologi. Sjekk gjerne ut arkivet sjølv her.

For at du skal skjøne kva i all verda eg pratar om tenkte eg å syne fram to av mine favorittar. Apoplexy The Medical Warl er ein av dei mest morosame og underlege luringane og her er ei av hans tekster om alteregoet pimpslapp manolito, frå april

street bounce ukulele, sporter galvanisert doorag med huet i en teflonkjele
pimpslap manolito holder det nede for alle bitches med fitte formet som en hardingfele
gatesoldat mannen, ain’t no sunshine when I’m here, svart/hvitt-estetikk
drar opp frakken film noir-steelo og slapper din hore med en plastikkpikk
fuck what I just said, disse gatene er neon with a silver lining,
sprutblinkende, jeg dreper sinkene, fuck med meg any day og du vet du har dårlig timing
slimey shit this is, performer artistisk harakiri med ghostbusters i en splittet verden
misset ferden til månen grunnet slitte sneakers og Petter Smarts metroseksuelle romsonder
greit, bitches liker den klisne spermen og lumske ånder,
men jeg vil først og fremst kveste bermen og fylle tomme bonger
ja, ok, det er det jeg vil etter jeg har fått bukt med alle mine alter egos seksuelle driv
for at this point, all my exes live in Texas, and Texas is a place where I really love to be

Så. Keystyling. Jævlig feitt, ikkje sant? Så kvifor er det ingen som veit om det?

Eit svar kan vere at keystylarane ligger i skyttergraven mellom rappar og forfattarar. Dei er utanfor både musikkmiljøet og litteraturmiljøet. Det burde det eigentleg bli slutt på. Nokon burde snarast ta sjansen på å samle saman det beste av norsk keystyle og gjere det til ei bok. For tru meg, det finnest så uendeleg masse fint der ute.

Etterkvart vonar eg å gjere min del. Får eg det som eg vil blir det gjerne nett keystyle eg skriv master om. Det er likevel ikkje heilt sikkert at det blir sånn, ettersom det er ein sjanger ingen har skrive akademisk om før blir det kanskje ikkje så lett å få korkje rettleiar eller å finne relevant teori. Keystyling som sjanger er nemlig ein kryssjanger, plassert i krysspunktet mellom munnleg og skriftleg tradisjon, mellom litteratur og musikk. Keystyling er eit underleg barn av streite foreldre, barnet som aldri har passa heilt inn. Men nett derfor er det det er så fint.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers