Forjævleg god, forjævleg trist.

“There were two pink roses on the tray, each in a small brown jug. One was full blown and as I touched it the petals dropped. Rose elle a vécu,” I said and laughed. “Is that poem true? Have alle beautiful things sad destinies?”
Spørsmålet kjem frå Mr Rochester medan han og Antoinette sit og et frukost på verandaen i byrjinga av bryllupsreisa, når dei har reist heim til hennar mors gamle hus. Huset er eit av dei mange stadane Antoinette har vore lukkeleg. Staden er, som Antoinette, magisk og vakkar. Men som det kan skje, og gjerne skjer vonde ting på vakre stadar òg, så skal det skje vonde ting med Antoinette, vonde ting som skjer kanskje nett fordi ho er å så vakker som ho er. Er det sant, spør ho henne denne morgonen, morgonen medan han framleis er blenda av venleiken hennar og medan han framleis trur at han kan elske henne. Er det sant at alle vakre ting har triste skjebnar?
Du skulle berre visst kor trist skjebne Antoinette har. Kanskje veit du det allereie, kanskje har du lese boka (eller sett filmen) Jane Eyre og har sett korleis det går med Bertha, Rochester si første kone som tenner på huset og kastar seg i dauden frå taket. Eg hadde både lese og sett Jane Eyre og likte ho godt, før eg las Wide Sargasso Sea. Eg likar framleis Jane Eyre, men etter å ha lese Rhys si flamande vakre og brennande vonde historie om Bertha, eller Antoinette som ho eigentleg heiter, så går det ikkje an å like korkje Rochester eller Jane like godt, eller boka eller filmen. For boka er noko av det vondaste og vakraste eg har lese på lenge, og samanlikna med Wide Sargasso Sea så verkar Jane Eyre ganske bleik, livsfattig og feig. Og det er å seie ein heil del, for når ho blei skriven var ho mellom dei mest ublu bøkene som vart publisert.
Det tek på å lese så forjævlege, gode bøker. Av og til tenkjer eg at eg har alt for mykje empati, at eg sporenstreks burde finne ein måte å tappe det ut frå kroppen og selje det til høgstbydande. Eg kan legge frå meg ei bok, og så kjennest verda så jævlig, så kald, så tom og så fri frå meining at gravsteinen er mjukare, og gravskrifta meir levande.
Det er ikkje mange bøker som får meg til å kjenne det sånn. Det er berre dei jævlege, dei som både er jævleg gode og jævleg triste, det er berre dei beste, dei som på eit eller anna vis slepp meg inn i kjerne av eit menneske. Og då blir eg som Anders i Oslo 31. August. Eg ser ut på verda, ser kor daudt alt ser ut og så tenkjer eg, dette, det går faen ikkje bra.
Eg har skrive om galskap og litteratur før, om framstillinga av galskap i bøker og om det å vere litt smågal (sjå til dømes her!). Heilt frå eg var lita har eg lese som hestar et. Det er ein magi i orda, og denne magien er både vakker og farleg. For ein stund er du i ei anna verd, nokre gongar ei betre verd andre gongar ei verre verd, ei vondare verd. Og ein kan leve seg så inn, leve så inn i bøkene at på mystisk vis så smittar dei over på den verda som er utanfor.
Nett no les eg Wide Sargasso Sea om igjen og om igjen, fordi eg held på å skrive oppgåve om henne, om sanninga og det å skulle forsøke å forstå, å forstå nokon og noko som er heilt annleis enn alt du kjenner frå før. Og eg les om igjen og om igjen dei partia som gjev mest vondt, eg leiter etter dei stadane i teksta der det står, der det er mest og sterkast, og eg leiter etter vonet, sviket, kjærleiken og hatet, og eg tenkjer, når skjedde det, når skjedde det at alt von forsvann i denne historia, når skjer det, når skjer at vi sluttar å tru at dei endeleg kan sjå kvarandre, at dei kan forstå kvarandre, og at dei kan elske kvarandre? Og i denne leitinga skjer det noko, eg ser Antoinette og det som er eit liv ser meir ut som ein skjebne, og det er først når noko ser ut som ein skjebne det kan vere ein verkeleg tragedie.
Det kan ikkje gå bra, tenkjer eg. Det går ikkje bra, ingenting går bra. Men nett kvifor det ikkje går bra, eller så utruleg lite bra, er vanskeleg å forklare. Det er ein del av løyndomen, denne løyndomen som uvegerleg er planta i oss alle, denne løyndomen vi ikkje klarar å syne fram, å dele eller forklare. Løyndomen som kan sluke heile livet. Rochester veit korleis det kjem til å gå med Antoinette når han tek ho med til Engalnd.
«Very soon she’ll join all the others who know the secret and will not tell it. Or cannot. Or try and fail because they do not know enough. They can be regonized. White faces, dazed eyes, aimless gestures, high-pitched laughter.»
Når ho set fyr på huset er det ikkje for å vere ond, eller ta hemn. Det er fordi det berre er då ho kjenner seg levande. Det er fordi ho etter å ha frose så lenge endeleg kan føle seg varm.
Vågal? Om handsaminga av gale kvinner i litteraturen.
Det er galskap sa mor. Du kjem til å bli utbrent. Godt då å ha gode førebilete frå litteraturen.
Eg har alltid likt å lese. Samt å skrive. Litt for godt, har nokon sagt. Då eg var lita hadde ein del problem med akslene, i tolvårsalderen fekk eg ein masse knutar i musklane og dei blei harde og vonde. Det var som å ha stein under huda. Du tenkjer for mykje, så fysioterapeuten. Så gav ho meg ein masse øvingar der eg skulle bøye og tøye. Men eg ville heller sitje å lese eg. Så eg las, og gjorde av og til nokre halv-hjerta forsøk på å strekke meg. Om det hjelpte så mykje veit eg ikkje. Eg gjekk til fysioterapeuten eit år. Det var gøy det. Eg blei massert, pakka inn i varmelement og fekk lov til å trene med apparat, og det var det ingen andre eg kjende som fekk lov til. Men eg må ha blitt betre, for etter eit år så var eg ferdig, for den gang. For eg haldt fram med å tenke, og med å lese òg. Og jammen trur eg ikkje at eg har gjort for mykje av begge.
Eg veit riktig nok ikkje om det var lesinga som fekk mi mor til å nemne galskapen eller utbrenninga. Kanskje var det alt det andre. Alle dei tinga ein så gjerne vil gjere, utrette, som gjer at ein fyller dagane til randen, med studie, jobb, styreverv, trening, venner, ja, i tillegg til lesinga, og skrivinga, og sjølvsagt, tenkinga. Du må ta det litt med ro, sa mor. Roe litt ned. Du har jo god tid, seier ho.
Men kanskje har eg lest for mykje. Eg har tenkt på det. For når det smalt i sommar, når eg plutseleg blei sjuk var det umiddelbart etter å ha lese The Golden Notebook av Doris Lessing. Etter å ha lese boka var det som om orda berre falt daude til bakken. Dei tydde jo ingenting! Det var nett som om alle meininga frå dei var tappa, som om det einaste kvalitetane som var i gjen var dei materielle. Forskjellen mellom meiningslaus og meiningsfull var simpel; berre skilnaden i lyden eller korleis bokstavane i endingane såg ut. Og kva spelte det for rolle? Det var det vel inga meining i?
The Golden Notebook var ikkje første boka eg har lese der nokon blei gal. Eg har lese eit heilt drøss. Eg veit ikkje om det er av di eg alltid har vore litt interessert i psykologi, alltid har visst at eg sjølv kom til å bli litt koko eller av di litteraturen er full av dei; historier om kvinner som blir gal. Men eg har lese mange, og fleire av dei har vore mellom mine favorittbøker. Er det derfor det gjekk som det gjekk?
Tidleg krøkjast. Ein av mine absolutte favorittbøker då eg var lita var Det hemmelige rommet av Marianne Viermyr. Eg veit ikkje kva tid eg byrja å lese ho første gong. Men det var i alle høve først mange år etterpå eg forsto at hovudpersonen i boka, Carina, vert utsett for seksuelle overgrep av faren, og at den eventyrverda ho flyktar til er hennar eiga. Men sjølv om eg kanskje ikkje forsto til fulle dei gruelege hendingane i familielivet til Carina let eg meg til fulle fengsle av forteljinga. Og om eventyrverda til Carina berre var ei ho sjølv hadde laga, så trudde eg fullt og fast på ho. Var ho gal var eg gal, i alle høve medan eg las boka. Og kvifor ikkje? Det heile var så truverdig. Sjå berre frå byrjinga av boka:
Det var lenge siden hun oppdaget det hemmelige
rommet.
Når ting ble for vanskelig kunne hun gå dit.
Der inne nådde ikke den hivende pusten henne,
og de hårete hendene fikk ikke tak i henne.
Der inne kunne hun sitte å se på det som
foregikk utenfor.
Ingen kunne nå henne.
Hun var trygg.
(Viermyr 1988, 7)
Det hemmelige rommet er ei poetisk bok om det å dikte opp si eiga verd når noko gjer det for vanskelege å eksistere utelukkande i den vi alle tar del i. Om korleis eit barnesinn kan takle det at det blir for mykje med å lage eit trygt hemmeleg rom der ein kan flykte inne.
At det er ein del «lureri» i bøker om galskap er sikkert. I alle høve om ein legg ein tradisjonell definisjon av lureri til grunn. Når Carina i Det hemmelege rommet drep slangen Sleipe Slange og frigjer alle borna i Landet Bortenfor der treng det ikkje tyde at ho har tatt oppgjer med si eiga far. Ein ville lett kunne argumentere for at Carina «lurer» seg sjølv ved dikte opp det hemmelege rommet og fantasilandet Landet Bortenfor. At det ikkje hjelper ho i røynda. Men korleis kan ein sikkert vite det?
Litteraturen om dei gale er ikkje berre full av jenter som lurer seg sjølv. Det er òg ein del døme på jenter som blir lurt. Ei av dei er Veronika frå romanen Veronika vil dø, skriven av Paulo Coelho. Romanen handlar, som tittelen røper, om Veronika, som vil døy. Der handlinga i Det hemmelige rommet spring ut av ein kvardag som er for vond til å takle synest kvardagen for Veronika tom og tilfeldig. Når ho avgjer at ho skal døy morgonen ellevte november nitten nitti sju er det ikkje av di nokon eller noko har gjort henne vondt, nei, det er nett det at ingenting verkar å gjere noko. Ho er heilt likesæl; verda er ikkje noko som vedkjem ho lenger. Det heile kjem tydeleg fram i byrjinga av boka, som startar med sjølvmordet hennar. Etter å ha tømd fire esker med sovetablettar, tablett for tablett, kjedar ho seg, og grip etter bladet som ligg på nattbordet:
Mens hun ventet på døden, ga Veronika seg til å lese om informatikk, et emne som overhodet ikke interesserte henne. Og det var jo det hun hadde gjort hele sitt liv, alltid valgt det som var mest lettvint, det hun hadde innen rekkevidde. Som dette tidskriftet, for eksempel
(Coelho 2004, 10).
Attende til dette med lureriet. For Veronika døyr sjølvsagt ikkje. Då hadde det jo blitt ein frykteleg kort bok. Nei, Veronika blir funnen før det er for seint og brakt til eit sjukehus. Der blir ho utsett for ein grueleg eksistensiell leik. Ho blir fortalt at trass i at ho overlevde sjølvmordsforsøket tok hjartet hennar permanent skade, og ho har ikkje meir enn fem dagar, høgst ei veke før ho vil døy. Hadde det vore sant, hadde det jo vore greit nok. Men det er ikkje sant. Legane lyg til Veronika, og til resten av pasientane på asylet. For alt dei veit kan Veronika leve til ho blir nitti, men dei lurer ho til å tru at ho skal døy, om ei veke eller fem dagar, i von om at ho skal kurerast for likesæla og utvikle eit ønske om å leve.
At eg i dag tykkjer dette i beste fall er frykteleg spekulativt, umoralsk og eit ganske dårleg premiss for historia kan eg ikkje nekte for. Likevel gjorde boka eit enormt inntrykk på meg då eg las ho første gong i femtenårsalderen. Eg trur det var tittelen som fanga meg først. For kven vil vel døy? Veronika og hennar perspektiv på livet var unekteleg forlokkande, og forbunde med eit av dei større tabua i samfunnet; sjølvmordet. Ein sundag mor og dei var ute låste eg meg inne på badet, tappa eg badekaret full av varmt vatn og la meg til å lese. Eg las boka i eitt og stoppa berre for å tappe ut litt av det stadig kaldare badevatnet for å fylle på med nytt, varmt vatn.
At omgjevnadane har mykje å seie for leseopplevinga er sjølvsagt. Avstengt i frå verda på baderommet kunne eg setje meg inn i situasjonen til Veronika, og det ho opplevde som fråveret av band til verda. Vi var begge to heilt utanfor verda, eller heilt innanfor oss sjølv, utan evne eller vilje til å oppnå dei banda til verda som gjer ho meiningsfull. Forskjellane mellom oss to er nok mange, men i dette var vi like; i det boka sluttar var vi begge ferdige med vår periode av likesæle og med ei kjensle av at verda var vakker og meiningsfull.
Eg har tenkt på dette med omgjevnadane, og kva dei kan tyde. I sommar, rett før det gjekk gale reiste eg til Kristiansand. Eg sov heile vegen på toget, for eg hadde jobba heile dagen frå fire om morgonen, og heile ferien fram til då. I vanleg stil hadde eg gitt hundre og femti prosent i ein sommarjobb som eigentleg ikkje hadde noko som helst med det eg ville her i livet. Men skal ein gjere noko, så får ein gjere det ordentleg. Det hadde eg i alle høve tenkt. No skulle eg i alle høve ha ei frihelg, langhelg til og med, frå torsdag til sundag, der eg hadde planar om å «ta igjen det tapte», både når det gjaldt avslapping og lesing. Med meg hadde eg The Golden Notebook av Dorris Lessing, ei bok eg ein stund hadde hatt i hylla, og såvidt byrja på. Planen var å sluke ho over helga, i sørlandsparadiset til sambuaren til mor, gjerne på på brygga i sol, berre avbrote av eit bad her og der.
Det blir sjeldan sånn ein har tenkt. På Sørlandet den helga var det ti gradar og regn. Eg sat inne framfor glaset i ein ubehageleg pinnesofa og las om Anna Wulf som baksa med forskjellege fiksjonar medan ho sakte men sikkert mist meininga med tilvere. Tilfeldigvis opplevde eg det same den helga. Og som ho, og så mange andre av mine litterære heltinner blei eg òg stille. Nærmest heilt stille.
Kvifor blir vi stille? I The Golden Notebook framstår stilla ikkje først og fremst som mangelen på tale, men mangelen på tru på ord og meining. Anna Wulf har skrive ei suksessrik roman som ho framleis lev på, men det er lenge, lenge sidan. Den stadige oppfordringa om at ho må skrive, ho som har så stort talent blir etterkvart eit velkjent samtaleemne mellom Anna og andre personar i boka. Eit av dei viktige spørsmåla i boka blir rett og slett kvifor Anna har stilna.
Anna er riktignok ikkje heilt stille. Som lesar kan ein jo sjå føre seg The Golden Notebook som boka hennar. For Anna skriv, ja, ho skriv. Men ho syner ikkje det ho skriv til nokon, ho har ikkje nokre litterære pretensjonar med det ho skriv. Etter forrige roman sit ho igjen med kjensla av å ha blitt misforstått og feillesen, og dette som uungåeleg; for litteraturen er falsk og nostalgisk. Så når ho no skriv ho berre i det ho kallar dagbøker, dagbøker ho ikkje syner til nokon, så nært som ein.
Når Anna skriv i desse dagbøkene verkar hennar hovudmotivasjon å strukturere tilveret. Derfor har ho fleire forskjellege av dagbøker knytta til forskjellege delar av livet. Sånn delar Anna livet inn med nærast kirurgisk presisjon. Alt for å unngå kaoset og meiningsløysa. Å bruke språket for å sikre strukturen i tilveret er likevel ein farleg strategi for Anna, for språket er i romanen tveegga: På same tid som Anna kan nytte det til å lage meining er det òg i med språket meininga forsvinn når samanbrotet til Anna kjem.
Sånn at ho ville stirre på desse to gruppene av ord inntil det verka som orda losna frå sida og sklei bort, som losna dei seg frå si eiga meining. Likevel var det som meininga blei kvar, utan feste i orda, og då sannsynlegvis meir skremmande (sjølv om ho ikkje visste kvifor) fordi orda hadde feila i å fengsle meininga. [...] Sånn at ho blei sittande i timevis på golvet med all merksemda vendt mot utvalte fragment av skrift
(Lessing 2007, 563 mi omsetjing).
Anna som lev av og med å skrive, av å lese av å prøve å strukturere og forstå gjennom språket finn seg sjølv i ei stille, ei stille ikkje i mangel på ord, korkje på sider eller i form av tale, men ei stille av meining. Når meininga forsvinn frå orda sluttar dei å vere ord, når meininga forsvinn blir det stille.
Eg har og blitt stille. Og ørlite gal. Eg var i alle høve utbrent og depressiv. Og stille. Det underlege er at eg liknar så mykje på desse galningane eg har presentert her. Mannlege galningar liknar eg derimot lite på. Ta karakteren til Brad Pitt i 12 Monkeys. Han er gal, men ikkje stille, tvert i mot. Han er det ein kallar rablande gal og det ein gjerne ikkje udelt negativt kallar stormannsgal. Med stormannsgal meiner ein stort sett ein gal, handlekraftig og talefør mann. Så mange stormannsgale kvinner finnest det ikkje. Det er rart med det.
Men det er ikkje berre ein skrikande mangel etter stormannsgale kvinner i litteratur og film. Det finnest i tillegg svært få kvinneleg psykopatar. Medan krimsjangeren meskar seg i psykopatar er alle desse menn. Det er mogleg at fleirtalet av psykopatar er menn, men forholdstalet mellom mannlege og kvinnelege psykopatar i verda kan umogleg vere likt det i kulturen. For i filmen er det svært sjelden psykopaten er ei kvinne.
Likevel er det ikkje sånn at kvinnelege psykopatar ikkje finnest på film. Lisbeth Salander er eit døme på ein karakter som moglegvis kunne kvalifiserast til rolla som kvinneleg psykopat. Ho har tydeleg antisosial åtferd og tildels manglande empati. Likevel skil ho seg klart ut frå sine meir stormannsgale psykopat menn ved at ho manglar den karakteristiske narsismen. Dermed framstår Salander meir som eit brent barn enn ein psykopat, og som dei fleste andre gale kvinner i litteraturen er ho stille, om enn handlekraftig. Handlekrafta hennar kjem av desperasjon, og ikkje av sjølvhevding. Ho er desperat og livredd for menneske, og menn spesielt. Derfor prøvar ho å leve usett, derfor har ho lært å utslette alle spor etter seg, å snike seg rundt på nette, finne fram informasjon utan at nokon kan finne ho, og på den måten vert ho som så mange av dei andre gale kvinnene; ho er lynande intelligent, og det går meir inn gluggane enn det kjem ut munnen.
Ein kan spørje seg om kvifor det er sånn at gale kvinner blir framstilt så likt i litteraturen. Kanskje er det rett og slett av di det vi nettopp kallar stormannsgalskap ikkje vert sett på som kvinneleg. At kvinner heller ikkje blir framstilte som psykopatar er heller kanskje ikkje så underleg, all den tid manglande empati er ein føresetnad for å kome i den kategorien. Og kvinner er som kjent omsuts- og kjenslevesen. Då passar det seg dårleg å ikkje ha empati.
Eg pleidde i utgangspunktet å snakke høgt. Skikkeleg høgt. Først og fremst av di eg høyrde dårleg som born og ikkje lærde å regulere stemmen i forhold til omgjevnadane. Utestemme over alt med andre ord. Etter kvart blei det ein del av det å vere annleis, av å vere stolt. Å vere tydeleg, å snakke høgt, ikkje å skamme seg.
Når eg blei sjuk blei eg samstundes stille. Som alle desse romanheltinnene. Så klisjefylt. Så keisamt. Men eg veit det ikkje trenger å vere sånn. Tidlegare då eg budde i Moskva var eg nemlig så heldig å vere «vitne» til mange høglytte galne damer. Ei av dei utførte ein grueleg og spektakulær hending ein criminal minds episode verdig. Ho var riktig nok ikkje psykopat, men i det som må ha vore ein psykose dytta to andre kvinner framfor metroen, av di ho meinte dei var hekser.
Sjølvsagt blei det bråk. Ikkje alle kvinner er stille, sjølv om dei er galne. Det berre skrivast ikkje så mykje om dei.


Desse har synsa: