Stikkordarkiv | feminisme

Vaginafeminsime: The perfect Vagina

The perfect vagina from heather leach on Vimeo.

Vellagd britisk dokumentar om britiske kvinner som får gjort plastiske operasjonar på sine vaginaar. Her er kjønnslippereduksjonar og jomfruhinnerekonstruksjonar, alt for å tilfredstille førestillingane om den perfekte vagina. Kjønnslemlesting er tydelegvis eit meir heimleg problem enn vi likar å tru.

Kva for eit samfunn lev vi i når så mange jenter kjenner seg tvungne til å kutte av seg delar av kjønnslippene for å tilfredstille eit skjønnheitsideal? Trist og forstyrrande å sjå.

Trist fordi vi er så mykje meir enn korleis vi ser ut. Trist fordi kjønnet først og fremst skal vere til glede for oss sjølv. Forstyrrande og sjokkerande fordi jenter går gjennom så mykje smerte og fare for å tilfredstille ein estetisk standar på eit områda få vil sjå.

Jenter må tydelegvis ta fitten tilbake, i alle formar og variasjonar.

Mediefeminisme: Youtube forklarar kvifor vi treng ein feministisk medierevolusjon

Å seie at Noreg gjennom dei siste åra har gjennomgått ein feministisk revolusjon, er ikkje å ta for hardt i. Kvinner har fått stemmerett, utdanningsrett, innpass på arbeidsplassen og i alle delane av det norske demokratiet. Om vi ikkje er fullt likestilte enno, så er vi på veg til å bli det på dei fleste områda i samfunnet.

Men på eit område har lite gått framover: Media er både meir sexistisk og har større påverknadskraft enn nokon gong Vi treng ein feministisk medierevolusjon!

Sånn byrjar kanskje dagen din: du står opp, du opnar avisen eller går på veven med smarttelefonen eller ipaden din, du et frukost, og går snart ut for å kome deg på skulen eller arbeidet. På veg dertil går du forbi eit tosifra tal av reklameplakatar. Du kjem fram. I løpet av dagen sjekkar du nettavisene x-antal gongar i arbeidstida. På veg heim reiser du på ny forbi reklameplakatane, og gjerne nokre nye, fordi mange av reklamesjermane har andre plakatar på baksida enn framsida. Du kjem heim, og du slår på tv, kanskje før og kanskje etter at du har laga middag. I løpet av kvelden er det dette du held på med: Du surfar på veven, ser videoar på youtube, du ser film, du ser tv, du spelar dataspal, du høyrer på musikk, kanskje les du ei bok eller i eit blad.

Meir og meir av tida vår er gjennomsyra av medie og reklame. SSB sin tidsbrukundersøking viser at vi nytta meir tid i 2010 enn ti år tidlegare, både til å sjå på TV og til å vere på internett.

Og er det ein ting media er fylt av, så er det misogyni. Fordi media er fylt av det, er mest sansynleg kvardagen din fylt av det med.

Denne misogynien reflekterast meir enn noko anna i to ting:

1. Kvinner blir redusert til sin utsjånad, og objektivisert og
2. Kvinna får sin verdi målt mot eit umenneskeleg venleiksideal

1. For å ta det første først: Objektiviseringa av kvinner er altomfattande. Nett dette er det den amerikanske dokumentaren Miss Representation tek føre seg:

Miss representation fortel og forklarar samanhengen mellom korleis jenter vert framstilt i media, og korleis dei skapar seg ein identitet og framtid. Objektiviseringa gjer at jenter sjølv-objektiviserer, det vil seie tenkjer på seg sjølv som eit objekt for andre sin glede, nyting og skjebe, heller enn som handlane subjekt med verdi i seg sjølv. Objektiviseringa av kvinner gjer at kvinner gjev opp draumen om å bli president eller professor, ved at ho går ut over kvinna si “self efficacy”, det vil si tru på at ho kan styre eiga skjebne. Objektiviseringa av kvinner i media fører på det viset til eit mykje større demokratisk problem, fordi kvinner lærast opp til at dei ikkje skal søke makt.

Ein viktig del av objektiviseringa er fokuset på utsjånad (og seksualisert utsjånad), heller enn kva kvinner faktisk gjer. Særskilt gjer dette seg gjeldande i møte med kvinnelege politikarar. Sjå til dømes korleis dei snakkar om Hilary Clinton i videoen her:

-

2. Så til det neste: Venleiksmyten. I dette klippet snakkar Naomi Wulf om The Beauty Myth, myten om venleik som ein del av det komplekse maksineriet for å tene pengar. Og det har tydelegvis fungert utmerka. Kvinner bytter bort både pengar og makt mot å få å sleppe å føle seg stygg. Venleiksmyten har gjort underverker for å bremse den feministiske revolusjonen, og for å for å halde kvinner nede. Nyttar ein all tida si på å oppnå eit umogleg venleiksideal, blir det nemlig lite tid til likestilling igjen.

Dette skjer meir enn nokon gong i dag, då det som i reklamar framstillast som personleg skjønnheit i reklame fordrar ein heilt lag av menneske med spesialkompetanse. Ikkje at fotomanipulering er noko nytt, det er like gamalt som fotografiet, det er berre at omfanget er blitt så mykje større, både på manipuleringa av kvinnene og mengda av reklame i det offentlege rommet. I dag kan ein korkje opne ei avis, ei nettavis eller gå igjennom byen utan å sjå eit gjennommanipulert kvinnefjes.

Denne videoen frå The dove foundation syner kva som gjerne ligg bak alle dei bileta vi omgjev oss med deg dagleg. Kanskje er det ikkje så underleg at ein føler seg ufresh der ein står ved sida av reklamedama på busstoppet då.

Og det handlar ikkje om at kvinner ikkje skal vere vakre. Det er vi jo uansett. Det handlar om at kvinner skal få sin verdi og få bruke liva sine på så mykje meir enn berre å uroe seg for utsjånaden sin. I dag trur 16 av 17 normalvektige jenter at dei er tjukke. Kanskje ikkje så underleg i ei verd der reklamebyråa helst vil ha jenter som ser ut som dette:

Vil du vite meir om kvinneframstillinga i reklame? Då vil eg avslutte med å tilrå dokumentaren Killing us softly 4 av den amerikanske feministen Jean Kilbourne. Kvart tiande år har ho laga ein dokumentar om kvinneframstillinga i reklame. Denne er frå 2010 og ligg ute i to deler på youtube:

Global feminisme: Verda er verst mot jenter

Utan å påstå at vi er “ferdige” eller “likestilte” her heime: I verdas uland har du radikalt mindre sjanse for å vakse opp, lære å lese, skrive, få gå på skole, unngå fattigdom, vald og tvangsekteskap, om du er fødd som kvinne:

Sal av kvinner og barn utgjer eit stort problem på verdsbasis, og særskilt unge jenter er truga:

Organisasjonen CARE arbeidar for ei betre og meir rettferdig verd, og når dei gjer det så vel dei å arbeide direkte mot kvinner. På heimesidene gjev dei desse grunnene

  • Hvis du er født som jente i et fattig land, har du alle odds mot deg.
  • 70 % av barn uten skolegang er jenter
  • Hver sjuende jente i fattige land giftes bort før de fyller femten år
  • Hver fjerde jente i fattige land blir mamma før hun fyller 18 år
  • De fleste (3 av 5) av verdens aller fattigste er kvinner
  • Kvinner gjør 60 % av verdens arbeid, men tjener bare 10 % av inntektene
  • Menn har fem ganger så mye makt som kvinner – bare 18.4 % av parlamentarikere er kvinner

Dessutan, skriv dei, nyttar fattige kvinner 90% av inntektene sine på familien. Hjelper du kvinner, hjelper du fleire.

Treng du framleis fleire grunnar til å kalle deg feminist?

Popfeminisme: Lady Gaga, kjønnsroller og hår

I går var det 8.mars, og eg skulle eigentleg få halde appell og eg hadde vore på Blindern og prenta ut notata mine, og eg hadde teke ibux og paracet og eg hadde tenkt, dette må jo gå fint, og det kunne det jo ha gått fint, men eg hadde vore sjuk sidan laurdag og ikkje sove skikkeleg om natta og eg hadde framleis feber, og eg satt på doen på blindern og hadde mest lyst til å gråte litt, for eg hatar å måtte skulle trekke meg frå sånne ting. Men så gjorde eg det like vel, og det går jo faktisk heilt fint. Men fordi det har vore 8.mars og eg berre gøymde meg under dyna åleine i bustaden, så har eg lyst til å gjere noko anna, dagen etterpå, no når eg er litt betre, nemlig dele nokre av mine favorittvideoar som har med feminisme å gjere, og veldig mykje har jo med feminisme å gjere, og då ville eg mellom anna dele desse fire videoane, som er med Lady Gaga, ein, først, der ho blir intervvjua av lydverket og verkeleg set fokus på korleis det at ho er kvinne påverkar forståinga av henne som artist


I videoen her seier ho at ho ikkje er feminist, og forklarar det med at ho likar menn og manneting. Heilt kva feminisme er kan ein jo få inntrykk av at ho ikkje forstår, men kjønnsroller, og vår kjønna forståing av verda, den har ho meir greie på enn folk flest. Og kanskje blei ho feminist etter dette intervjuet, for noko seinare så la ho ut denne videoen:

Det som først og fremst synast klart er at Lady Gaga er ein individualist og individorientert feminist, der det å uttrykke seg “fritt” er kjerna. Nett kor mykje det tyder, i verda, at nokon bryt dei vante kjønnsrollene, er vanskeleg å avgjere, kor frigjerande det faktisk er for kvinner verda over at Lady Gaga leikar med kjønnsidentiet, det er vanskeleg å vite kor mykje det handlar om feminisme, særskilt når heile kjønnsrollesjongleringa kan sjåast som ein leik for å auke sin eigen fame and fortune. Men kanskje er det ikkje så farlig, om det er for fame eller frigjering, kanskje kan vi late litt som om dei går hand i hand, og kanskje er det berre sånn at om vi først skal vere feministar og ha pop-stjerner å digge og å danse til samstundes, så er kanskje ikkje Lady Gaga den verste. Eg vil avslutte med eit lite klipp der ho opptrer skalla. Hår er sterkt knytt til feminitet, normalitet og sunnheit, og å vere skalla (og i mindre grad ha kort hår) er knytt til androgynitet, sjukdom (både mental og psykisk)og utanforskap.

Eg tykkjer det harlause hovudet hennar er vakkert. Kva tykkjer du?

Kva trur du Lady Gaga tyder for kvinnefrigjeringa?

Slut shaming and Why it’s wrong

Kom over denne ganske tøffe vidoen av det som må vere verdas kulaste tretten år gamle jente, via bloggen http://www.feministe.us/blog/. Ho forklarar på utmerka vis kva omgrepet “slut shaming” tyder (eller skjøgeskjemming, fritt omsett), og mi røynsle er at dette ikkje på noko vis er eit utelukkande amerikansk problem. Skjøgeskjemming er eit massivt problem i Noreg med. Korleis det, spør du?

Eit skrekkeleg døme på skjøgeskjemming finn vi mellom anna i denne saka frå i fjor, der fire menn blei frikjent for valdtekt fordi kvinna hadde hatt friviljug sex med ein mann kvelda før. Eit horibelt døme på at skjøgeskjemming går heile vegen inn i djupna av rettsystemet. Fordi ei kvinne har hatt sex med ein mann ho ikkje kjente særleg godt er ho ei skjøge, og dermed er det ikkje rart andre menn ikkje forstår at ho ikkje vil ha sex med kven-som-helst-kva-tid-som-helst.

Skjøgeskjemming er dessutan eit kvardagsfenomen for mange jenter. Ikkje minst redslen for det. For når var sist du var redd for å sjå for tøsete ut? Eg veit sjølv at det ikkje er lenge sidan eg vurderte om skjørtet var for kort eller augesminken for svart, for kva vil folk tru om min person, min seksualmoral, eller berre kor laus eg er, om eg går på byn med for stor utringing.

Skjøgeskjemming blir ikkje minst ofte nytta i debatten om valdtekt: Når var sist du høyrte nokon fortelje deg at det gjeld å kle på seg, for å ungå å bli valdteke? Å ikkje sjå for “utfordrande” ut?

Slut shaming. Skjøgeskjemming. Ord å ha med seg i vokabularet, så ein kan fortelje folk når dei bedriv det at det absolutt ikkje på noko vis er greit.

bell hooks om rap, kapitalisme og kolonialisme

Feminist, buddhist, kulturteoretikar, afro-amerikanar. bell hook (eller Gloria Watson, som er hennar personlege namn) snakkar om RAP, sexisme, kapitalisme, kvit herredøme. Sjekk det ut.

Likestilling? Nei takk.

Teksta under har vore publisert i Mål og Makt, tidskriftet til Studentmållaget i Oslo. Teksta er eit forsøk på å presentere forskjellsfeminisme, og Irigaray og Gilligan, for dei som ikkje har vore borti denne feministiske retninga i særleg grad.

I eit land der likskapsfeminisme har vore politikk dei siste søtti år verkar det kanskje underleg at ein kan vere både feminist og mot likestilling. Redd for det. Men sånn er det altså.

Vi er då alle nordmenn!
Det er ein svært utbreidd tanke i Noreg: Kvinner skal ha like moglegdommar og retter som mannen. I det store og det heile skal inkje skilje dei. Om ikkje like, så i alle høve likestilte. Då skulle ein kanskje tru feministar var glade som berre det. Og det er det rett nok mange som er. Men ein del feministar likar ikkje likestilling spesielt godt. Ein kan faktisk gå så langt som seie at dei fryktar det. For ein som er oppvaksen i likskaps-Noreg er det ein underleg, nesten bisarr tanke. Korleis kan ein foreine denne posisjonen med feminismen?

Spørsmålet går ned til rota av ei djup splid mellom forskjellege feministar. Spørsmålet er om
forholda mellom kjønna er kjenneteikna av likskap eller forskjell. Og kva likestilling då eigentleg tyder. For om vi skal oppnå likestilling tyder det jo på at det er noko vi ikkje allereie har. Men kven er det då som skal bli lik til kven? Er likestilling og kvinnefrigjering eigentleg motsetnadar, og er det grunn for dei som er for frigjering å frykte likestillingsfokuset?

Like, eller ulik?
Om mann og kvinne grunnleggande like eller forskjellege er eit særleg sentralt spørsmål i feministisk teori. Skal ein sortere det feministiske feltet (eller felta, som ein kan vere freista til å skrive) kan det vere greit å byrje her. Mellom dei som ser mann og kvinne som grunnleggande like (likskapsfeministar) og dei som ser dei som grunnleggande forskjellege (forskjellsfeministar). Stort sett ingen av dei nektar for at det finnest forskjellar og likskapar mellom kvinner og menn. Samstundes er det få eller ingen som vil hevde at det ikkje er store forskjellar innan dei gruppene som høvesvis «kvinner» og «menn» utgjer. Men kva er det grunnleggande, det viktigaste, det vi skal tufte politikken vår på? Forskjellen eller likskapen?

Spørsmålet er vanskeleg, om ikkje umogleg å finne eit objektivt svar på. Dei som er fan av sånt kan gjerne få åtvaringa no: Når ein skal velje kva forskjellar eller likskapar som er viktigast, mest grunnleggande, finnest det ikkje noko objektivt rett svar. For korleis skulle ein klare det? Med kva bakgrunn skulle ein velje om innovertiss og utovertiss, hormon og kromosom var viktigare forskjellsmarkørar enn personlegdom, interesser, nasjonalitet, kultur, religion eller livserfaring? Og korleis kan ein i møte med eit menneske finne ut om ein er mest like eller mest forskjellege? Korleis kan ein setje opp den brøken? Og kvar skal ein byrje? Vi har begge: Eit hovud, to armar, ti fingre. Du har ein draum om å reise jorda rundt og halde foredrag. Eg har lyst på hytte ved sjøen. (?)

Grunnen til at det er umogleg å finne eit objektivt svar er sjølvsagt at det er umogleg å i det heile finne eit deskriptivt svar. Det er lett å sjå kva forskjellar som er, men umogleg å ut frå det vurdere om dei er grunnleggande. Vurderinga om kva som er grunnleggande vil alltid bli ei normativ vurdering. Ei vurdering ein ikkje klarar å ta utan eigeninteresse, utan å ta inn over seg dei sosiale eller politiske implikasjonane av det valet ein tek. Ein kan deskriptivt lett slå fast at vi er både like og forskjellege. Men med ein gong ein vil seie noko om kva dette vil tyde er ute av det deskriptive landskapet.

Ingen forskjell, ingen feminisme?
Feminisme er grunnlagt på at det finnest forskjell, for å vere presis: Forskjellshandsaming. Antan det har vore snakk om borgarrettar, utestenging frå den ålmenne sfæren eller kampen mot vald i heimen og venleikstyranniet eller for (og i nokre høve mot) prevensjon har damer gått saman med andre damer og organisert seg. Bakgrunnen for kvinnerørsla er jo nett at det kvinner har følt seg undertrykt i kraft av å vere kvinner. Om kvinner hadde levd med same fridom som menn hadde spørs det om det i det heile hadde vore naudsynt med feminisme. I verste fall kontrafaktisk historietenking i beste fall utopisk spekulering.

Ta vare på det kvinnelege, ta vare på kvinnlegdomen!
Det finnest ei tru på at alle feministar vil at kvinner skal bli menn. Ein effektiv hestekur mot denne vrangførestillinga kan vere å introdusere tankane til to av dei mest banebrytande kjønnsteoretikarane, Luce Irigaray og Carol Giligan. Desse har på forskjelleg vis fokusert på forskjell gjennom det å søke og framheve det kvinneleg. Irigaray gjennom sitt arbeid i felta for psykoanalyse, lingvistikk og filosofi. Giligan i hennar arbeide med og kritikk av tradisjonell/maskulin forståing av moral og moralsk utvikling. Begge to argumenterer for at vestleg tenking alltid har hatt det maskuline som norm og normal og at dette har ført til at ein har gått glipp av og undertrykt det kvinnelege. Som ein konsekvens av dette vel dei å forske på og framheve nett denne kvinnelegdomen, innanfor sine respektive felt.

Giligan – Har kvinner ein eigen moral?
I boka En egen stemme. Psykologisk teori og kvinners utvikling ser Gilligan på det ho oppfattar som eit underutvikla felt innan psykologien, den moralske utviklinga til kvinner. Bakgrunnen for interessa for nett denne problemstillinga finn Giligan i det faktum at kvinner generelt skårar lågare på testar som skal syne moralsk kompetanse. Spørsmålet som vert vekka i Gilligan er om det faktisk er sånn at jenter og kvinner er dårlegare moralsk utvikla enn menn (kva no dette skulle tyde) eller om det kan vere at testane av ein eller annan grunn ikkje fangar opp den moralske refleksjon åt jentene. Sagt på ein forenkla måte, er det jentene eller testane som er for dårleg?

Når Gilligan skal utforske denne problemstillinga tar ho utgangspunkt i korleis to elleveåringar, Jake og Amy, løser eit moralsk dilemma. Dilemmaet er ein del av forsking gjort på den moralske utviklinga i tenåra, utført av utviklingspsykologen Lawrence Kohlberg. I studien til Kohlberg vert dei to elleveåringane synt eit scenario, og så beden om å tenke seg fram til kva som vil vere rett å gjere i situasjonen. Det er ut i frå argumentasjonen om kva som vil vere rette handling at Kohlberg vurderer deira moralske nivå.

Modellen til Kohlberg er delt inn i seks trinn, med tre stadium: ein egosentrisk forståing av rettferd basert på individuelle trengsler (trinn 1 og 2), ei oppfatning av rettferd forankra i dei felles konvensjonane framforhandla i ein samfunnskontrakt (2 og 3) og til sist ved ein prinsipiell forståing av rettferd som kvilar på ein frittståande logikk om likskap og fellesskap (5 og 6). Når Gilligan studerer modellen til Kohlberg og argumentasjonen til dei to unge ungdomane ser ho eit klart mønster: Der den unge Jake løyser dilemmaet ved å argumentere for kva som er mest rettferdig, ei argumentasjon som passar perfekt inn i modellen til Kohlberg, har Amy ein heilt anna måte å løyse det moralske dilemmaet på. Ho fokuserer på korleis dei forskjellege måtane å løyse dilemmaet vil påverke dei sentrale relasjonane i livet til hovudpersonen i dilemmaet.

For Gilligan er dette serleg interessant: Kan ein argumentere for at det Amy synar ikkje er ein dårlegare utvikla moral, men rett og slett ein anna moralsk forståing? Ei forståing som modellen til Kohlberg, som utelukkande er sentrert rundt ein abstrakt forståing av rettferd, ikkje er i stand til å måle? For Gilligan syner dette eit problem som er utbreidd langt utanfor feltet for utviklingspsykologi: Guter og menn har vore rekna som normalen, og jenter og kvinner som avvika. Ho argumenterer at når ein skal måle den moralske utviklinga til jenter og kvinner må ein kunne sjå denne på eigne premiss. Amy står ikkje attende for Jake kva moralsk utvikling vedkjem. Ho har berre ein heilt anna forståinga av kva det vil seie å løyse eit moralsk dilemma. Ei forståing som ikkje er knytta til abstrakte lover og prinsipp men det konkrete ansvaret for mellommenneskelege forhold.

Irigaray: Eit eige språk, eige subjekt?
Der Gillian ser på korleis kvinner har vore rekna som annanrangs moralske subjekt ser Irigaray på korleis kvinner i vestleg filosofi har vore rekna som annanrangs subjekt på alle område. For Irigaray er det ikkje berre tanken om likskap generelt men likskapsfeministar spesielt som er fienden. I staden for at ein skal sjå kvinna som ein halvgod mann må ein sjå ho for det ho verkeleg er, ei fullkomen kvinne. For Irigaray er full kvinnefrigjering først mogleg i det kvinna vert gjenkjent som eit radikalt anna subjekt enn mannen, eller som ho formulerer det, som ein verkeleg annan.

Bakgrunnen for dette kravet om ein eigen subjektstatus for kvinna finnast i Irigaray si forståing av filosofi og språk. Vestleg filosofien har vore skrive av menn og for menn. Verda har vore skildra ut i frå eit mannleg perspektiv og både den menneskeleg norma og subjektet har vore mannen. Poenget til Irigaray er at det er i patriarkatet si interesse at kvinner strevar for å bli vurdert på same grunnlag som menn. Fordi dei på det grunnlaget alltid vil kome til kort. I staden for å jage etter posisjonen mannen har bør vi kjempe for vår eigen posisjon, vår eigen målestokk. Vi er forskjellege, men vi er likeverdige. Denne forskjellen er det viktig for Irigaray å kultivere, og respektere. For ho er kjønnsforskjellen ontologisk primær (ontologi tyder det som mest grunnleggane er). For Irigaray vil korleis vi aksepterer og respekterer andre forskjellar avhenge av korleis vi forhold oss denne eine. Korleis vi forhold oss til kjønnsforskjellen vert ein modell for korleis vi forhold oss til alle andre (og for Irigaray) mindre viktige forskjellar.

Men kva i all verda tyder det at kjønnsforskjellen er ontologisk primær? For Irigaray har dette sin bakrgunn i psykonalysen. Ho synar til at dei første og viktige psykologiske utviklingsstadia er radikalt forskjellege for jenter og gutar. Kjønnsforskjellen viktig i lausrivingsprosessen barnet opplev frå symbiosetilstanden med mor. Fordi vi er forskjelleg kjønna, og dermed gjenkjenner oss på forskjelleg måte med mor og far, vert desse prosessane forskjellege. Dette gjer guten og jenta forskjellege på eit nivå som er meir grunnleggande enn alle andre forskjellar, som etnisitet, religion eller seksuell legning. Forskjellane mellom gut og jente er for Irigaray knytt til korleis vi ser, opplev og organiserer verda.

Provet for dette finn Irigaray i språket. Gjennom lingvistisk forsking meiner ho å kunne syne korleis jenter og guter, kvinner og menn nyttar språket på to grunnleggande forskjellege måtar. Kort fortalt og svært forenkla har Irigaray sett på korleis kjønna på forskjelleg måte byggar opp setningar, vel forskjellege og ord og bilete. Eit av dei sentrale poenga hennar der gutar har fleire subjekt-objekt relasjonar har jentene meir av subjekt-subjekt relasjonar. På eit frykteleg forenkla og banalt nivå: der guten seier «meg og min gitar» seier jenta «du og meg saman».

Frigjering og likestilling – ny pakning, same drit?
Når forskjellsfeministar argumenterer mot likskapsfeministra er eit av argumenta at likskapsfeminisme skjer på premissane til patriarkatet: Det kvinner skal bli lik er ein normal definert av og for menn oppigjennom historia. Forskjellsfeministane vel å heller då streve etter ein eigen målestokk, som står utanfor den mannleg definerte normalen. Skal ein vere kritisk til forskjellsfeministane kan ein jo då spørje seg om ikkje den nye (eller kanskje heller andre) normalen, allereie er definert av det same patriarkatet, som nett eit avvik? Ei anna kritisk innvending mot mykje av forskjellsfeminismen handlar om essensialisme. Vil det å seie kva kvinner er, det å definere kvinnelegheit, verkeleg bidra til å frigjere kvinner? Eller vil det berre stenge dei inne i enno ei ny norm som set grenser for kven dei er og kva dei kan gjere? Kor langt er det eigentleg frå Kant si teori og kvinner som estetiske til Gilligan sin påstand om at kvinner er meir relasjonelt enn rasjonelt orientert i sine moralske vurderingar? For mange feministar blir valet mellom forskjellsfeminisme og likskapsfeminisme eit strategisk eit. Kva er sikrast? Å hevde at vi alle er like, og dermed sjølvsagt skal ha same rettar, eller å hevde forskjellane kvinner har for menn, for så å vone at det vil verke til fordelen for kvinner?

Til forskjellsfeminsmens forsvar finnest det svar på mange av dei innvendingane som kjem frå likskapsfeministar. Svaret dei vel å gje på dei forskjellege spørsmåla avheng av deira posisjon og feltet dei arbeidar innanfor. Om vi skal ta føre oss Gilligan og Irigaray vil deira svar reflektere deira posisjon og deira felt. Gilligan vil til dømes svare at det viktigaste ikkje er om den relasjonelle moralske orienteringa ho har funnet hos kvinner er kvinneleg eller ei, poenget for henne er at dette er eit perspektiv som har vore konsekvent oversett. Desse poenga vil halde fram å vere oversett så lengje ein opererar med mannen som norm for det menneskelege og ser på kvinna som eit avvik, heller enn eit alternativ. Gilligan forsvarar dermed ikkje ein ontologisk essensialisme men ein strategisk: Det er ikkje sikkert kvinner er grunnleggande annleis men det kan vere lurt å gå ut i frå det.

For Irigaray vil svaret sjølvsagt vere annleis. Ho meiner kvinner i samfunnet i dag er den gruppa som har færrast retter. Dette forklarar ho med at språket, og med språket rettsystemet, har definert eit universalt mannleg subjekt. For kvinna blir det dermed ingen retter som vernar ho som eige subjekt. Eit døme kan vere dei bestialske reglane for amerikanske kvinner som skal føde under soning: Ettersom reglene for amerikanske fangar utanfor fengselet er at til ein kvar tid skal vere lenka kring handledda, rundt midja og rundt onklane gjeld dette sjølvsagt òg for kvinner. Når dei skal føde. Som følgje av uniforme regler har fleire kvinner som har føda under fengselsopphald fått uopprettelege skadar for livet. Eit regelverk som er blindt for forskjell kan på den måten ende opp med å vere særs diskriminerande, særskilt om dette same regelverket er skrive med eit kjøn som norm. For Irigaray vil dette berre eit ganske overflatisk døme på det som er den verkelege alvorlege diskrimineringa som kvinner møter kvar dag: Det at dei er berre har eit mannleg språk og mannlege målestokkar å nytte kvar dag. At dei alltid blir målt for kort, at det aldri er rom for deira eigenart, deira positive potensiale.

Som elles i kjønnsforskinga finnest ei heller her to strekar under det rette svaret.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers