Ærlighet og kjærlighet: Melding frå bokmerker
Bokmerker har meldt boka mi! Meldinga deira kan du lese her, og under følgjer mi motmelding.
La det først vere sagt: Eg elskar vevsida bokmerker.org, og eg likar godt mange av folka der, sjølv om eg ikkje kjenner nokon av dei veldig godt. Julie var leiar i tensingkoret eg byrja i som konfirmant, og ho var både den kulaste og skumlaste personen som var det. I det same tensingkoret var òg Anna Katharina og ho var minst like kul og mykje mindre skummel enn Julie. Men dei var store, og eg var mindre, om enn kanskje ikkje mindre veslevaksen. Linn har eg lese bloggen til sidan eg var femten, når eg byrja å blogge på livejournal. Då eg trefte Linn på fest var det skikkeleg stort. Det var LINN liksom.
Det er ein stund sidan eg var femten, heldigvis. Noko av det finaste med å ha blitt eldre er å sjå korleis folk du har kjent, eller berre visst om på sett og vis, er blitt eldre, har kome ut i verda og at dei verkar der. Det er noko av det finaste med bokmerker.org òg, fordi dei er ein blogg der det er så tydeleg at finnest fordi det er folk som verkeleg liker litteratur der, folk som les og skriv om det dei les og som gjer det fordi det å lese og skrive har ein verdi i seg sjølv. Fordi det er ein bokblogg skriv dei om nett det dei likar, og fordi dei er mange forskjellege folk blir det mange forskjellege tekster om mange forskjellege litteraturrelaterte fenomen, om bøker og filmatiseringar og bokkafear og heile det litterære sirkus.
Og i dag publiserte dei ei melding av boka mi. Det var Eira som hadde skrive, og sjølv om vi har sånn 24 felles vener på fjesboka hadde eg aldri treft ho før på måndag, då vi traff kvarandre på knøderen for eit intervju. Og intervjuet blei til ein prat fordi Eira er eit av desse fantastisk fine menneske som går rundt i Bergen by. Og ettersom Bergen er ganske liten trefte eg Eira i går òg, då ho var åleine på plakatopphenging. Ettersom eg sjølv har gått åleine i regnet i Bergen for å henge opp plakatar og strevd med teip som berre krøller seg og lagar sår på lippene så slo eg følge med ho litt rundt i byen, og vi prata meir om alle dei tinga som vi hadde prata om dagen før.
Korleis gjekk det når Eira skulle melde boka mi? Veldig bra tenkte eg. Men litt vanskeleg må det ha vore å skriev ei kritisk melding etter å ha treft og tilbrakt eit par timar saman med forfattaren. Eg veit sjølvsagt ikkje med Eira, men eg veit at eg sjølv er redd for at folk skal ta det ille opp når eg er kritisk. At eg skal bli oppfatta som sur, eller tverr eller berre at eg generelt mislikar folka eller det dei driv med. Men det er ikkje tilfelle: Konstruktiv kritikk er for meg alltid eit uttryk for eit godt ønske. Vil du nokon vel, har du likt ei bok, så skriv du ein konstruktiv kritikk. Ein konstruktiv kritikk er ikkje det same som rein ros. Folk som berre skryt har ein gjerne fleire av i familien. Nei, konstruktiv kritikk er betre enn som så, og spesielt når det kjem frå nokon du har treft og som du likar: Det er nokon som vågar å seie noko om det som kanskje ikkje er så bra, trass i at dei veit at det kanskje ikkje er så gøy å få høyre.
Men det kan vere fint å få kritikk. Og Eira sin kritikk er i alle høve fin å få. Fordi det er tydeleg at det er kritikk frå ein som vil litteraturen vel. Det er ein kritikk som vil seie noko både om det som er bra og det som kan bli betre, fordi ein ønsker betre litteratur.
Eg trur den finaste litteraturkritikken alltid er skrive med utgangspunktet til ein bokelskar: Som vi er ærlege med dei vi er glad i, er vi ærlege, fordi vi vil dei godt og nokon gongar betre.
For det er jo derfor eg skriv desse motmeldingane òg. Ikkje fordi eg ikkje liker litteraturkritikk. Tvert i mot. Eg er glad i litteraturkritikken, eg tykkjer han er viktig og eg vil han vel. Då er det verdt å vere ærleg å seie kva ein liker og kva ein ikkje likar, sjølv om det nokon gongar kan vere ubehageleg. Skal noko bli betre må ein kunne seie noko både om det som er bra, og det som ikkje er det.
“Ærlighet varer lengst” seier dei på bokmål, og koplar ein ærlighet med kjærlighet trur eg at ein har litteraturkritikk norsk litteratur kan leve godt og lenge på. Ærlighet og kjærlighet. Alltid saman. Ærlighet utan kjærlighet er rått og vondt, og kjærlighet utan ærlighet er aldri, aldri godt i lengda.
Kulturdebatt i BT: Om kvalitet: I litteratur og kritikk.
BT spurte meg om eg kunne skrive eit kulturdebattinnlegg til dei etter medlinga til Hemlich Pedersen og mi eiga motmelding her på bloggen. Det du ser under er den litt lengre versjonen av det forkorta innlegget som står på trykk i BT i dag.
I meldinga av mi bok «Hjartemekanikk» avsluttar bokmeldar Hemlich Pedersen med å stille spørsmål om kva ein kan vente seg av ein debutant. Denne debatten ønsker eg velkomen, for å diskutere litterær kvalitet meiner eg er den viktigaste oppgåva litteraturkritikken kan ta på seg.
Skal ein diskutere er det greit å vere samd om nett kva ein skal diskutere. Det er fleire ting som er uklart både i (debatt-) meldinga til Pedersen og i hans forventingar til debutantar. Sentralt for diskusjonen er det at det er uklart kva han meiner med sitt omgrep «poetisk dialog», og nett korleis han meiner å vurderer om ein forfattar eller ei tekst «innlater» seg på denne. Det er òg uklart om ein poetisk dialog er noko ein kan krevje av alle debutantar, eller om dette er eit krav Pedersen berre stiller til poetar. Er dikting å vurdere som litteraturens formel ein? Pedersen ønska å starte ein diskusjon. Kanskje kan han vere først ut og gjere reie for sitt syn?
Ikkje berre er det lurt å vere samde om kva ein skal diskutere. Vel så viktig er det lurt å vere samde om korleis ein skal diskutere. Her kjem mi andre innvending mot Pedersen: Eg meiner både ein debatt om litterær kvalitet og ei bokmelding bør fokusere på verk, ikkje forfattar. Heller enn å debattere kva ein kan vente seg av ein debutant, bør ein debattere kva ein kan vente seg av ei tekst. Det er her litteraturkritikk har sit kritiske potensiale: Det kritikaren har framfor seg er ikkje ein forfattar, men ei tekst. Dette bør òg speglast i både i diskusjonen om og vurderinga av litterær kvalitet. Spørsmålet bør vere kva det er i teksta som gjer ho god.
Skal kritikken klare svare på dette må han bli mindre refererande, og vurdere meir eksplisitt med utgangspunkt i teksta som ligg føre. Som eit døme kan eg nemne korleis Pedersen etter fire avsnitt med refereringa av innhaldet i boka avsluttar med å skrive at eg ikkje «innlater» meg på ein poetisk dialog. Heller enn å referer tekst og vurdere forfattar bør litteraturkritikken vurdere tekst. Å vurdere kvifor ho ikkje er god nok meiner eg er ei langt viktigare oppgåve enn å spekulere i kva forfattaren «innlater» seg på. Om tekstene ikkje går tydeleg nok i dialog med tradisjonen er dette interessant; nett kvifor Pedersen vurderer tekstene som «tradisjonsløse» får vi dessverre ikkje vite noko om.
Kvart år kjem det ut ei mengde bøker i Noreg. Vi trenger ein litteraturkritikk som kan vurdere om desse er gode nok. Då er det ein føresetnad at han freistar å vurdere kvaliteten på bøkene, heller enn forfattarane. I eit intervju på vevsida til Den Norske Forfatterforeningen seier leiar av Det Litterære Råd Stein Versto at for mange av dei utgjevne bøkene er for uferdige. Ein liknande dom er lett å felle over kritikken: For mange av dei bokmeldingane som vert publisert i aviser over det ganske land verkar å vere skrivne i overkant hurtig under heller kummerlege arbeidsforhold. Kritikarane gjer det beste dei kan, men det beste dei kan gjere er kanskje ikkje godt nok om dei får for lite tid, for lite plass og for lite pengar for arbeidet. Eg trur kvaliteten på litteratur og kritikk heng saman: Uferdige bøker og uferdige meldingar er eit resultat av at grundig arbeid med litteratur ikkje vert verdsett.
Litteraturen og kritikken inngår i eit symbiotisk forhold. Bokprodusentar treng kritikken for å lage betre bøker, lesarane treng kritikken for å finne betre bøker å lese, og kritikarane er avhengig av litteraturen for å i det heile ha noko å kritisere. Alle er vi ute etter at norsk litteratur skal bli best mogleg. Så la oss hjelpe kvarandre: kva gjer litteraturen god? Og kritikken? Eg ønsker debatten velkomen.
Gladmelding: Arbeidarklasseungedikt. Hurra!
Eg held fram med å melde bokmeldingane eg får for debutboka mi. Tidlegare har eg meldt meldinga frå Frode Hemlich Pedersen i BT. Denne gongen meldar eg meldinga som eg fell laurdag 01.10.11 i Klassekampen sitt bokmagasin. Denne er ikkje å finne på veven enno, så eg har saksa ut eit bilete som du kan få sjå her! Eg er ikkje noko teknisk geni, så det vart litt uklart. Men vonleg skal det gå an å lese igjennom det. Klikkar du på bilete, blir det forresten større.
Om eg ikkje var heilt nøgd med mi første melding var eg dessto gladare for mi andre. Ikkje berre er eg nøgd fordi medlinga er positiv, eg tykkjer òg (som kanskje er enno viktigare for ei motmelding) at ho var både grundig og godt skrive. Bokmeldar er i dette høve Hadle Oftdal Andersen. Oftedal Andersen er ved sidan å vere kritikar universitetslektor, redaktør og forfattar. Som Hemlich Pedersen har Oftedal Andersen grep om sin litteraturhistorie, og dei to nyttar på liknande vis (men med ulikt fokus) litteraturhistoria til å setje boka i perspektiv.
Noko av det finaste med meldinga er korleis Oftedal Andersen klarar å plassere samlinga i ein tradisjon, ikkje berre basert på tematikken i boka med samstundes på bakrgunn av samlinga si form. Han skriv at boka på mange måter artar seg “som ein eksperimentel roman frå mellomkrigstida”. Vidare meiner han å finne att ein måte “å vise fram detaljar får ein heilskap som ikkje er kjend” som han gjenkjenner frå litteraturen frå 20- og 30-talet. Han skriv at litetraturen blir så “uvand og utfordrande fordi den som fører ordet [...] er så tett på tinga at ein ikkje forstår kva samanheng dei går inn i”. Denne refleksjonen vert han spora innpå av eit funn Geir Gulliksen gjorde i lesinga av Cecilie Løveid. Dikta hennar minna om forteljingane til arbeidarklasseungar, fordi dei fortalte på ein måte som om alle visste kva det var snakk om (som gjer det vanskeleg for utanforståande å forstå).
Nett det tykte eg det var kjempefint å lese. Klart det er huggelegare å bli lest i tradisjonen til Løveid og funne interessant enn å bli lese i tradisjonen til Wergelad og Benn og funne uinteressant. Men mest av alt var det fint å lese fordi det verkar som om Oftedal Andersen har sette pris på noko av det eg har arbeida mykje med å få til: Å få til å skrive ei historie om ein situasjon der det er vanskeleg, eller umogleg, å kome ut av sitt umiddelberre perspektiv. Oftedal Andersen skriv at det er ei “sterk samling om ei ulukke”, og nett at han fokuserer på ulukka er fint å lese. Han “forstår òg at det er det at ho reflekterer etter ulykka som gjer at ho blandar det medisinske inn i det ho skriv om når dei to er saman”. Oftedal Andersen les altså boka sånn at ulukka endrar heile forteljinga, både før og etter at ho skjer, fordi ho fargar alt i sitt nærver.
Men best av alt med meldinga er likevel kanskje dette: Oftedal Andersen vurderer heile tida boka mi, og ikkje meg. Han set ikkje likskapsteikn mellom oss, eller mellom meg og hovudpersonen i boka. Det er herleg befriande. I si vurdering held Oftedal Andersen seg til teksta, og han grunngjev heile vegen vurderinga si på bakgrunn av henne. Hurra for det!
Melding av Bokmelding: Dikt, ikkje berre metadikt.
Eg har fått mi første bokmelding, og det er ei heller interessant oppleving. Avisa er inga anna enn heimstadsavisa Bergens Tidene, og bokmeldar Frode Helmich Pedersen konkluderer med å kalle dikta mine for “tradisjonsløse”. Helmich Pedersen meiner eg burde ha gått inn i dialog med forfattarar som tidlegare har skrive om kroppen, og han nemner Wergeland og Benn som representantar frå litteraturhistoria eg altså burde “slått av ein prat med”. I artikkelen avsluttar han med to spørsmål han sjølv besvarar: “Kan man forlange en slik poetisk dialog av en debutant i våre dager?”, der svaret hans er “ja” og “Går det ikke an å skrive dikt uavhengig av tradisjonen?” der svaret hans er nei. Eg er både usamd og samd med Helmich Pedersen.
Sidan Hemlich Pedersen verkar oppriktig interessert i starte diskusjonen, sjølv om han som han skriv “dessverre ikke kan føres her” tenkte eg at eg kunne skrive eit ord eller to til svar, om ikkje direkte til han, så ut i verda. Ikkje fordi eg er trist, sint eller skuffa over meldinga hans. Fordi det er eg ikkje. Eg var veldig førebudd på det faktum at ikkje alle ville like boka mi, noko anna hadde sjokkert meg djupt. Eg vil skrive eit svar fordi eg i tillegg til å ha skrive ei diktbok studerer litteraturvitskap, og er oppriktig engasjert i dei spørsmåla Hemlich Pedersen stiller avsluttingsvis. Fordi dei handlar om litteratur, og for kven og korleis han skal skal skrivast.
Kan man forlange en slik poetisk dialog av en debutant i våre dager? Problemet mitt med meldinga til Hemlich Pedersen er ikkje svara han gjev på nett dette spørsmålet. I mitt auge er det sjølve spørsmålet som er feil. Eg har ikkje latt vere å skrive ein “poetisk dialog” fordi eg ikkje visste om forfattarane Hemlich Pedersen nemner. Eg har lese dei begge to. Eg har latt vere å skrive ein “poetisk dialog” fordi eg vil noko anna med poesien enn eg vil med eit litteraturvitskaplege essay. Eg har ikkje først og fremst ønskt å skrive ei diktbok om kva det gjer med ditt syn på kroppen å lese andre dikt om kroppen, eg har ikkje hatt lyst til å skrive om korleis dikta du skriv om kroppen relaterer til andre dikt om kroppen. Eg har ikkje hatt lyst å skrive ei bok om dikt. Eg har hatt lyst å skrive ei historie. I diktform.
For det eg og Hemlich Pedersen er usamde om er jo nett kva ei diktbok bør vere, og kva som gjer ei diktbok interessant. Eg meiner ein ikkje bør kreve at diktarar går i dialog med litteraturhistoria i kvar ei bok, fordi eg meiner det er å redusere dikting til ei metalitterær øving som vil halde fram å begrense lesarkrinsen til poesien til dei som studerer litteratur. Metalitteratur er for all del flott, men litteratur treng ikkje å eksplisitt tematisere seg sjølv og si historie for å vere god.
Eit spørsmål ein kan stille seg er om dette kravet berre gjeld poesien som sjangar. Eller meiner kanskje Hemlich Pedersen at òg romanar og skodespel må innreflektere den tradisjon dei er ein del av? Er krimromanen dårleg om ikkje han går i dialog med Sherlock Holmes og andre klassikarar? Eller romanen om han ikkje reflekterer om arven etter søstrene Brontë? Burde Harry Potter innreflektere andre viktige bøker frå fantacysjangeren? Eller er det berre poesi-debutantar dette kravet gjeld for? Er det ein slags eksamen, lakmustest, der du skal syne fram alt du har lese?
Eg kunne godt ha skrive ei diktsamling om Wergeland og Benn. Men kvifor stoppe der? Med to mannlege diktarar? Reflekterer dei heile tradisjonen? Om det eg skal vedkjenne meg tradisjonen eg er ein del av og gå i dialog med han er det mange eg kunne nemne før: Sylvia Plath og Susan Sontag er to internasjonale døme, medan Lars Ramslie og Nora Simonhjell er døme på folk som har skrive om kropp og som har tydd mykje for meg. Men kvifor begrense seg til det litterære? Kvifor ikkje tenkje større? Kvifor ikkje innreflektere tydinga teve har hatt! Akutten, Grey’s Anatomy, CSI? Og sånn kunne ein halde fram. Søkke djupt ned i ein intertekstuell suppe. Og sjølvsagt, eg trur det kunne bli ei veldig interessant bok det òg, der alle dei kulturelle referansane flagra i vinden. Men det ville vere ei heilt anna bok. Og det var ikkje den boka eg ville skrive, eller har skrive. Dermed står eg i den situasjon at eg ikkje får kritikk for boka eg har skrive, men for boka eg ikkje har skrive. For nett korleis boka mi “lider under” den manglande refleksjonen “innlater” ikkje Hemlich Pedersen seg til å seie noko om. Han seier ikkje noko om kvifor han tykkjer denne “poetiske dialogen” er viktig, kva det er han ville tilføre boka.
Sett at eg likevel hadde skrive ei bok full av poetisk dialog (som i og for seg er eit spanande prosjekt), kva bok ville dette blitt? Og for kven ville det vere ei interessant bok? Eg bli sittande igje og lure på om Hemlich Pedersen meiner ein utelukkande skal skrive poesi for dei som allereie har lese Wergeland, Benn, Plath, Sontag og Simonhjell. Eg tykkjer det er øydeleggande for poesien om vi skal stille dette snevre kravet til alle poetar: at dei skal skrive metapoesi. Ikkje fordi metapoesi er dumt i seg sjølv (eg likar det godt eg) men fordi det finnest så mykje meir ein kan gjere med poesi.
Det finnest så mange der ute som er redde for dikt, fordi dei trur at alle dikt berre handlar om dikt, og for dei, som kanskje ikkje les så mange dikt eller ikkje skriv dikt sjølv, så verka metapoesien ikkje som det mest engasjerande emnet. Men vi andre, vi som les dikt og liker dikt vi har kanskje opplevd at poesi kan vere så mykje meir: er det berre metalyrikk vi vil ha? Vil vi verkeleg berre ha dikt om dikt?
Lyrikken har til alle tider vore nytta til å fortelje historier, skildre situasjonar, og å formidle bodskap av forskjellege slag. Songtekstene er i dag døme på lyrikk som folk flest meiner er tilgjengelege, som dei kan forstå, som dei kan ta til seg, kjenne seg igjen i og leve seg inn i. At ein tekstforfattar som John Olav Nilsen er ein del av ein litterær tradisjon er jo openbart, men eg trur på ingen måte han hadde blitt ein betre tekstforfattar om han i større grad hadde sunge om song eller songtekster. Han hadde heilt klart blitt ein annan tekstforfattar. Men betre? Det spørs jo heilt kven du spør!
At det ikkje går an å skrive å skrive dikt uavhengig av tradisjonen er eg heilt samd med Hemlich Pedersen i. Som forfattar og menneske eksisterer ein heile tida i den krysselda kulturen er. Eg er likevel usamd i at det er diktaren sitt ansvar å eksplisitt reflektere tradisjonen dikta er skrivne i, samt at litterær kvalitet står og faller utelukkande på denne refleksjonen. Eg vil ikkje at dikt skal bli begrensa til metadikt.
Heller tenkjer eg at det er her litteraturkritikken har sitt store potensiale: Ved å skildre det som finnest av konktekst omkring eit dikt kan ein som skribent vere med å opne poesien for lesarar. Og det er for meg eit viktig mål: Å opne poesien opp for fleire, heller enn å dyrke han som ein (meta)sjanger for dei få.



Desse har synsa: