Stikkordarkiv | Charlotte Brontë

Forjævleg god, forjævleg trist.

“There were two pink roses on the tray, each in a small brown jug. One was full blown and as I touched it the petals dropped. Rose elle a vécu,” I said and laughed. “Is that poem true? Have alle beautiful things sad destinies?”

Spørsmålet kjem frå Mr Rochester medan han og Antoinette sit og et frukost på verandaen i byrjinga av bryllupsreisa, når dei har reist heim til hennar mors gamle hus. Huset er eit av dei mange stadane Antoinette har vore lukkeleg. Staden er, som Antoinette, magisk og vakkar. Men som det kan skje, og gjerne skjer vonde ting på vakre stadar òg, så skal det skje vonde ting med Antoinette, vonde ting som skjer kanskje nett fordi ho er å så vakker som ho er. Er det sant, spør ho henne denne morgonen, morgonen medan han framleis er blenda av venleiken hennar og medan han framleis trur at han kan elske henne. Er det sant at alle vakre ting har triste skjebnar?

Du skulle berre visst kor trist skjebne Antoinette har. Kanskje veit du det allereie, kanskje har du lese boka (eller sett filmen) Jane Eyre og har sett korleis det går med Bertha, Rochester si første kone som tenner på huset og kastar seg i dauden frå taket. Eg hadde både lese og sett Jane Eyre og likte ho godt, før eg las Wide Sargasso Sea. Eg likar framleis Jane Eyre, men etter å ha lese Rhys si flamande vakre og brennande vonde historie om Bertha, eller Antoinette som ho eigentleg heiter, så går det ikkje an å like korkje Rochester eller Jane like godt, eller boka eller filmen. For boka er noko av det vondaste og vakraste eg har lese på lenge, og samanlikna med Wide Sargasso Sea så verkar Jane Eyre ganske bleik, livsfattig og feig. Og det er å seie ein heil del, for når ho blei skriven var ho mellom dei mest ublu bøkene som vart publisert.

Det tek på å lese så forjævlege, gode bøker. Av og til tenkjer eg at eg har alt for mykje empati, at eg sporenstreks burde finne ein måte å tappe det ut frå kroppen og selje det til høgstbydande. Eg kan legge frå meg ei bok, og så kjennest verda så jævlig, så kald, så tom og så fri frå meining at gravsteinen er mjukare, og gravskrifta meir levande.

Det er ikkje mange bøker som får meg til å kjenne det sånn. Det er berre dei jævlege, dei som både er jævleg gode og jævleg triste, det er berre dei beste, dei som på eit eller anna vis slepp meg inn i kjerne av eit menneske. Og då blir eg som Anders i Oslo 31. August. Eg ser ut på verda, ser kor daudt alt ser ut og så tenkjer eg, dette, det går faen ikkje bra.

Eg har skrive om galskap og litteratur før, om framstillinga av galskap i bøker og om det å vere litt smågal (sjå til dømes her!). Heilt frå eg var lita har eg lese som hestar et. Det er ein magi i orda, og denne magien er både vakker og farleg. For ein stund er du i ei anna verd, nokre gongar ei betre verd andre gongar ei verre verd, ei vondare verd. Og ein kan leve seg så inn, leve så inn i bøkene at på mystisk vis så smittar dei over på den verda som er utanfor.

Nett no les eg Wide Sargasso Sea om igjen og om igjen, fordi eg held på å skrive oppgåve om henne, om sanninga og det å skulle forsøke å forstå, å forstå nokon og noko som er heilt annleis enn alt du kjenner frå før. Og eg les om igjen og om igjen dei partia som gjev mest vondt, eg leiter etter dei stadane i teksta der det står, der det er mest og sterkast, og eg leiter etter vonet, sviket, kjærleiken og hatet, og eg tenkjer, når skjedde det, når skjedde det at alt von forsvann i denne historia, når skjer det, når skjer at vi sluttar å tru at dei endeleg kan sjå kvarandre, at dei kan forstå kvarandre, og at dei kan elske kvarandre? Og i denne leitinga skjer det noko, eg ser Antoinette og det som er eit liv ser meir ut som ein skjebne, og det er først når noko ser ut som ein skjebne det kan vere ein verkeleg tragedie.

Det kan ikkje gå bra, tenkjer eg. Det går ikkje bra, ingenting går bra. Men nett kvifor det ikkje går bra, eller så utruleg lite bra, er vanskeleg å forklare. Det er ein del av løyndomen, denne løyndomen som uvegerleg er planta i oss alle, denne løyndomen vi ikkje klarar å syne fram, å dele eller forklare. Løyndomen som kan sluke heile livet. Rochester veit korleis det kjem til å gå med Antoinette når han tek ho med til Engalnd.

«Very soon she’ll join all the others who know the secret and will not tell it. Or cannot. Or try and fail because they do not know enough. They can be regonized. White faces, dazed eyes, aimless gestures, high-pitched laughter.»

Når ho set fyr på huset er det ikkje for å vere ond, eller ta hemn. Det er fordi det berre er då ho kjenner seg levande. Det er fordi ho etter å ha frose så lenge endeleg kan føle seg varm.

Er det for seint for sanninga no? Wide Sargasso Sea

I dette klippet frå filmatiseringa av Wide Sargasso Sea, romanen til Jean Rhys, fortel Antoinette Rochester historia om mora si, om hennar galskap og triste liv. På slutten av klippet spør ho om det er for seint for sanninga no. Det er eit godt spørsmål, og på set og vis er det eit spørsmål det er verd å stille om når vi les boka WSS, ser filmen eller i alle møte med litteratur. Blir det nokon gong for seint for sanninga?

Wide Sargasso Sea blei skriven gjennom 21 år, frå 1945 til 1966, og er forhistoria til Bertha, Rochester si gale førstekone, i Charlotte Brontë sin roman Jane Eyre. Rhys, som sjølv er oppvaksen i Karibien, følte at Bertha fortente ei verkeleg historie, eit liv, og at galskapen hennar fortente ei forklaring. I Jane Eyre er ho jo berre eit spøkelse, ein funksjon i plottet, ei hindring som Jane må overkomme, eit skrekkeksempel, og grunnen til å tykkje synd i Rochester. Eit menneske blir ho jo verkeleg aldri, så grotesk og gotisk som ho blir framstilt.

Blir det nokon gong forseint med sanninga? Når WSS kjem ut er det over hundre år ette JE vart skriven. Og om ho ikkje fortel sanninga, så fortel ho i alle høve ei historie, ho let Antoinette bli eit menneske og ho let ho snakke. Er det forseint med sanninga spør Antoinette, og i boka er det det, i boka er det noko som er blitt feil, som har blitt øydelagt for lenge sidan. Rochester klarar ikkje å forstå Antoinette, han klarar ikkje å akseptere at ho er annleis og han klarar ikkje å elske ho med respekt.

All synd er ein form for galskap, sa Charlotte Brontë om karakteren Bertha (som heiter Antoinette i WSS), og derfor var ho redd for at ho hadde framstilt Bertha for skrekkeleg. Ho ville at lesaren skulle syntes synd på Bertha, både syntes synd på og bli avskrekka av. Men når ein les Wide Sargasso Sea så skjer det noko, for om ikkje Rochester klarar å forstå Antoinette så klarar vi det, vi klarar å forstå både han og ho fordi vi får vite meir om dei enn dei klarar å fortelje og å forstå av kvarandre. Når det endar tragisk for dei begge har det bakgrunn i nett denne manglande forståinga av den andre, og dei kontekstene den andre forstår verda i.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers