Popfeminisme: Lady Gaga, kjønnsroller og hår
I går var det 8.mars, og eg skulle eigentleg få halde appell og eg hadde vore på Blindern og prenta ut notata mine, og eg hadde teke ibux og paracet og eg hadde tenkt, dette må jo gå fint, og det kunne det jo ha gått fint, men eg hadde vore sjuk sidan laurdag og ikkje sove skikkeleg om natta og eg hadde framleis feber, og eg satt på doen på blindern og hadde mest lyst til å gråte litt, for eg hatar å måtte skulle trekke meg frå sånne ting. Men så gjorde eg det like vel, og det går jo faktisk heilt fint. Men fordi det har vore 8.mars og eg berre gøymde meg under dyna åleine i bustaden, så har eg lyst til å gjere noko anna, dagen etterpå, no når eg er litt betre, nemlig dele nokre av mine favorittvideoar som har med feminisme å gjere, og veldig mykje har jo med feminisme å gjere, og då ville eg mellom anna dele desse fire videoane, som er med Lady Gaga, ein, først, der ho blir intervvjua av lydverket og verkeleg set fokus på korleis det at ho er kvinne påverkar forståinga av henne som artist
I videoen her seier ho at ho ikkje er feminist, og forklarar det med at ho likar menn og manneting. Heilt kva feminisme er kan ein jo få inntrykk av at ho ikkje forstår, men kjønnsroller, og vår kjønna forståing av verda, den har ho meir greie på enn folk flest. Og kanskje blei ho feminist etter dette intervjuet, for noko seinare så la ho ut denne videoen:
Det som først og fremst synast klart er at Lady Gaga er ein individualist og individorientert feminist, der det å uttrykke seg “fritt” er kjerna. Nett kor mykje det tyder, i verda, at nokon bryt dei vante kjønnsrollene, er vanskeleg å avgjere, kor frigjerande det faktisk er for kvinner verda over at Lady Gaga leikar med kjønnsidentiet, det er vanskeleg å vite kor mykje det handlar om feminisme, særskilt når heile kjønnsrollesjongleringa kan sjåast som ein leik for å auke sin eigen fame and fortune. Men kanskje er det ikkje så farlig, om det er for fame eller frigjering, kanskje kan vi late litt som om dei går hand i hand, og kanskje er det berre sånn at om vi først skal vere feministar og ha pop-stjerner å digge og å danse til samstundes, så er kanskje ikkje Lady Gaga den verste. Eg vil avslutte med eit lite klipp der ho opptrer skalla. Hår er sterkt knytt til feminitet, normalitet og sunnheit, og å vere skalla (og i mindre grad ha kort hår) er knytt til androgynitet, sjukdom (både mental og psykisk)og utanforskap.
Eg tykkjer det harlause hovudet hennar er vakkert. Kva tykkjer du?
Kva trur du Lady Gaga tyder for kvinnefrigjeringa?
Dukkejentedraumen.
Not a girl, not yet a woman?
Eg såg nett den nyaste musikkvideon til Madonna, og blei litt skuffa. Skuffa, fordi Madonna er ein artisk som gjennom kariera har vore aktiv i å fronte mange, og gjerne utfordrande, bileta av femininitet. Ho har vore tøff, seksualisert, søt, ho har vore kjempande, hennakledd, gotisk, korthåra, blond, langhåra, ho har vore både hore, madonna og leigemordar, magikar og mystikar, ho har vore tomboy og pinup, men alltid med snert, alltid med det som iallfall kunne tolkast som ein god porsjon ironi, stilsans og gjennomtenkte estetiske kvalitetar. Om ho alltid var deilig, så var ho samstundes så uendeleg mykje meir enn det. For ho var utfordrande.
Det verkar som om Madonna har blitt yngre, i staden for eldre, i den nye videon sin. Nokon vil kanskje kalle det ein siger, men ikkje eg. Umoden, er i grunnen det einaste ordet eg finn som er adekvat. Videoen er eit sammensurium av tenåringsklisjear, og hovudpersonen sjølv ser ut til å veksle mellom high school småbarnsmamma og tenårinsgssexsymbol, alt medan ho syng “don’t play that stupid game ’cause I’ma different type of girl“.
Og eg tenkjer, nei, nei, nei. Du er treogfemti. Du er ikkje girl. Sluttopp!
Ta ei “Tone”
Madonna verkar å ha teke ei “Tone”, i den forstand at ho framstiller seg sjølv som ei vakker, om enn hjelpelaus, kvinne. Det einaste Madonna har i videoen er skjønnheita si, og dette er det einaste som driv noko fram i videoen: Heiagjengen heiar ho fram, og fotballspelarane løftar ho fram. Alt berre fordi ho er vakker. Og elles skjer ingenting.
Men er det feil å vere vakker då, vil nokon tenkje. Nei, sjølvsagt ikkje, det er flott det, men vi får ein utruleg keisam verd (og KUNST!) om alt kvinner skal framstillast som unge, vakre, passive og seksualiserte, og det vert ulideleg keisamt å skulle vere kvinner i om det er desse ideala vi skal leve liva våre etter.
Men kvifor bry seg så mykje om noko som skjer i ein teit musikkvideo? Vel, fordi det som skjer i popen det har tydingar for korleis vi ser på andre (og kanskje viktigare), sidar av verda. Korleis skal det går for politikarar om alle kvinner helst bør sjå ut som og oppføre seg som 13-år gamle jenter som helst drøymer om å bli heiagjengleiarar og bore fram av dei tøffe fotballgutene? Korleis går det an å leve eit liv om du helst skal sjå ut som om du framleis er tretten år når du er tre og femti? Og kva liv lev du då? Om all di tid skal gå med til å trene, dusje, sminke seg, vere hos frisør, kjøpe klede, ta botox, korleis skal du då få tid til å tene pengar, leie, debaterer og gjere alle dei andre tinga som må til for at verda skal gå framover?
Dukkejentedraumen
Dukkejentedraumen, om jenta som blir heia fram av andre jenter, fordi ho er pen, dukke jenta, ho som blir løfta fram av menn, ho som ikkje kan gå på den skitne bakken og er avhengig av at ein (eller i dette høve, fleire) galante menn skal legge jakka si på bakken for ho. Dukkejentadraumen, det er den vi forer til alle jenter landet over som går i barnehager, leiker med barbie, kler seg i tiara og ser musikkvideoar. Dei lærar å bli vakre, men ikkje å ta del i ute-verda, av den verda der skit, alderdom, politikk, pengar, sjukdom og erfaring er ein del. Dukkejentadraumen plasserer kvinner i sentrum av venleiken, og stenger dei inne der. Dukkejenta har berre makt så lenge ho er vakker, så lenge det er gutar og jenter som heier venleiken hennar fram.
Men ingen er dukker heile livet, ingen er rynkefrie, naive, vakre, små barn heile vegen fram til dei døyr. Livet set merker, erfaringa set spor. Og det er bra, for kven vil vere ei dukke heile livet? Kven vil leve eit hermetisk liv, kven vil berre bli brukt, leikt med utan å kunne ta styringa sjølv? Ingen. Og knapt finnest dukkejenta, ho er mest av alt ein illusjon.
For bak Madonna sitt fjortenårgamle ytre finnest det ei kvinne som har levd, erfart og arbeida hardare enn dei fleste. Den kvinna skulle eg likt å sjå, i staden for den plastiske barbieversjonen vi blir presentert for her.
Dei levande kvinnene finst
Heldigvis så er det plass til levande kvinner, om ikkje i popmusikken, så i alle høve film, teater og litteratur. Og det er så sjukt digg å sjå, til dømes når Glen Close spele den steinharde advokaten Patty Hewes, Meryl Streep som spelar Margareth Thatcher, eller Judi Dench spele M, fordi det syner at det går an for kvinner med å leve eit liv,lære, og bruke liv og lærdom til meir enn å legge pubertale tenåringsjenter og -guter for sine føter. At det endeleg går an framstille kvinner som vaksne, mektige, hardtarbeidande, tenkande, manipulerande og tildels omsynslause personar, er ein sigar. Verda blir betre og meir spanande jo fleire strenger menneske får spele på, og jo fleire sider av menneskenaturen vi får sjå i kunsten. Sjølv om det tyder å framsyne menneske ein stiller seg ambivalente til.
“Det finst ingen kvinneleg Mozart, fordi det ikkje finst noko kvinnerleg Jack the Ripper” har Camille Paglia skrive. Så sant som det er sagt. Inntil kvinner kan framsyne og spele på alle sine menneskelege sider lev vi i ei kjipare, gråare og meir fargelaus verd enn det vi kunne. Og kven er det eigentleg som ønskjer det?
Inn i musikken: Ane Brun – It All Starts With One

Denne teksta er publisert i nyaste nummer av Litteraturtidsskriftet Lasso, eit gratis (!!!) litteraturblad du finner i kantina på HF eller kan kjøpe billeg på Tronsmo, Bislet bok eller auditaur.no
It All Stars With One
Av og til må historier byrje med slutten. Du veit, som på film, eller i bøker, når du får sjå korleis det ender. Nokon kunne kanskje tenkje at dette ville øydelegge alt, øydelegge all spaninga. Kanskje. Men spaninga er ikkje alltid i kva som kjem til slutt, men i korleis du kjem deg dit.
For veit vi ikkje alle korleis alt ender?
På eit eller anna tidspunkt kjem du til å sjå på han eller henne og kjenne at du ikkje lengre føler som du gjorde før.
La oss byrje med slutten, slutten som òg er ei byrjing. Byrjing fordi det er første songen på eit album, det er opningssongen, opningssongen som er ei slutt.
These days
There are nights and mornings
when you come to me
find your way into my bones, my joints
into my veins
Det finnest kjærleik som er altoppslukande. Det finnest kjærleik som er rom ein kan gå inn i, rom som er kolsvarte og mjuke, eit tjukt mørker som tåke, oljetåke som legger seg omkring heile huda di, som aldri løyser seg opp, men blir liggande lenge etter at du har prøvd å vaske alt det svarte av huda. Og kanskje trekker det inn gjennom huda som gjennom eit klede, kanskje er det som når du tråkkar i ein dam og sølevatnet trekker seg oppover i buksa. Alt dette mørkeret, alt dette som berre spreiar seg.
Det finnest auge, han har auge, og når du ser i dei finnest inga avstand, du veit at du no må vere heilt med eller heilt frå, anten må det gå under huda og gjennom kroppen eller så kan det vere, så kan det vere vegen heim gjennom Oslo i vintermørkeret. Det er snø eller brann.
Like an animal you coiled your darkness around me
you always spelled your name in charcoal
all over my body
Det finnest tekst, det finnest musikk, det finnest kunst og film. Og det finnest stemmer: Plutseleg er det nokon som ropar deg inn, snurrar orda sine rundt deg og hyllar deg inn i sitt svarte slør, og kva skal ein gjere, kva skal ein gjere, kva skal ein gjere når trommene vibrerer gjennom rommet, når trommene treffer huda får ho til å riste, og fingrane forsiktig finn orgelet, kva gjer ein når tonane kveiler seg omkring nakken, stryk pelsen så mjuk omkring halsen, når du veit, når du veit, dette er så sterkt at det kunne kvele deg?
These days, I just walk with you
these days I let you stay
a little further a way, but I walk with you
these days, I let you stay
Og eg gjer som ho, eg rører meg i dette blinde mørkeret: Eg let det omslutte meg som ei kappe, men eg rører meg, let det ikkje binde meg ned, eg let det ligge i huda, og eg tek det med.
For avstand går an, syng Ane. Ho syng om avstand, om å følgje med, på litt større avstand. Kanskje treng ikkje alt å vere anten eller. Kanskje går det an å følgje med på avstand, gå ved sidan av, følgje med. For eit album kan ikkje starte med anten eller. Flammer brenner fort ut.
Words
Det finnest ord. Eg skriv ord, eg tenkjer i ord, og eg snakkar i ord. Når du held meg stramt omkring handledda og lippene dine er ein bestemt strek er det ord over heile deg, ord i heile meg når du pressar kroppen din mot min er dette alt eg kjenner, harde, bankande ord, mjuke smygande ord, og det er desse orda som finnest:
Words
help her change the world
in only one verse
Sånn syng Ane, over ein lett, trist kombinasjon av synth og gitar. Ho syng show her, how the sunlight glances through the gaps between the leaves. Og du er ikkje lengre mørkeret, du er den som syner lyset fram, du er den som syner meg stjerner og seier at eg, eg kan nå opp til dei om eg berre tør prøve.
Desse orda er alt som er, og når ho vrir dei og vender dei så endrar ho verda, og eg høyrer korleis ho vrir og vender på orda i munnen medan ho syng, ho syng words og tonane skjelver og ordet blir eit anna, orda blir noko anna enn ord dei blir større og mindre og orda går frå henne til meg og inn øyrene og nedover ryggen der håra reiser seg og blir ståande.
Tell her
to reach for the stars
and always put love first
La vindauga hennar
stå opne kvar natt
la romma fyllast
av bylys att
Ho syng om ei verd som finnest der ute. Det er den verda du opna for meg, då du kom.
Worship
Jose Gonzales, gitar, trommer, det stille mjuke lydbiletet som han sluttar om seg, you never worshiped, you never worshiped your life, og det kjem orgel og det kjem strykarar, gitarriffet repeterast, dette er ikkje ei song, dette er messing, desse tonane er ikkje ord, dei er heilage,
All the while we were standing still
you were always in the past
you won’t let the good times in
if you do, you make sure they won’t last
Can’t you see the light’s still shining, to lead you back again
my heartbeats can be your silver lining, just listen well to them
Trommene går, hjartet bankar, og ho ser på han, eg ser på deg, og eg spør deg, kvifor, kvifor er det sånn at gleda aldri kan glede deg, kvifor er det sånn, at når eg har kyssa deg der under auge på sida av naseroten, kvifor er det sånn, at akkurat når det er fint så må du stryke tommelen over kinna mine, lukke munnen og sjå bort. Kvifor må du, kvifor må du alltid strekkene føtene ut av senga, kvifor må du gå, trekke opp jeansane og knappe dei igjen, like etter eg sovna, like etter du sovna på brystet mitt? Kvifor må du vere rufsehove, så vakker, kvifor vil du ut i natta, når du kan få ligge i armkroken, du og ingen andre, kvifor må du gå i frå meg då?
Do you remember?
Do you remember, that early morning
when we went back to bed
when we found the first position
and every muscle rested
Hugsar du det, spør ho meg, og om eg hugsar seier eg, eg kjenner det i kroppen, kroppen hans mot mi under dyna, og eg hugsar korleis hjartet hans banka gjennom kroppen min og korleis mitt banka gjennom hans, dei to hjarta i litt ulik takt, og pulsen som blafra frå ein til andre, og vi fniste før vi blei stille, og i alt det varme og mjuke så sovna vi, der.
Og dette var før alt skulle skje, før eg skulle bli slukt og du skulle sluke, dette var før eg skulle knuse LP-ane din og før du skulle rive ut sidene av bøkene, dette var før sinne skulle sluke oss og før mistru og sjalusi skulle flamme opp, for dette var før alt, før kjærleiken òg, før vi hadde hatt sex og før vi visste at det var oss, før vi visste om noko som var oss eller kunne vere oss, vi hadde berre treffast, vi hadde berre gått heim gjennom byen ein kveld og prata i sofaen heile natta, og av ein eller annan grunn då klokka var halv ni på morgonen spurde du om eg ville sove, og eg sa ja, og vi la oss i senga di, og der sovna vi, vi sov, der.
I do remember
that I already
knew it was the last time
The last time for first positions
the last time you’d be mine
What’s happening with you and him?
Let love show its own face, let love show our faith, syng ho, med det keystylarane ville kalla multirimet own face/our faith, dei er så lydlike, den lyse stemma skjelver og det er i førstninga vanskeleg å høyre kva det er ho seier, own face our faith, la kjærleiken vise sitt eige fjes, la kjærleiken syne oss vår skjebne, og eg tenkjer på dette, at skjebnen er eit andlet, og at det andletet når eg lukkar auga er ditt, det er ditt andlet og du står framfor meg ute framfor mi dør, i hendene dine er mine, og dei er våte, det er kaldt, det er kveld og vi har gått gjennom byen og du vil ikkje bli med meg opp, det veit eg så eg tør ikkje spørje, men der, der i lyset frå gatelykta der lyser dropane som renner ned over andletet ditt og eg tenkjer, at om dette er slutten, er dette slutten så er det faen meg slutten, og er dette natta, er dette natta der det skal slutte, så skal det slutte sånn, så eg drar deg i hendene, eg drar deg inntil meg og vi står der inntil kvarandre i regnjakker og med våte fingre og dropane frå andleta renner over kvarandre, det finnest dropar, det finnest regn og det finnest tårer, dette er alt som finnest og det blandar seg så ingen veit kva som er kva,
Is it worth it is it sane
when love pulls away again
can you get yourself together again
Og seinare skal dei spørje what’s happening with you and him, vi skal sitje på kafear og drikke kaffi eller raudvin og dei skal kome opp til meg og eg til dei for lage middag og å sjå film i leilegheita som er blitt alt for stor, og der medan vi et pasta med soppsaus skal dei spørje do you believe you can find a way to begin again?
Og kanskje skal det gå tid, kanskje skal det gå dagar, eller månadar og år, og eg skal be om teikn, som den dummingen eg er skal eg be om teikn, eg ska telje ned frå ti som han i reprise og tenkje at om det ikkje skjer noko no, i dag, i morgon, denne veka, og eg skal sjå etter deg på gata, eg skal sjå etter deg når eg er ute og om eg ser auga dine er det sikkert nokon andre sine, og eg vonar dagen kan kome snart, dagen du står utanfor døra mi og du skal stå der med eit andlet eg ikkje kan tyde, og vi skal gå ut i Frognerparken og det skal ha blitt haust, og der skal vi stå ved sida av kvarandre og eg skal vite nett kor langt handa di er frå mi til ein kvar tid.
Walking on old paths
inhaling the dust
is this the love that got lost
Kva om ein ikkje veit syng ho, eller syng ho kva om du ikkje veit, du, altså eg, eller nokon heilt andre, han, eller ho, og alle vi, om alt dette vi ikkje veit. What if you don’t know, what if you won’t let time show, men korleis skal ein klare det, berre gå og vente på tida, tusle rundt i genseren hans, og sjå på tinga hans stå der og vente på at han skal kome attende, og kva om han kjem attende, kva om du står framfor han og ser han inn i augo, og du framleis ikkje veit.
Can you trust him, can you take his words
can you give him yours
Kjem orda til å vere nok, kan ein tru på det som berre er ord, berre er ord, men som likevel er det som tyder nesten alt, kan du seie, eg tilgjer, eg trur. Eller kan du det berre ikkje?
Oh, Love
Lover of mine, when I’m with you
I forget how am I to be lonely
living without you
spend another day passing by you
don’t want to know how it feels if I do
Kjærleiken. Like altoppslukande som mørkeret, han kjem der luskande, som det lyset som gneistrar i auga hans av og til når han ser på meg, det lyset som kan få meg til å gløyme alt. Som når mobilen blinkar klokka to på natta og han spør om eg vil ut, og eg står opp, eg gløymer alle kranglar, eg gløymer at eg eigentleg ikkje ville sjå han meir, for der nede står han i lyset frå gatelykta, der nede står han og ser opp på meg, og det regnar men han har ikkje hette på og eg kan sjå auga hans heilt opp i fjerde etasje, ja, eg kjem ut, eg kjem ned, seier eg
Og der nede kjem kanskje alt til å starte på nytt igjen, eg vil ta han i auga og vil sjå lyset og mørkeret der, vil kjenne det blinke i brystet av blålys og blitz, vil det krasje igjen, vil eg snart ligge attende på sofaen og grine, eg veit ikkje, men om det var mørkeret før er det lys no, lys og mørkeret og det susar i meg, om eg var kald før, no brenn eg, no frys eg, no brenn eg. Alt er her samstundes og eg ser på deg. Tru tvil tru. Åh, kjærleik.
I think I’m unhappy with everything I’ve done – ein time med Kate Bush
Her er eit timelangt intervju med Kate Bush, det er prat og det er mange av songane hennar frå førre album, Director’s Cut. Eg elskar at ho tok seg fridomen til å gjere eigne songar på ny, det skjer så alt for sjeldan i både i popverda og litteraturverda. Ofte så skriv folk gjerne dei same låtene eller dei same bøkene, igjen og igjen, men utan å eigentleg gjere det. Kate Bush er ikkje ein artist som har gjentatt seg sjølv, tvert i mot, så har ho så godt som gjennom heile karrièra vore som ein virvelvind gjennom den musikalske landskapen. Nett derfor er det så fint når ho kjem attende til låtar ho skreiv og spelte inn tidlegare i livet: No får vi sjå korleis erfaringa og refleksjonane hennar får prega songane. Nydeleg.
Noko av det beste med dette intervjuet er heilt i byrjing i intervjuet, når dei snakkar om kvifor ho har spelt inn plata. MArk Radcliff spør om det at ho ville spele dei inn på nytt “tyder at ho på nokon måte var misnøgd med dei versjonane ho allereie hadde”, og berre sjå korleis ho svarar.
KB: I think I’m unhappy with everything I’ve done, to some extent, I think
MR: Really, seriously, not one track that you think “that’s pretty much perfect”?
KB: I don’t know, I don’t listen to my old stuff alot, I just hear kinds of bits and pieces. I think it’s part of the human condition, isn’t it, you do your best at the time and try to make it interesting, you know
Nokon vil kanskje tenkje at det er heilt forferdeleg trist, men for meg er det sjukt fint å høyre eit av idola mine seie at ho ikkje er nøgd med noko av det ho har gjort, og at ho tenkjer at nett det er normalt. Du gjer ditt beste, du prøvar å gjere noko interessant, men samstundes veit ein at om ein del år så vil ein sjå at det ikkje blei korkje perfekt eller interessant.
Ein kan berre gjere så godt som ein kan. Og er ein heldig, så får ein lov til å gjere det igjen, og kanskje gjere det enno betre.
No i vinter har forresten Kate kome med eit nytt album. Det har ikkje kome nokre videoar frå albummet enno, men du kan høyre det på spotify, om du vil: 50 Words for Snow
Medan vi ventar på videoar frå dette nydelege vinteralbummet kan vi jo høyre på radiointervjuet, og om du ikkje vil ha så mykje prat, kan du jo sjå på denne videoen frå Director’s Cut, “Flower of the Mountain”, ein song inspirert av James Joyce Ulysses som siterer, parafraserer og diker vidare på Molly Bloom sin monolog frå boka:
Stemme og skrift
Eg skriv på eit essay og Ane Brun og hennar album “It All Starts With One”. Og det er i sanning eit essay, eg veit lite om korleis det blir. Eller litt veit eg, no har eg skrive fire sider og eg skal sende det frå meg inn til Litteraturtidsskriftet Lasso i kveld, og der skal nokon lese det og kome med attendemelding, og vonleg skal det bli nok lesverdig og gjevande ut av det. Men kvifor skriv eg om det no?
Av og til finn eg det gjevande å skrive om kva det er ein prøvar å få til, som liksom for å finne det ut, for seg sjølv. Essayet om IASWO er eit sånt døme. Det er i all mogleg forstand eit forsøk, eit forsøk på noko som kanskje ikkje ein gong går eller som nokon vil få noko ut å lese. Det handlar ganske enkelt om å lytte til dei songane som fangar ein, å lytte seg inn i dei, å skrive seg inn i dei, og å sjå kva som skjer når ein let sin eigen fantasi spring løpsk i nokon andre sitt verk. Å dikte seg inn i andre si tekst. Eller i dette høve, å dikte seg inn i ei anna si stemme, å sjå kva som skjer når du verkeleg lyttar til ei anna si røyst.
Det er eit forsøk på å vere analytisk utan å vere det, på å berre la fantasien springe og dikte og for at det på den måten skal kome fram raude tråder og symbolrikdomar, at ein skal kunne opne opp eit narativt landskap, ikkje kald analyse men med varm fortolking, med innleving og inndikting. Korleis kan det sjå ut, tenkjer du kanskje? Sånn:
Do you remember?
Do you remeber, that early morning
when we went back to bed
when we found the first position
and every muscel rested
Hugsar du det, spør ho meg, og om eg hugsar seie eg, eg kjenner det i kroppen, kroppen hans mot mi under dyna, og eg hugsar korleis hjartet hans banka gjennom kroppen min og korleis mitt banka gjennom hans, dei to hjarta i litt ulik takt, og pulsen som blafra frå ein til andre, og vi fniste før vi blei stille, og i alt det varme og mjuke så sovna vi, der
Og dette var før alt skulle skje, før eg skulle bli slukt og du skulle sluke, dette var før eg skulle knuse LP-ane din og før du skulle rive ut sidene av bøkene, dette var før sinne skulle sluke oss og før mistru og sjalusi skulle flamme opp, for dette var før alt, før kjærleiken òg, før vi hadde hatt sex og før vi visste at det var oss, før vi visste om noko som var oss eller kunne vere oss, vi hadde berre treffast, vi hadde berre gått heim gjennom byen ein kveld og prata i sofaen heile natta, og av ein eller annan grunn då klokka var halv ni på morgonen spurde du om eg ville sove, og eg sa ja, og vi la oss i senga di, og der sovna vi, vi sov, der
I do remeber
that I already
knew it was the last time
The last time for first positions
the last time you’d be mine
bell hooks om rap, kapitalisme og kolonialisme
Feminist, buddhist, kulturteoretikar, afro-amerikanar. bell hook (eller Gloria Watson, som er hennar personlege namn) snakkar om RAP, sexisme, kapitalisme, kvit herredøme. Sjekk det ut.
Skam: ein musikkvideotidsreise
Eg skreiv nett eit innlegg på grapecityjuice med ein av mine favoritt discolåter, Shame, og så tenkte eg litt på det, kor fantastisk underleg og fint det er med ein discolåt om skam, og så søkte eg litt rundt, berre for å kunne presentere nokre av mine favorittmusikkvideoar om skam.
70-talet: Diskosskam
Eg elskar denne songen, og denne video, fordi han er så kornete, svart og blå. Og songen, fordi han er ein av dei gladaste songane om skam, om brennande skam og kjærleik samstundes som han er ultradansbar. Digg.
80-talet: Nybølgjeskam
Denne songen og videoen er faktisk heilt nydeleg, med sin fantastiske 80-tallsestetikk og syntføring burde denne absolutt vere materiale for ein skamrevival. Oppsig.
90-talet: Industrirockskam
Om førre video var eit nydeleg eksemplar av 80-tallsestetikk er ikkje denne mindre eksemplarisk for sitt tiår. Industrirocken som skulle ta av, og det nydelege bleika guttehåret, dei raude stripane, dei stramme halsbanda. No skal visst 90-talet kome igjen. Skamfeitt.
00-talet: Skuggeskam
Shame is the shadow of love, syngjer PJ Harvey, dama som tøffare enn toget er òg mjuk og sår, og nett det synast i denne fine videoen, full av røyk og skugger. Skamfint.
10-talet: Skamlaus RnB
I denne videoen til Jill Scott deltek ikkje mindre enn desse snasne folka: Black Thought, Mos Def, Pharaohe Monch, Peedi Crakk, Ms. Jade i tillegg til Eve. For eit stjernelag, som alle kjem saman for å feire Scott. Skjønner eg godt. Kanskje ikkje like fantastisk som “Hate on me” men ho er framleis skamlaust deilig å høyre på.
Har du nokre skamfavorittar?
Afrika men ikkje Afrika
Eg skriv om Afrika til filologen. Eller ikkje om Afrika, for eg kjenner ikkje Afrika, men om Afrika, førestellinga om Afrika, den som finnest, på kartet, i bøker og i filmar. Eg skriv om spora av Afrika som har spreidd seg ut over verda. Det kjennest farleg, å skrive om noko eg kjenner og ikkje kjenner, noko eg har lese så mykje om men aldri har opplevd. Går det an å skrive om noko Afrika utan å ha vore i Afrika, går det an å kjenne Afrika utan å kjenne Afrika, og går det an å skrive om førestellinga av Afrika utan å ende opp i eksotisme?
Av og til trur eg det er bra, å røre seg ut i det ukjende, for å sjå korleis ein ter seg der. For å oppdage noko ukjent om seg sjølv. For ofte, veldig ofte, fortel våre førestellingar om andre meir om oss sjølv enn om dei. Spørsmålet blir om ein kan sjå Afrika inn i Afrika, eller om det einaste ein kan klare er å sjå seg sjølv.
Blir det tekst av det, så skal du få sjå. Av og til er uvissa god. Uvissa tydar jo gjerne at ein freistar noko ein ikkje veit om ein får til. Då kan det utrulegaste skje. Eller ingenting!
Valdtekst. Vald, kastraksjon, kjærleik: Tori Amos
Tori Amos finn si eiga stemme. Silent all These Years frå Little Earthquakes.
Amos og meg
Då eg endeleg oppdaga Tori Amos i år, ei oppdaging som kom overraskande seint gitt min store interesse og kjærleik for visesongdamer, blei eg forelska. Ei spade er ei spade. Og eg blei forelska.
Når eg skal byrje med ein artist byrjar eg som regel med debutalbum. Dei har ei heilt eiga stjerne hos meg, eg elskar debutalbum. Amos første heiter som mange veit “Little Earthquakes” ei tittel som er svært passande på fleire punkt; både korleis albumet var innhaldsmessig, korleis songane raste fram i beste richterskalastil og verknaden albumet fekk på meg. Spesielt kanskje det siste.
Men kven blir vel ikkje litt rista i møte med ein ny artist som på magisk vis verkar å vere nett din nye favoritt ved første gjennomlytting? Det er jo sjokkerande med kjærleik ved første lytt.
For ikkje å snakke om kjærleik ved første blikk. For i vår tid med youtube hadde eg plutseleg tilgjengeleg ein milliard videoar og konsertopptak, med forskjellege songar, med same song, i live, i ei eller anna video offisiell eller ei. Om Knausgård skriv om å vere avhengig av porno kunne eg skrive det same om Amosvideoar. Ganske forskjellig. Kanskje ikkje heilt ulikt.
Eg blei jo som sagt forelska i Amos. På relativt kort tid har det utvikla seg til eit kjærleiksforhold, som eg vil påstå går ganske djupt. Om det eg først såg var det vakre andletet, dei søte songane og den enorme utstrålinga tok det ikkje mange lytt før eg oppdaga at det var så mykje, mykje meir til det heile. Det var nok på eit eller anna punkt då eg byrje å elske.
Eg har ofte tenkt at kjærleik er vilje til å kommunsere. Til å lytte, til å forstå og til å formulere. Alt det enormt vanskelege som fyller eit menneske. At ein av dei første songane eg høyrte frå Amos var Silent all These Years, der ho synger om å finne si eiga stemme. Og er det noko ho nett gjer frametter er det å bruke denne stemma.
Tori Amos syng songen Crazy og fortel om sitt forhold til pianoet.
Subjekt/Objekt
Tori Amos er jo, som vi alle veit, ei dame. I motsetnad til så mange andre fantastiske kvinnelege artistar er ho ikkje berre ei fantastisk artist, ho er òg ein fantastisk låtskrivar. Som så mange andre kvinnelege artistar er ho òg svært sensuell når ho opptrer, men Amos framstår likevel annleis enn mange andre damer når ho opptrer. Det verkar i alle høve for meg nærast umogleg å sjå ho som eit objekt. Skal ein vere aldri så lite generaliserande kan ein seie at Amos er meir av eit sexsubjekt enn eit sexobjekt. Når ho opptrer med pianoet (som ho alltid kallar for ho) er dei ei framsyning av eit intenst forhold mellom menneske, musikk og instrument. Eit forhold der korkje Amos eller pianoet heilt framstår som objekt.
Kanskje er det ikkje så underleg at eg ikkje klarar å sjå Amos som eit objekt. For objekt blir ein i kraft av å vere stille. Ved å ha munnen lukka, javisst, men òg i ei meir overført tyding; ved å ikkje kjenne si eiga stemme eller bruke denne. Eit subjekt er ein som talar. Og det gjer i aller høgste grad Tori Amos. Og ho talar mange midt i mot.
Tori Amos syng om menns utfordra seksuelle posisjon. Better make her rasperry swirl.
Kastraksjon
Når Gary Taylor i boka Castration. An Abbreviated History of Western Manhood skal skrive historia åt manndomen går han vegen om kastraksjonen. Å finne ut nett kva manndom er er jo eit uhorveleg stort og vanskeleg emne. For Taylor blir det eit poeng at vegen til manndom gjerne går om det umannlege. Og kva er eit historisk gjennomgåande døme på ein mann som ikkje er ein mann, om ikkje kastraten?
Eit poeng for Taylor er vidare at sjølve kastreringa har gått frå å vere orientert mot ballane, og dermed manglande evne til reproduksjon, til penis, og dermed evne til å tilfredsstille seksuelt. Kva vedkjem reproduksjon er jo “mannen” som deltakar i eit samleie overflødig;ein kan utan problem få sæd frå ein anonym donor i ein sædbank. Det spesielle med mannen i ein seksuell relasjon blir dermed penisen, og hans evne til å nytte denne til å tilfredsstille seksuelt. Men kva tyder eigentleg dette i ei seksuelt frigjort verd?
Når biseksuelle Amos synger boy, you better make her rasperry swirl kan ein ikkje sjå det som noko anna enn ei utfordring. For kva skal ein med ein mann, for ikkje å snakke om ein penis, når ein fingre eller ein munn kan gjere jobben? Når ein kan få tilsendt ein gummipenis på eit par dagar? Bruken hennar av boy gjer det enno tydelegare at det kan stå om manndommen.
At mange menn tykkjer dei har kome tapande ut av dei siste femti åra med kvinnefrigjering er sikkert ikkje overraskande. Michael Kimmel ser i boka A Man’s World? Changing Men’s Practices in a Globalized World på forholdet mellom forskjellege typar maskulinitetar. Spesielt interesserer han seg for ei gruppe han kallar nedovermobile, rurale menn. Felles for dei er det at dei som eit resultat av globaliseringsprossesar og kvinnefrigjering har miste mykje av si tidlegare stilling i det offentlege patriarkatet, ettersom makta er blitt meir sentralisert, i større grad distribuert til kvinner og “feminine” menn (jøde, homofile og svarte), og sjølvstyre er marginalisert. Desse har i tillegg ein del felles haldingar: Dei er for ein forminske staten mest mogleg, og mot det dei kallar “the nanny-state”. Dei er for mest mogleg våpenfridom, desentralisering av makt samt fjerne kvinner, svarte, jødar og homofile frå viktige stillingar. For desse mennene blir det i tillegg viktig å gjennoopprette det private patriarkatet. Det er nemlig ikkje sånn at ei svekking av det ålmenne patriarkatet må tyde ei svekking av det private. Svekkinga av det ålmenne kan og føre til det Kimmel kallar ein “backlash”, det vil seie forsøk på forsterking av det private patriarkatet. Og det er nett her vi kjem attende til Tori Amos igjen.
Tori Amos syng om ein valdtekt
Valdtekst
Det private patriarkatet er avhengig av at det finnest kvinner som det er mogleg å få til å underkaste og la seg dominere av menn i eit forhold. Eg skriv mogleg, for dei treng streng tatt ikkje vere viljuge, så lenge dei kan skremmast til det. I eit samfunn der det ålmenne patriarkatet er sterkt er denne forma for terror sannsynlegvis ikkje særleg naudsynt; om kvinner korkje kan arve, studere eller få jobb er dei heilt avhengig av å underkaste seg ein mann for å overleve. Men ettersom det ålmenne patriarkatet generelt er blitt svekka dei siste femti åra treng ikkje kvinner på same måte menn som før (alle treng sjøvsagt nokon, og mange er jo hetrofile, men du forstår). Ikkje økonomisk, ikkje seksuelt, ikkje reproduktivt.
Når mange menn ikkje lengre er overmektige kvinner i form av tilgang på pengar, nettverk og kunnskap (mange er framleis det, men på langt nær så mange og i så stor grad som før) står det likevel ein ting igjen som dei kan nytte til å få kvinner til å underkue kvinner: Sin styrke og sin seksualitet. Taylor, kastraksjonsmannen, snakkar om nett dette: Ein tradisjonell aspekt ved det å vere ein mann er å ha kontroll over familien. Har ein ikkje kontroll får ein nytte det ein har av ressursar til å gjenerobre denne. Fysisk og psykisk mishandling, vald og valdtekt er mellom dei midlane ein har til å skremme og halde kvinner under kontroll.
Eit overgrep handlar om makt. Det handlar om å øydelegge nokon sin seksualitet, sjølvtillit og sjølvstende. Om å gjere folk redde, skamfulle, stille.
Derfor er det så spesielt når Amos synger Me and a gun. Når ho vel å dele ein song om ein sjølvoppleven valdtekt med heile verda nektar ho å vere eit offer. Som i desse strofene der ho deler sine tankar under eller etter hendinga:
It’s kind of funny things you think
at times like these
Like I haven’t seen Barbados
So I must get out of this
Dessutan nektar Amos å skamme seg. Ho nektar å ta på seg skulda. Joda, ho gjekk med ei lita raud kjole, syng ho, men det tyder faktisk ikkje at kven som helst kan ta seg til rette!
Terror handlar om å skremme. Men ved å synge om terroren, vegen ut og livet vidare synar Amos at ho ikkje let seg kue. Ho er ikkje redd, ho er ikkje skamfull, ho har kome vidare.
Kan vi transcendere?
Tori Amos syng songen Winter til faren. Om å bli vaksen; sin eigen person.
Amos voks opp med ein prest til far. I ein patriarkalsk kultur er forholdet til far kanskje ikkje til å kome bort i frå. At det for Amos har vore viktig er denne songen eit av mange prov på.
Det er lett å sjå føre seg mange potensielle konfliktar i forholdet mellom Amos og faren. Nokre i kraft av personane dei er, og andre i kraft av at dei er nett far og dotter. Songen her syner nett dette, dilemmaet som kan oppstå for ein son eller ei dotter: Mellom å ville vere seg sjølv og sin fars barn, ein han kan vere stolt av. Og kva som skjer når bilete av barnet åt faren kolliderer med den vaksne dottera.
Og nett her ligg det sorgfulle i songen sånn eg ser det. Ei vaksen Amos (songaren) opplev det faren i songen formildar til den unge Amos: Ting vil forandre seg. Faren veit at dottera ikkje alltid vil føle den same ukompliserte, alt-utslettande kjærleiken til han, og at ho vil kome til å måtte velje mellom å vere hans dotter, og sin eigen person. Å bli sin eigen person handlar for ei jente nett om å bli ei kvinne; for Amos verkar dette å handle om gongen frå eit tilvere fylt av platonsk kjærleik til faren til eit tilvere fylt av vaknande, herlig og komplisert seksualitet (mot all the white horses?) og motstridande identitetar; ønske om å både vere fars jente og vaksen kvinne. Eit ønske som kanskje lar seg sameine. For så lenge barnet er lite har det ikkje eit gjensidig forhold til faren, det er avhengig av hans hjelp og av å bli skjerma frå dei farlegare sidene frå verda. Som vaksen må dei bli kjende med kvarande på nytt. Eg ser føre meg at det er nett det som skjer i siste verset av songen i det den vaksne Amos møtar faren, i det han er blitt gamal håret er grått, det flammar i peisen/så mange draumar på peishylla. I møte med alderdomen og eit levd livd er det berre ein ting faren ønsker av Amos, i det han seier eg ville berre at du skulle vere stolt av meg. Treffende nok svarar Amos, det skulle eg alltid ønske sjølv.
Sånn eg forstår det kan slutten på songen tolkast på to forskjelleg vis, ein som happy ending, og ein som tragic ending.
you say i wanted you to be proud of me
i allways wanted that myself
For kva er det eigentleg Amos svarar til faren? Han seier at han ville ho skulle vere stolt av han. Ho seier at ho alltid ønska det sjølv. Tragic ending tilseier at ho her seier at ho òg alltid skulle ønske ho kunne vere stolt av han. Men ho er det ikkje. Dermed konkluderer songen med den vonde opplevinga av å gå frå å vere ei stolt dotter til ei ikkje stolt kvinne. Tragic ending. På den andre sida kan ein fortolke Amos’ svar som eit bekreftande nikk, det var det eg òg ville, og dette forstått som at ho òg alltid ville at han skulle vere stolt av ho. På denne måten kan ein forstå endinga som happy, av di songen endar med at dei ti gjenkjennar kvarandre som gjensidige subjekt i eit meir likestilt forhold der dei i lik grad ønsker respekt og akt frå den andre; dei har transcendert forholdet far/dotter og kome ut som to menneske. Kanskje går det an?


Desse har synsa: