Likestilling? Nei takk.
Teksta under har vore publisert i Mål og Makt, tidskriftet til Studentmållaget i Oslo. Teksta er eit forsøk på å presentere forskjellsfeminisme, og Irigaray og Gilligan, for dei som ikkje har vore borti denne feministiske retninga i særleg grad.
I eit land der likskapsfeminisme har vore politikk dei siste søtti år verkar det kanskje underleg at ein kan vere både feminist og mot likestilling. Redd for det. Men sånn er det altså.
Vi er då alle nordmenn!
Det er ein svært utbreidd tanke i Noreg: Kvinner skal ha like moglegdommar og retter som mannen. I det store og det heile skal inkje skilje dei. Om ikkje like, så i alle høve likestilte. Då skulle ein kanskje tru feministar var glade som berre det. Og det er det rett nok mange som er. Men ein del feministar likar ikkje likestilling spesielt godt. Ein kan faktisk gå så langt som seie at dei fryktar det. For ein som er oppvaksen i likskaps-Noreg er det ein underleg, nesten bisarr tanke. Korleis kan ein foreine denne posisjonen med feminismen?
Spørsmålet går ned til rota av ei djup splid mellom forskjellege feministar. Spørsmålet er om
forholda mellom kjønna er kjenneteikna av likskap eller forskjell. Og kva likestilling då eigentleg tyder. For om vi skal oppnå likestilling tyder det jo på at det er noko vi ikkje allereie har. Men kven er det då som skal bli lik til kven? Er likestilling og kvinnefrigjering eigentleg motsetnadar, og er det grunn for dei som er for frigjering å frykte likestillingsfokuset?
Like, eller ulik?
Om mann og kvinne grunnleggande like eller forskjellege er eit særleg sentralt spørsmål i feministisk teori. Skal ein sortere det feministiske feltet (eller felta, som ein kan vere freista til å skrive) kan det vere greit å byrje her. Mellom dei som ser mann og kvinne som grunnleggande like (likskapsfeministar) og dei som ser dei som grunnleggande forskjellege (forskjellsfeministar). Stort sett ingen av dei nektar for at det finnest forskjellar og likskapar mellom kvinner og menn. Samstundes er det få eller ingen som vil hevde at det ikkje er store forskjellar innan dei gruppene som høvesvis «kvinner» og «menn» utgjer. Men kva er det grunnleggande, det viktigaste, det vi skal tufte politikken vår på? Forskjellen eller likskapen?
Spørsmålet er vanskeleg, om ikkje umogleg å finne eit objektivt svar på. Dei som er fan av sånt kan gjerne få åtvaringa no: Når ein skal velje kva forskjellar eller likskapar som er viktigast, mest grunnleggande, finnest det ikkje noko objektivt rett svar. For korleis skulle ein klare det? Med kva bakgrunn skulle ein velje om innovertiss og utovertiss, hormon og kromosom var viktigare forskjellsmarkørar enn personlegdom, interesser, nasjonalitet, kultur, religion eller livserfaring? Og korleis kan ein i møte med eit menneske finne ut om ein er mest like eller mest forskjellege? Korleis kan ein setje opp den brøken? Og kvar skal ein byrje? Vi har begge: Eit hovud, to armar, ti fingre. Du har ein draum om å reise jorda rundt og halde foredrag. Eg har lyst på hytte ved sjøen. (?)
Grunnen til at det er umogleg å finne eit objektivt svar er sjølvsagt at det er umogleg å i det heile finne eit deskriptivt svar. Det er lett å sjå kva forskjellar som er, men umogleg å ut frå det vurdere om dei er grunnleggande. Vurderinga om kva som er grunnleggande vil alltid bli ei normativ vurdering. Ei vurdering ein ikkje klarar å ta utan eigeninteresse, utan å ta inn over seg dei sosiale eller politiske implikasjonane av det valet ein tek. Ein kan deskriptivt lett slå fast at vi er både like og forskjellege. Men med ein gong ein vil seie noko om kva dette vil tyde er ute av det deskriptive landskapet.
Ingen forskjell, ingen feminisme?
Feminisme er grunnlagt på at det finnest forskjell, for å vere presis: Forskjellshandsaming. Antan det har vore snakk om borgarrettar, utestenging frå den ålmenne sfæren eller kampen mot vald i heimen og venleikstyranniet eller for (og i nokre høve mot) prevensjon har damer gått saman med andre damer og organisert seg. Bakgrunnen for kvinnerørsla er jo nett at det kvinner har følt seg undertrykt i kraft av å vere kvinner. Om kvinner hadde levd med same fridom som menn hadde spørs det om det i det heile hadde vore naudsynt med feminisme. I verste fall kontrafaktisk historietenking i beste fall utopisk spekulering.
Ta vare på det kvinnelege, ta vare på kvinnlegdomen!
Det finnest ei tru på at alle feministar vil at kvinner skal bli menn. Ein effektiv hestekur mot denne vrangførestillinga kan vere å introdusere tankane til to av dei mest banebrytande kjønnsteoretikarane, Luce Irigaray og Carol Giligan. Desse har på forskjelleg vis fokusert på forskjell gjennom det å søke og framheve det kvinneleg. Irigaray gjennom sitt arbeid i felta for psykoanalyse, lingvistikk og filosofi. Giligan i hennar arbeide med og kritikk av tradisjonell/maskulin forståing av moral og moralsk utvikling. Begge to argumenterer for at vestleg tenking alltid har hatt det maskuline som norm og normal og at dette har ført til at ein har gått glipp av og undertrykt det kvinnelege. Som ein konsekvens av dette vel dei å forske på og framheve nett denne kvinnelegdomen, innanfor sine respektive felt.
Giligan – Har kvinner ein eigen moral?
I boka En egen stemme. Psykologisk teori og kvinners utvikling ser Gilligan på det ho oppfattar som eit underutvikla felt innan psykologien, den moralske utviklinga til kvinner. Bakgrunnen for interessa for nett denne problemstillinga finn Giligan i det faktum at kvinner generelt skårar lågare på testar som skal syne moralsk kompetanse. Spørsmålet som vert vekka i Gilligan er om det faktisk er sånn at jenter og kvinner er dårlegare moralsk utvikla enn menn (kva no dette skulle tyde) eller om det kan vere at testane av ein eller annan grunn ikkje fangar opp den moralske refleksjon åt jentene. Sagt på ein forenkla måte, er det jentene eller testane som er for dårleg?
Når Gilligan skal utforske denne problemstillinga tar ho utgangspunkt i korleis to elleveåringar, Jake og Amy, løser eit moralsk dilemma. Dilemmaet er ein del av forsking gjort på den moralske utviklinga i tenåra, utført av utviklingspsykologen Lawrence Kohlberg. I studien til Kohlberg vert dei to elleveåringane synt eit scenario, og så beden om å tenke seg fram til kva som vil vere rett å gjere i situasjonen. Det er ut i frå argumentasjonen om kva som vil vere rette handling at Kohlberg vurderer deira moralske nivå.
Modellen til Kohlberg er delt inn i seks trinn, med tre stadium: ein egosentrisk forståing av rettferd basert på individuelle trengsler (trinn 1 og 2), ei oppfatning av rettferd forankra i dei felles konvensjonane framforhandla i ein samfunnskontrakt (2 og 3) og til sist ved ein prinsipiell forståing av rettferd som kvilar på ein frittståande logikk om likskap og fellesskap (5 og 6). Når Gilligan studerer modellen til Kohlberg og argumentasjonen til dei to unge ungdomane ser ho eit klart mønster: Der den unge Jake løyser dilemmaet ved å argumentere for kva som er mest rettferdig, ei argumentasjon som passar perfekt inn i modellen til Kohlberg, har Amy ein heilt anna måte å løyse det moralske dilemmaet på. Ho fokuserer på korleis dei forskjellege måtane å løyse dilemmaet vil påverke dei sentrale relasjonane i livet til hovudpersonen i dilemmaet.
For Gilligan er dette serleg interessant: Kan ein argumentere for at det Amy synar ikkje er ein dårlegare utvikla moral, men rett og slett ein anna moralsk forståing? Ei forståing som modellen til Kohlberg, som utelukkande er sentrert rundt ein abstrakt forståing av rettferd, ikkje er i stand til å måle? For Gilligan syner dette eit problem som er utbreidd langt utanfor feltet for utviklingspsykologi: Guter og menn har vore rekna som normalen, og jenter og kvinner som avvika. Ho argumenterer at når ein skal måle den moralske utviklinga til jenter og kvinner må ein kunne sjå denne på eigne premiss. Amy står ikkje attende for Jake kva moralsk utvikling vedkjem. Ho har berre ein heilt anna forståinga av kva det vil seie å løyse eit moralsk dilemma. Ei forståing som ikkje er knytta til abstrakte lover og prinsipp men det konkrete ansvaret for mellommenneskelege forhold.
Irigaray: Eit eige språk, eige subjekt?
Der Gillian ser på korleis kvinner har vore rekna som annanrangs moralske subjekt ser Irigaray på korleis kvinner i vestleg filosofi har vore rekna som annanrangs subjekt på alle område. For Irigaray er det ikkje berre tanken om likskap generelt men likskapsfeministar spesielt som er fienden. I staden for at ein skal sjå kvinna som ein halvgod mann må ein sjå ho for det ho verkeleg er, ei fullkomen kvinne. For Irigaray er full kvinnefrigjering først mogleg i det kvinna vert gjenkjent som eit radikalt anna subjekt enn mannen, eller som ho formulerer det, som ein verkeleg annan.
Bakgrunnen for dette kravet om ein eigen subjektstatus for kvinna finnast i Irigaray si forståing av filosofi og språk. Vestleg filosofien har vore skrive av menn og for menn. Verda har vore skildra ut i frå eit mannleg perspektiv og både den menneskeleg norma og subjektet har vore mannen. Poenget til Irigaray er at det er i patriarkatet si interesse at kvinner strevar for å bli vurdert på same grunnlag som menn. Fordi dei på det grunnlaget alltid vil kome til kort. I staden for å jage etter posisjonen mannen har bør vi kjempe for vår eigen posisjon, vår eigen målestokk. Vi er forskjellege, men vi er likeverdige. Denne forskjellen er det viktig for Irigaray å kultivere, og respektere. For ho er kjønnsforskjellen ontologisk primær (ontologi tyder det som mest grunnleggane er). For Irigaray vil korleis vi aksepterer og respekterer andre forskjellar avhenge av korleis vi forhold oss denne eine. Korleis vi forhold oss til kjønnsforskjellen vert ein modell for korleis vi forhold oss til alle andre (og for Irigaray) mindre viktige forskjellar.
Men kva i all verda tyder det at kjønnsforskjellen er ontologisk primær? For Irigaray har dette sin bakrgunn i psykonalysen. Ho synar til at dei første og viktige psykologiske utviklingsstadia er radikalt forskjellege for jenter og gutar. Kjønnsforskjellen viktig i lausrivingsprosessen barnet opplev frå symbiosetilstanden med mor. Fordi vi er forskjelleg kjønna, og dermed gjenkjenner oss på forskjelleg måte med mor og far, vert desse prosessane forskjellege. Dette gjer guten og jenta forskjellege på eit nivå som er meir grunnleggande enn alle andre forskjellar, som etnisitet, religion eller seksuell legning. Forskjellane mellom gut og jente er for Irigaray knytt til korleis vi ser, opplev og organiserer verda.
Provet for dette finn Irigaray i språket. Gjennom lingvistisk forsking meiner ho å kunne syne korleis jenter og guter, kvinner og menn nyttar språket på to grunnleggande forskjellege måtar. Kort fortalt og svært forenkla har Irigaray sett på korleis kjønna på forskjelleg måte byggar opp setningar, vel forskjellege og ord og bilete. Eit av dei sentrale poenga hennar der gutar har fleire subjekt-objekt relasjonar har jentene meir av subjekt-subjekt relasjonar. På eit frykteleg forenkla og banalt nivå: der guten seier «meg og min gitar» seier jenta «du og meg saman».
Frigjering og likestilling – ny pakning, same drit?
Når forskjellsfeministar argumenterer mot likskapsfeministra er eit av argumenta at likskapsfeminisme skjer på premissane til patriarkatet: Det kvinner skal bli lik er ein normal definert av og for menn oppigjennom historia. Forskjellsfeministane vel å heller då streve etter ein eigen målestokk, som står utanfor den mannleg definerte normalen. Skal ein vere kritisk til forskjellsfeministane kan ein jo då spørje seg om ikkje den nye (eller kanskje heller andre) normalen, allereie er definert av det same patriarkatet, som nett eit avvik? Ei anna kritisk innvending mot mykje av forskjellsfeminismen handlar om essensialisme. Vil det å seie kva kvinner er, det å definere kvinnelegheit, verkeleg bidra til å frigjere kvinner? Eller vil det berre stenge dei inne i enno ei ny norm som set grenser for kven dei er og kva dei kan gjere? Kor langt er det eigentleg frå Kant si teori og kvinner som estetiske til Gilligan sin påstand om at kvinner er meir relasjonelt enn rasjonelt orientert i sine moralske vurderingar? For mange feministar blir valet mellom forskjellsfeminisme og likskapsfeminisme eit strategisk eit. Kva er sikrast? Å hevde at vi alle er like, og dermed sjølvsagt skal ha same rettar, eller å hevde forskjellane kvinner har for menn, for så å vone at det vil verke til fordelen for kvinner?
Til forskjellsfeminsmens forsvar finnest det svar på mange av dei innvendingane som kjem frå likskapsfeministar. Svaret dei vel å gje på dei forskjellege spørsmåla avheng av deira posisjon og feltet dei arbeidar innanfor. Om vi skal ta føre oss Gilligan og Irigaray vil deira svar reflektere deira posisjon og deira felt. Gilligan vil til dømes svare at det viktigaste ikkje er om den relasjonelle moralske orienteringa ho har funnet hos kvinner er kvinneleg eller ei, poenget for henne er at dette er eit perspektiv som har vore konsekvent oversett. Desse poenga vil halde fram å vere oversett så lengje ein opererar med mannen som norm for det menneskelege og ser på kvinna som eit avvik, heller enn eit alternativ. Gilligan forsvarar dermed ikkje ein ontologisk essensialisme men ein strategisk: Det er ikkje sikkert kvinner er grunnleggande annleis men det kan vere lurt å gå ut i frå det.
For Irigaray vil svaret sjølvsagt vere annleis. Ho meiner kvinner i samfunnet i dag er den gruppa som har færrast retter. Dette forklarar ho med at språket, og med språket rettsystemet, har definert eit universalt mannleg subjekt. For kvinna blir det dermed ingen retter som vernar ho som eige subjekt. Eit døme kan vere dei bestialske reglane for amerikanske kvinner som skal føde under soning: Ettersom reglene for amerikanske fangar utanfor fengselet er at til ein kvar tid skal vere lenka kring handledda, rundt midja og rundt onklane gjeld dette sjølvsagt òg for kvinner. Når dei skal føde. Som følgje av uniforme regler har fleire kvinner som har føda under fengselsopphald fått uopprettelege skadar for livet. Eit regelverk som er blindt for forskjell kan på den måten ende opp med å vere særs diskriminerande, særskilt om dette same regelverket er skrive med eit kjøn som norm. For Irigaray vil dette berre eit ganske overflatisk døme på det som er den verkelege alvorlege diskrimineringa som kvinner møter kvar dag: Det at dei er berre har eit mannleg språk og mannlege målestokkar å nytte kvar dag. At dei alltid blir målt for kort, at det aldri er rom for deira eigenart, deira positive potensiale.
Som elles i kjønnsforskinga finnest ei heller her to strekar under det rette svaret.




Desse har synsa: