Haustlanseringa for Dummies. Også mamma då.
Eg må skrive litt om haustlanseringa. Mest fordi eg lovde mamma å ta bilete, og så gjorde eg ikkje det fordi eg heilt gløymde av det og ettersom ho vil vite ALT så tenkte eg at eg kunne skrive om det her, trass i at det ikkje er ein sakprosatekst akkurat, men kanskje er det litt informativ i alle høve, om nett du lurar på korleis ein haustlansering er, og i alle høve er det prosa, så då er det kanskje greit likevel, å lage eit lite innlegg om det her, for alle dei som lurar på kva ein haustlansering er. Også mamma då, sjølvsagt!
I går var det haustlanseringa til Samlaget. For dei som lurar på kva haustlanseringa er så er det dagen der Samlaget lanserer, eller fortel om, alle bøkene dei skal gje ut kommande haust. For dei som lurar på kva haustlanseringa eigentleg er så er svaret eit nynorsksirkus. Litt mindre og litt meir bisart enn dei store bokmålssirkusa, med det eg innbiller meg må vere eit noko større innslag av bygdeoriginalar og anna lokalkoloritt som på ein eller anna måte har forvilla seg inn i forlagsverda. Og så litt journalistar, og så litt bokhandlarar, og så, sjølvsagt, litteraturfolka. Desse du ser rundt på alle litteraturfestane i oslo, denne massen av interessante, entusiastiske, individuelle men framleis o-så generiske litteraturmenneske med pannelugg og vintagekjoler. Ikkje så heilt ulikt meg sjølv. Så det var gøy, altså!
Haustlanseringa er meir enn noko anna to ting: Ein pressekonferanse klokka ti på morgonen og ein fest frå klokka fem på ettermiddagen. Det at alt byrjar så tidleg er eit av kjenneteikna. Når du går frå festlokalet til puben klokka elleve kjennest det ut som klokka er halv tre og du er på veg til eit nachspiel. Berre at Einar Økland er med. Puben var i dette høvet “Shamrock”, den irske nabolagspuben. Fotball på storskjerm, ingen låsar på jentedoen, rodeløkkafolk og killkenny. Ei riktig bule altså. Men no hoppar eg over alle dei andre tinga. Pressekonferansen.
Pressekonferanse
Fire debutantar får blomar og applaus
Så. Som debutant losast du inn i ei verd du ikkje kjenner frå anna enn skrifta, frå bøker, bloggar og margen av avisene. Som ny i denne verda er du lukkelegvis ikkje åleine, du har dei andre fine debutantane. Og er du heldig, så har du treft eit par av dei før. I mitt høve to: Både Sondre Midtun og Sunniva Rælling Berg er folk eg kjenner litt frå før. Sondre er tidlegare Lasso-redaktør og Sunniva kjennar eg frå gulltida på dikt.no. Sjukt bra folk altså! Og det morosame er at dei kjenner kvarandre, frå det siste året på skrivekunst. Det er fint, å treffe nokre kjente andlet når ein står midt mellom store forfattarar ein ser på med ærefrykt prate med journalistar som ikkje nett interesserer seg for nok ein debutant i møte med den store forfattar. Og det forstår eg jo godt. Kunne eg velje mellom Ragnar Hovland og meg sjølv hadde eg lett valt Ragnar Hovland. Han er jo så fin. Og ute med ny bok. Sukk.
Ragnar Hovland var mellom dei som las på lanseringa. For sånn er det på lansering: Du har ei dame som les opp ein del av titlane, med ein prosjektor bak seg som syner fram bokomslag og forfattarportrett, i tillegg til namn. Innimellom har du små novellefilmar som fortel om enkelte av bøkene. Og så har du folk som les små utdrag frå boka si. Eg var mellom den som las. Det gjekk sånn passe bra:
Eg hadde førebudd meg skikkeleg. Fått beskjed om å berre lese eit dikt. Så pliktoppfyllande som eg er valde eg eit dikt. Det eg ikkje visste var at alle alltid les meir enn dei får beskjed om. Men det gjorde altså ikkje eg. Men uansett: Eg hadde valt eit dikt. Eg hadde funne fram til nokre innleiiande ord. Eg hadde lagt diktet fram på dagen før. Og teke det med. Var ganske trygg då eg gjekk opp på scena. Introduserte diktet, og opna det samanbretta arket eg hadde teke med. Og IIIK. Eg hadde teke med eit heilt anna dikt. Pinsamt. Så eg måtte introdusere det nye diktet på nytt. Så: Tips om du skal lese på haustlansering: Hugs å ta med riktig dikt!
Etterpå gjekk debutantar og Samlagetfolk på Grand for å ete lønsj. Alle åt smørbrød, men ettersom det var litt dårleg på vegetarfronten tinga eg noko frå menyen. Og fekk verdas største porsjon med blåskjell, medan dei andre åt kake og drakk kaffi. Men det var godt det. Så sykla eg sprekkmett heim, dusja og kvilte på sofaen, før det var fest.
Fest!
Å vere på sin første haustlanseringsfest kan samanliknast med å vere sumarvikar på sjukeheimen: Det kjennest ut som om alle andre kjenner kvarandre og gamet, og dessutan verkar dei alle litt viktigare enn deg. Men eg var så heldig å gå med ein bønsj andre fine folk, asistentar og hjelpepleiarar og vikarar: G var sjølvsagt med, og Sunniva, dessutan kom Janne og kavaleren og Eva, og Jens og Unn var der òg, og dessutan Kristoffer, og det var nydeleg, for då var det alltid nokon å prate med, å le med og spøke med, og vi var ein stor gjeng, ein stor gjeng som drakk masse vin og åt småmat og lo av opplesingane, og når det var varmt så gjekk vi opp på takterrassen, takterrassen med blomar og lyktar og buddhastatuar og så sat vi på plattingen i ein stor gjeng og lo og prata medan himmelen gjekk frå lyseblå til mørkreblå og det blei natt. Og kanskje er det mange som går på sånne festar for å bli kjent med masse nye folk, eller å nettverke som dei kallar det, men det er eg ikkje noko flink til for det likar eg ikkje, eg likar å ha det moro og det gjer ein best om ein ikkje pratar med alt for mange folk samstundes og det finaste heile kvelda tykkjer eg var å sitje der oppe, med forelska-janne og sarkastiske-jens og søte-sunniva og tøyse-gaute.
Så traff eg jo sjølvsagt mange, mange andre folk, mange søte rare menneske. Og Sylfest kom til og med bort for å seie at det var ei fin opplesing, og når eg nemnde forbyttinga av dikta lo han å sa det var ein fin gimmick, og det var jo sjølvsagt fint gjort, og Ragnar sa gratulerer med diktsamlinga, og eg traff Linn som fortalte om Eira som kanskje ville skrive om bloggen på bokmerker.org som er verdas finaste bokside. Så oi så glad eg blei då!
Men det var ikkje berre fine folk, det var magisk sprudlevatn og kvitvin og fingermat laga av frua frå altgodt.wordpress.com, for ho kjem med bok, og det var verdas finaste leilegheit med eige atelier med bilete, og det var lys og mørker og ei mjuk skinnsofa å sige ned i saman med g etter å ha prata med ein halv milliard menneske.
Så, det var haustlanseringsfesten, og med det, haustlanseringa. Om du skal på haustlanseringsfest har eg berre eit tips til deg. Ikkje et tomatsuppe. For om du ikkje gjer det, så slepp du kanskje å hoppe rundt med tomastsøl på deg sånn som eg gjorde. Men, veit du, sjølv med tomatsuppe på toppen kan ein ha det ganske gøy. Det hadde i alle høve eg!
Nynorskdyr der ute: Dropp the attitude!
La meg først få sei det: Eg elskar målrørsla. Eg tykkjer Norsk Målungdom er verdas finaste organisasjon, og nynorsk det tøffaste språket. Nett derfor ønskjer eg å ta eit oppgjer med nynorskdyret. Du lurar kanskje på kven dette nynorskdyret er, og då kan eg fortelje deg at det er bygdedyret forkledd som målmenneske.
Eg er frå byn. Eller på ein måte. Eg er frå Åsane, som er ein bydel i Bergen, men som mest av alt liknar på ein slags forstad. Der voks eg opp på Rolland, som er mellom dei plassane i bydelen plassert lengre ned på den sosioøkonomiske skalaen, befolka med godt arbeidar-/middelklassemateriale. Tenk blokkar og rekkehus, taxisjåførar og hjelpepleiarar, førskulelærarar og politi. Eg kan ikkje sei at eg kjenner bygda i Noreg, og då ei heller bygdedyret, men eg har lese mykje om det, og kanskje kjenner eg by- og bydelsdyret, lokale av-artar av bydgedyret. Men ingen, ingen er verre og meir øydeleggande enn det negative, nedbrytande nynorskdyret. Men kven er no dette?
Nynorskdyret går til åtak på deg fordi du ikkje er nynorsk nok. Du er ikkje frå bygda og du snakkar ikkje godt nok, fordi dialekten din ikkje ligg nært nok nynorsk. Nynorskdyret er i det heile teke særs skeptisk til at nett du skriv nynorsk. Nynorskdyret er sinna fordi du, som ikkje er like nynorsk som det sjølv, har teke deg lov til å skrive nynorsk. Ettersom du ikkje er oppvaksen på bygda er du ikkje etnisk nynorsk. Du er for alltid ein innvandrar. Men om du likevel brukar nynorsk med den bakgrunnen du har, då skjer gjerne dette:
Nynorskdyret går til åtak på deg fordi du ikkje representerer nynorsk bra nok. Til dømes så kjem nynorskdyret bort til deg etter at du har lese dikta dine og kjeftar på deg fordi du les på dialekt, og fordi dialekten din, jamfør punktet over, ikkje er god nok. Det er viktig for nynorskdyret at du ikkje skil deg for mykje ut frå dei andre. Helst skal ein både sjå og høyrast mest mogleg nynorsk ut. Men det som gjerne skjer oftast er dette:
Nynorskdyret går til åtak på deg fordi du ikkje skriv god nok nynorsk. For nynorskdyret er nynorsken heilag, og om du skulle våge å skjemme han ut med dei feile bøyingane dine, tastefeila eller ordstillinga så flyg nynorskdyret i flint. Mindre alvorleg blasfemi kan òg vere årsak til eit aggressivt åtak: Du nyttar ikkje gamle nok ord/ny nok ord, du skriv/skriv ikkje høgnorsk, du brukar for mykje klammeformer eller skriv for langt frå dialekten din. Lista er lang. Men der andre ler litt for seg sjølv av folk som skriv underleg tek nynorskdyret det på seg å fortelje deg nett kor dårleg du er. Og om du nett har byrja å skrive nynorsk eller har dysleksi så spelar det inga rolle. Rettskriving er ein dygd og dei umoralske er det ikkje plass til.
Eg har treft alle desse nynorskdyra, som sikkert alle har dei beste intensjonane. Men no vil eg ha slutt på alt dette tøyset. For det er så himla destruktivt. Eg har drive med keystylebatling på mannsjåvinistiske hip-hopforum, men det er ingenting, INGENTING, sett opp mot å stadig møte nynorskdyret. Eg forstår at mange droppar nynorsken av mindre grunnar: Redaksjonelle forbodi rikspressa og den generelle hundsinga av nynorsk, sidemål og nynorskbrukarar. Det finnest ikkje nokon nynorskbrukarar som treng meir hundsing enn den som allereie er. Så nynorskdyret, eg seier det no: Dropp det tullet du driv på med. Det er for destruktivt, for skadeleg, både på det personlege plan og det politiske. Kven er det som vil skrive nynorsk med deg som støttespelar?
Så: Dropp the attitude. Seriøst. Eg elskar nynorsk, du elskar nynorsk og vi veit begge to at det er verdas beste språk. Kan vi ikkje heller støtte kvarandre og ha det gøy?


Desse har synsa: