Inn i musikken: Ane Brun – It All Starts With One

Denne teksta er publisert i nyaste nummer av Litteraturtidsskriftet Lasso, eit gratis (!!!) litteraturblad du finner i kantina på HF eller kan kjøpe billeg på Tronsmo, Bislet bok eller auditaur.no
It All Stars With One
Av og til må historier byrje med slutten. Du veit, som på film, eller i bøker, når du får sjå korleis det ender. Nokon kunne kanskje tenkje at dette ville øydelegge alt, øydelegge all spaninga. Kanskje. Men spaninga er ikkje alltid i kva som kjem til slutt, men i korleis du kjem deg dit.
For veit vi ikkje alle korleis alt ender?
På eit eller anna tidspunkt kjem du til å sjå på han eller henne og kjenne at du ikkje lengre føler som du gjorde før.
La oss byrje med slutten, slutten som òg er ei byrjing. Byrjing fordi det er første songen på eit album, det er opningssongen, opningssongen som er ei slutt.
These days
There are nights and mornings
when you come to me
find your way into my bones, my joints
into my veins
Det finnest kjærleik som er altoppslukande. Det finnest kjærleik som er rom ein kan gå inn i, rom som er kolsvarte og mjuke, eit tjukt mørker som tåke, oljetåke som legger seg omkring heile huda di, som aldri løyser seg opp, men blir liggande lenge etter at du har prøvd å vaske alt det svarte av huda. Og kanskje trekker det inn gjennom huda som gjennom eit klede, kanskje er det som når du tråkkar i ein dam og sølevatnet trekker seg oppover i buksa. Alt dette mørkeret, alt dette som berre spreiar seg.
Det finnest auge, han har auge, og når du ser i dei finnest inga avstand, du veit at du no må vere heilt med eller heilt frå, anten må det gå under huda og gjennom kroppen eller så kan det vere, så kan det vere vegen heim gjennom Oslo i vintermørkeret. Det er snø eller brann.
Like an animal you coiled your darkness around me
you always spelled your name in charcoal
all over my body
Det finnest tekst, det finnest musikk, det finnest kunst og film. Og det finnest stemmer: Plutseleg er det nokon som ropar deg inn, snurrar orda sine rundt deg og hyllar deg inn i sitt svarte slør, og kva skal ein gjere, kva skal ein gjere, kva skal ein gjere når trommene vibrerer gjennom rommet, når trommene treffer huda får ho til å riste, og fingrane forsiktig finn orgelet, kva gjer ein når tonane kveiler seg omkring nakken, stryk pelsen så mjuk omkring halsen, når du veit, når du veit, dette er så sterkt at det kunne kvele deg?
These days, I just walk with you
these days I let you stay
a little further a way, but I walk with you
these days, I let you stay
Og eg gjer som ho, eg rører meg i dette blinde mørkeret: Eg let det omslutte meg som ei kappe, men eg rører meg, let det ikkje binde meg ned, eg let det ligge i huda, og eg tek det med.
For avstand går an, syng Ane. Ho syng om avstand, om å følgje med, på litt større avstand. Kanskje treng ikkje alt å vere anten eller. Kanskje går det an å følgje med på avstand, gå ved sidan av, følgje med. For eit album kan ikkje starte med anten eller. Flammer brenner fort ut.
Words
Det finnest ord. Eg skriv ord, eg tenkjer i ord, og eg snakkar i ord. Når du held meg stramt omkring handledda og lippene dine er ein bestemt strek er det ord over heile deg, ord i heile meg når du pressar kroppen din mot min er dette alt eg kjenner, harde, bankande ord, mjuke smygande ord, og det er desse orda som finnest:
Words
help her change the world
in only one verse
Sånn syng Ane, over ein lett, trist kombinasjon av synth og gitar. Ho syng show her, how the sunlight glances through the gaps between the leaves. Og du er ikkje lengre mørkeret, du er den som syner lyset fram, du er den som syner meg stjerner og seier at eg, eg kan nå opp til dei om eg berre tør prøve.
Desse orda er alt som er, og når ho vrir dei og vender dei så endrar ho verda, og eg høyrer korleis ho vrir og vender på orda i munnen medan ho syng, ho syng words og tonane skjelver og ordet blir eit anna, orda blir noko anna enn ord dei blir større og mindre og orda går frå henne til meg og inn øyrene og nedover ryggen der håra reiser seg og blir ståande.
Tell her
to reach for the stars
and always put love first
La vindauga hennar
stå opne kvar natt
la romma fyllast
av bylys att
Ho syng om ei verd som finnest der ute. Det er den verda du opna for meg, då du kom.
Worship
Jose Gonzales, gitar, trommer, det stille mjuke lydbiletet som han sluttar om seg, you never worshiped, you never worshiped your life, og det kjem orgel og det kjem strykarar, gitarriffet repeterast, dette er ikkje ei song, dette er messing, desse tonane er ikkje ord, dei er heilage,
All the while we were standing still
you were always in the past
you won’t let the good times in
if you do, you make sure they won’t last
Can’t you see the light’s still shining, to lead you back again
my heartbeats can be your silver lining, just listen well to them
Trommene går, hjartet bankar, og ho ser på han, eg ser på deg, og eg spør deg, kvifor, kvifor er det sånn at gleda aldri kan glede deg, kvifor er det sånn, at når eg har kyssa deg der under auge på sida av naseroten, kvifor er det sånn, at akkurat når det er fint så må du stryke tommelen over kinna mine, lukke munnen og sjå bort. Kvifor må du, kvifor må du alltid strekkene føtene ut av senga, kvifor må du gå, trekke opp jeansane og knappe dei igjen, like etter eg sovna, like etter du sovna på brystet mitt? Kvifor må du vere rufsehove, så vakker, kvifor vil du ut i natta, når du kan få ligge i armkroken, du og ingen andre, kvifor må du gå i frå meg då?
Do you remember?
Do you remember, that early morning
when we went back to bed
when we found the first position
and every muscle rested
Hugsar du det, spør ho meg, og om eg hugsar seier eg, eg kjenner det i kroppen, kroppen hans mot mi under dyna, og eg hugsar korleis hjartet hans banka gjennom kroppen min og korleis mitt banka gjennom hans, dei to hjarta i litt ulik takt, og pulsen som blafra frå ein til andre, og vi fniste før vi blei stille, og i alt det varme og mjuke så sovna vi, der.
Og dette var før alt skulle skje, før eg skulle bli slukt og du skulle sluke, dette var før eg skulle knuse LP-ane din og før du skulle rive ut sidene av bøkene, dette var før sinne skulle sluke oss og før mistru og sjalusi skulle flamme opp, for dette var før alt, før kjærleiken òg, før vi hadde hatt sex og før vi visste at det var oss, før vi visste om noko som var oss eller kunne vere oss, vi hadde berre treffast, vi hadde berre gått heim gjennom byen ein kveld og prata i sofaen heile natta, og av ein eller annan grunn då klokka var halv ni på morgonen spurde du om eg ville sove, og eg sa ja, og vi la oss i senga di, og der sovna vi, vi sov, der.
I do remember
that I already
knew it was the last time
The last time for first positions
the last time you’d be mine
What’s happening with you and him?
Let love show its own face, let love show our faith, syng ho, med det keystylarane ville kalla multirimet own face/our faith, dei er så lydlike, den lyse stemma skjelver og det er i førstninga vanskeleg å høyre kva det er ho seier, own face our faith, la kjærleiken vise sitt eige fjes, la kjærleiken syne oss vår skjebne, og eg tenkjer på dette, at skjebnen er eit andlet, og at det andletet når eg lukkar auga er ditt, det er ditt andlet og du står framfor meg ute framfor mi dør, i hendene dine er mine, og dei er våte, det er kaldt, det er kveld og vi har gått gjennom byen og du vil ikkje bli med meg opp, det veit eg så eg tør ikkje spørje, men der, der i lyset frå gatelykta der lyser dropane som renner ned over andletet ditt og eg tenkjer, at om dette er slutten, er dette slutten så er det faen meg slutten, og er dette natta, er dette natta der det skal slutte, så skal det slutte sånn, så eg drar deg i hendene, eg drar deg inntil meg og vi står der inntil kvarandre i regnjakker og med våte fingre og dropane frå andleta renner over kvarandre, det finnest dropar, det finnest regn og det finnest tårer, dette er alt som finnest og det blandar seg så ingen veit kva som er kva,
Is it worth it is it sane
when love pulls away again
can you get yourself together again
Og seinare skal dei spørje what’s happening with you and him, vi skal sitje på kafear og drikke kaffi eller raudvin og dei skal kome opp til meg og eg til dei for lage middag og å sjå film i leilegheita som er blitt alt for stor, og der medan vi et pasta med soppsaus skal dei spørje do you believe you can find a way to begin again?
Og kanskje skal det gå tid, kanskje skal det gå dagar, eller månadar og år, og eg skal be om teikn, som den dummingen eg er skal eg be om teikn, eg ska telje ned frå ti som han i reprise og tenkje at om det ikkje skjer noko no, i dag, i morgon, denne veka, og eg skal sjå etter deg på gata, eg skal sjå etter deg når eg er ute og om eg ser auga dine er det sikkert nokon andre sine, og eg vonar dagen kan kome snart, dagen du står utanfor døra mi og du skal stå der med eit andlet eg ikkje kan tyde, og vi skal gå ut i Frognerparken og det skal ha blitt haust, og der skal vi stå ved sida av kvarandre og eg skal vite nett kor langt handa di er frå mi til ein kvar tid.
Walking on old paths
inhaling the dust
is this the love that got lost
Kva om ein ikkje veit syng ho, eller syng ho kva om du ikkje veit, du, altså eg, eller nokon heilt andre, han, eller ho, og alle vi, om alt dette vi ikkje veit. What if you don’t know, what if you won’t let time show, men korleis skal ein klare det, berre gå og vente på tida, tusle rundt i genseren hans, og sjå på tinga hans stå der og vente på at han skal kome attende, og kva om han kjem attende, kva om du står framfor han og ser han inn i augo, og du framleis ikkje veit.
Can you trust him, can you take his words
can you give him yours
Kjem orda til å vere nok, kan ein tru på det som berre er ord, berre er ord, men som likevel er det som tyder nesten alt, kan du seie, eg tilgjer, eg trur. Eller kan du det berre ikkje?
Oh, Love
Lover of mine, when I’m with you
I forget how am I to be lonely
living without you
spend another day passing by you
don’t want to know how it feels if I do
Kjærleiken. Like altoppslukande som mørkeret, han kjem der luskande, som det lyset som gneistrar i auga hans av og til når han ser på meg, det lyset som kan få meg til å gløyme alt. Som når mobilen blinkar klokka to på natta og han spør om eg vil ut, og eg står opp, eg gløymer alle kranglar, eg gløymer at eg eigentleg ikkje ville sjå han meir, for der nede står han i lyset frå gatelykta, der nede står han og ser opp på meg, og det regnar men han har ikkje hette på og eg kan sjå auga hans heilt opp i fjerde etasje, ja, eg kjem ut, eg kjem ned, seier eg
Og der nede kjem kanskje alt til å starte på nytt igjen, eg vil ta han i auga og vil sjå lyset og mørkeret der, vil kjenne det blinke i brystet av blålys og blitz, vil det krasje igjen, vil eg snart ligge attende på sofaen og grine, eg veit ikkje, men om det var mørkeret før er det lys no, lys og mørkeret og det susar i meg, om eg var kald før, no brenn eg, no frys eg, no brenn eg. Alt er her samstundes og eg ser på deg. Tru tvil tru. Åh, kjærleik.
Stemme og skrift
Eg skriv på eit essay og Ane Brun og hennar album “It All Starts With One”. Og det er i sanning eit essay, eg veit lite om korleis det blir. Eller litt veit eg, no har eg skrive fire sider og eg skal sende det frå meg inn til Litteraturtidsskriftet Lasso i kveld, og der skal nokon lese det og kome med attendemelding, og vonleg skal det bli nok lesverdig og gjevande ut av det. Men kvifor skriv eg om det no?
Av og til finn eg det gjevande å skrive om kva det er ein prøvar å få til, som liksom for å finne det ut, for seg sjølv. Essayet om IASWO er eit sånt døme. Det er i all mogleg forstand eit forsøk, eit forsøk på noko som kanskje ikkje ein gong går eller som nokon vil få noko ut å lese. Det handlar ganske enkelt om å lytte til dei songane som fangar ein, å lytte seg inn i dei, å skrive seg inn i dei, og å sjå kva som skjer når ein let sin eigen fantasi spring løpsk i nokon andre sitt verk. Å dikte seg inn i andre si tekst. Eller i dette høve, å dikte seg inn i ei anna si stemme, å sjå kva som skjer når du verkeleg lyttar til ei anna si røyst.
Det er eit forsøk på å vere analytisk utan å vere det, på å berre la fantasien springe og dikte og for at det på den måten skal kome fram raude tråder og symbolrikdomar, at ein skal kunne opne opp eit narativt landskap, ikkje kald analyse men med varm fortolking, med innleving og inndikting. Korleis kan det sjå ut, tenkjer du kanskje? Sånn:
Do you remember?
Do you remeber, that early morning
when we went back to bed
when we found the first position
and every muscel rested
Hugsar du det, spør ho meg, og om eg hugsar seie eg, eg kjenner det i kroppen, kroppen hans mot mi under dyna, og eg hugsar korleis hjartet hans banka gjennom kroppen min og korleis mitt banka gjennom hans, dei to hjarta i litt ulik takt, og pulsen som blafra frå ein til andre, og vi fniste før vi blei stille, og i alt det varme og mjuke så sovna vi, der
Og dette var før alt skulle skje, før eg skulle bli slukt og du skulle sluke, dette var før eg skulle knuse LP-ane din og før du skulle rive ut sidene av bøkene, dette var før sinne skulle sluke oss og før mistru og sjalusi skulle flamme opp, for dette var før alt, før kjærleiken òg, før vi hadde hatt sex og før vi visste at det var oss, før vi visste om noko som var oss eller kunne vere oss, vi hadde berre treffast, vi hadde berre gått heim gjennom byen ein kveld og prata i sofaen heile natta, og av ein eller annan grunn då klokka var halv ni på morgonen spurde du om eg ville sove, og eg sa ja, og vi la oss i senga di, og der sovna vi, vi sov, der
I do remeber
that I already
knew it was the last time
The last time for first positions
the last time you’d be mine


Desse har synsa: