Stikkordarkiv | dagbladet

Musikalsk og maniert. Motmelding.

For ein stund attende blei boka mi meldt av dagbladet og Silje Stavrum. Meldinga deira kan du lese her.

Ein stunde sidan. Det er ein stund sidan mamma sendte meg ei melding på føremiddagen. Nesten to veker sidan, faktisk. Mamma er betre enn retrievertenesta til A-tekst (og det seier ein del, for ho er fantastisk), og får stort sett snusen i både det eine og det andre. Sist hadde ho funne ut at ei kronikk eg hadde skrive i tenåra var nytta som referanse for ei stortingsmelding. Og no var det altså meldinga i dagbladet. “De har anmeldt deg i dagbladet i dag”.

Det var på måndag. Måndagen hadde vore ganske kjip, og eg hadde nett sette meg ned for å ete lønsj med to venninner. “Korleis er meldinga” spurde eg. “Skikkeleg kjip dag, så om det er dårleg orkar eg ikkje lese..”. Mamma ringte og forsikra meg om at det var bra. Eg pusta letta ut. Kven var det som hadde meldt spurte eg. Silje Stavrum, svarte ho.

Silje Stavrum. Stavrum er kanskje ein av dei få meldarane eg er litt redd for. Etter at eg fekk vite at dagbladet skulle melde alle debutantbøkene, tenkte eg i mitt stille sinn, “berre eg ikkje får Silje Stavrum”. Ikkje fordi ho ikkje er flink, for det er ho, men fordi ho er uforutseieleg, og fordi ho meiner ting sterkt. Dette burde jo sjølvsagt vere gode eigenskapar i ein meldar, spesielt for dei som les meldingane og oppriktig lurar på om dette er ei god bok, om dette er ei bok dei skal kjøpe og lese, men for ein forfattar er dette litt skumle eigenskapar. Det er alltid vanskeleg å vite kva ho vil synest om bøker. Ho er litt som ein katt, på eit vis. Ho er vill, ho er høgt og lågt og trass i at ho tek nokre sjansar og av og til synast som ho har gått for langt og fell frå høgda, så landar ho tilsynelatande alltid på beina. Ein kan ikkje ta ho på noko, for ho skriv ikkje dårlege meldingar.

Desto skumlare er det å bli meldt av ho.

Men det var ikkje berre det med meldaren som er kunne vere eit uromoment. Dagbladet er jo ei av dei avisene flest av dei eg kjenner les, og særskilt nettversjonen deira. Det som kjem på vevsidene til Dagbladet.no, det les mange. Og det er unekteleg rart å sjå seg sjølv, der, på ei av dei sidene du dagleg er innom, uansett kor mange sex-, mote- og lågkarbosaker dei presterer å publisere. Er ein berre ørlite forfengeleg er det jo ein av dei meir keisamme plassane å bli slakta. Der, ved sidan av puppene til Kirsten Dunst eller smilet til Hexeberg.

Men eg blei jo ikkje slakta! Heller blir eg ein slags slaktar. “Maltraktert kjærlighet fra ung poet med finslipt skalpell” skriver Stavrum i det som kanskje må vere ein av dei lengste titlane eg har sett. Maltraktert kjærleik.

Vidare skriv Stavrum om Knausgård, og opningsetninga hans “For hjertet er livet enkelt”, og at den, på sett og vis, er eit premiss for mi bok. Og det er det ikkje så underleg at ho tenkjer. Eg hugsar når boka hans kom, då eg framleis heldt på med boka, og eg las setninga så tenkte eg, shit, jaja, no kjem hjartet til å vere over alt (det var jo litt naivt, ikkje sant, å skrive ei bok av hjartet og så bli overraska over at det plutseleg var over alt). Men ikkje berre skriv Knausgård om hjartet i første bok, han skriv om daudsprosessen, den heilt fysisk daudsprosessen, og han nyttar han til å skrive om livet. Livet og dauden, medisin og fysiologi. Dermed er det ikkje underleg at Stavrum tenkjer på nett den boka når ho les mi. Men korleis kan ein kome ut om ein blir samanstilt med ein av noreg mest populære prosaistar?

Ikkje så verst. Etter å ha nemnd Knausgård skriv ho om boka mi, og ho skrildrar korleis mitt “poetisk univers er utpreget musikalsk” når eg “dissekerer ord for ord, organ for organ, i en både besyngende og obduserende modus”. Nett at Stavrum fokuserer på det musikalske gjorde meg særskilt glad, fordi det er eit aspekt ved boka som ingen av dei andre meldarane har trekt fram. Når ein er så heldig å få fleire meldingar er det særskilt fint å sjå at meldarane vel å trekke fram forskjellege sider av boka. Og det musikalske, det syngjande språket, det er noko av det eg prøvar mest å få fram i dikta mine.

Er Stavrum heilt nøgd? Nei. Ho meiner ein del av referasane til røynda som er i boka verkar som stilbrot, “påklistret og maniert”. Det er interessant. Påklistra tyder jo typisk noko som kjem utanfrå, som blir limt fast. Eg tenkjer på kollasjen. Maniert, på si side, har synonyma unaturleg, tilgjort. Unaturleg og påklistra. Som noko som ikkje skulle ha vore der. Som noko som er igjen, etter noko har vorte borte. Den levande stemmen på ein telefonsvarar.

Å skrive dikt er alltid ein skjør balanse mellom det musikalske og det manierte. Å skrive dikt er jo alltid å ein annleis måte å skrive på, ein måte der andre karakterer enn tydinga er med på å velje kva ord som blir ståande på sida. Ord blir veld ut grunna dei bildene dei representerer, dei assosiasjonane som er knytt til dei eller dei lydane dei lagar. På eit eller anna vis er dikt alltid maniert. Trikset er å få det til ikkje å verke sånn.

Avsluttingsvis tippar Stavrum at ein kan vente seg meir språkarbeid frå debutanten. Eg veit ikkje om Stavrum er synsk, men rett vonar eg likevel at ho har. Ikkje berre vonar, men eg har trua òg, for eg er nemlig meir enn godt i gong med neste bok. Så får framtida syne, om ho blir mest maniert eller musikalsk.

men diktarane var ikkje invitert: melding frå db si debutantdekning

i går var eg med på noko spanande: mi første debutantilstelling. det var dagbladet som inviterte alle debutantane til fellesfotografering og miniintervju. kvart år konkurrerer dagbladet og aftenposten om å ha best debutantdekning. aftenposten har si tilstelling på tysdag, men eg er ganske sikker på at det likevel vil vere dei som blir min favoritt. av den enkle grunn at dei har invitert diktarane!

for trass i at eg var der og fekk bilete mitt teke i går saman med dei andre debutantane, var eg ikkje invitert. eg visste ikkje noko om det då eg kom, og det var presseansvarleg frå forlaget mitt som sneik til meg eit ord om at det eigentleg berre var roman- og novelleforfattarane dei hadde bedd til debutanttilskipinga si, men ho hadde meldt meg på likevel. eg vart sjølvsagt veldig overraska. når eg kom heim vart eg sint. det første eg gjorde då eg kom heim var å sjekke eposten. og der sto dette:

Hei igjen,

som nevnt tidligere på sommeren skal Dagbladet, tradisjonen tro, lage den store debutantsaken. Derfor ønsker vi å møte deres debutanter (skjønnlitteratur: roman- og novelleforfattere).

i dag vart eg trist. hadde dei berre gløymd diktarane? eller hadde dei utelete oss med vilje? ikkje veit eg, men underleg er det likefullt. for dagbladet er einaste avis med eige diktkammer, og dei eig diktforumet dikt.no. så kvifor ikkje invitere diktarane inn i debutantdekninga?

eg trefte ein annan diktar i går, Rawdna Carita Eira. ho er frå kautokeino og har skrive diktforteljinga løp svartøre løp, ei diktforteljing om ei ung jente og ein rein som følgjer kvarandre til jenta til slutt slaktar reinen. Eira har sjølv bakgrunn frå reindrift og boka slår meg som utan tvil ei av dei mest spanande bøkene som kjem ut i år. for det første vert ho gjeve ut både på norsk og samisk, og for det andre fortel ho ei historie vi knapt har lese før. ettersom eg ikkje har lese boka veit eg jo ikkje om ho er god enno, men det tør eg vedde mykje på at ho er bra, kanskje til om fantastisk. uansett er ho ein av dei absolutt mest spanande titlane i bokhausten som kjem. det er trist om spaltane ikkje skal fyllast med stoff om denne boka, men heller om den splitter nye krimhistoria frå mannen i dress som vi har sett, lese og høyrt om så uendeleg mange gongar før.

men at det ikkje vert skrive mykje om poesi overaskar meg ikkje. det som likevel gjer meg trist er at Eira ikkje var invitert i går, ho heller. for ho skriv òg poesi, og det kan verke som om dagbladet ikkje er så interessert i det, anten dei no berre gløymde oss eller med vilje ikkje inviterte oss. er det ikkje rart? eg veit kor glad eg er for at ho kom likevel. for eg fekk treffe forfattaren til ein av haustens mest spanande bøker, ei bok lesarane til dagbladet verkeleg hadde fortent å få høyre om!

eg elskar norsk poesi, vi har så uendelig mykje bra norsk poesi! norsk samtidspoesi er rå, hard, mjuk, sexy, tøff, sår og spill levande. du finn knapt råare tekst i noreg i dag enn samtidspoesien. samtidspoesien forten eit større publikum, for han er absolutt ikkje den lukka, innadvente og mystiske disiplinen mange trur han er: han er eit spill levande, leikent og tilgjengeleg overskotsprosjekt. det er trist for dagbladet om dei ikkje ser det. og trist for lesarane. vi får vone dei berre gløymde seg!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers