Milliardar av menneske imellom
Det finnest milliardar av menneske. Mellom alle desse lev eg. Og du òg, for den saks skuld. Og alle andre. Dette er kjempebanalt, sjølvsagt. Men ganske fantastisk underleg òg, i grunnen. For trass i dette enorme talet på menneske spreidd ut over den ganske store kloden, trass i enorme forskjellar i levestandar er det noko som på eit eller anna vis gjer oss like. Vi treng å uttrykke oss, å prate med andre. Og milliarderavmenneskeimellom så er det nett det eg skal gjere her.
Synsaren har òg ein annan blogg. Der er det ikkje så mykje synsing. Der er det meir skribling. Om du ikkje har så veldig lyst til å tenke eller synse men berre lese, lytte eller kviskre kan du vitje poesibloggen grapecityjuice og gjerne kviskre nokre ord til meg der.
Her på berget, eller bloggen, er eg forresten glad for all med synsing. Kvalifisert og ukvalifisert. Velkomen skal du vere!


Fin blogg! Eg lurte på toppbiletet, er det eit utsnitt av noko? Kven har måla det?
Egon Schiele! Eg elskar Schiele. Det er eit utdrag frå ein av hans erotiske teikningar. Der finnest det mykje fint.