Bør vi vere snille med Märtha? Ja.
Ida Jackson stiller på bloggen sin spørsmålet “Må vi vere snille med Märtha?” Svaret hennar er nei, det må vi ikkje. Eg tykkjer det er eit utruleg viktig spørsmål, fordi det går inn til kjerna av korleis vi skal føre debatt og skrive kritikk. Svaret mitt er annleis, svaret mitt er ja, det bør vi. Vi bør vere snille, men det tyder ikkje at vi ikkje kan vere kritiske samstundes.
På blogginnlegget skriv Jackson at ho ville vore huggeleg om ho trefte “den skrullete venninnen hennes på fest” men vil ha fridomen til å “kritisere, erte, latterliggjøre og plukke fra hverandre alt det dumme Engleprinsessen sier og gjør i offentligheten”.
Veit de kva? Eg tykkjer den tankegangen høyrest både litt feigt og litt farlig ut. Dette gjeld ikkje først og fremst Jackson, for ho er stort sett både veldig sakleg, smart og ordentleg i sine kritikkar, men eg trur mykje av kommentararkulturen vi elskar å hate på er drive av ein liknande tanke: Tanken om at så lenge det er skrifteleg, så kan ein kritisere på kva måte ein vil utan å bry seg om å vere korkje konstruktiv, sakleg eller kjenslevar. Om ein ikkje kunne sagt det same fjes til fjes som ein skriv i debatten, vel, så meiner eg at ein bør reformulere seg. Ikkje berre fordi ein helst ikkje skal såre folk, men fordi eg trur ein får ein betre, meir sakleg debatt av det.
For eg er absolutt ikkje motstandar av debatt, tvert i mot så brenn eg for det. Eg er heller ikkje særskilt positivt innstilt til korkje Engleskoler eller Märtha sine bokprosjekt. Så kvifor er eg kritisk til innlegget til Jackson? Vel, fordi eg meiner det er ei forskjell på latterleggjering og god kritikk. Latterleggjeringa får gjerne dei som allereie er samde til å humre med, men det overtyder ingen som ikkje allereie er samd. Dessutan skapar det større splid mellom partane. I debatten med folk som stemplar henne som skrullete vinn Märtha mykje. For kven vil ikkje gje si støtte til nokon som er dum og snill heller enn smart og slem? Kva tapar vi ikkje når det er det debatten blir handlande om, stakkars Märtha som bli mobba? Som ikkje har hatt det så lett? Kva tapar ikkje alle vi som er tilhengar av opplysande debatt på dette?
All ære til dei som klarar å møte (folk dei ser som) skruller med sakleg kritikk, Det gjeld antan det er Hanne Nabintu Hærland, Märtha Louise, sjefane i UDIR eller andre som forten å bli møtt med kritisk blikk.
Sist men ikkje minst: Kritikk som går på person heller enn sak er særskilt noko som rammar kvinner. Latterleggjering, hat og truslar rammar i enno større grad kvinner enn menn i samfunnsdebatten. At mange kvinner vel å trekke seg bort heller enn å møte den massive hatstormen gjer at vi mist mange kritiske røyster, og det trur eg vi som nasjon tapar meir enn vi klarar å forstå på.
Kjør debatt. Men hald han sakleg, og ver snill, plis.
Pst! Fint, ikkje sant?
Nydeleg FIN publiserte forresten dette intervjuet med meg her for nokre dagar sidan. Kva tykkjer du? Fint ikkje sant?
Musikalsk og maniert. Motmelding.
For ein stund attende blei boka mi meldt av dagbladet og Silje Stavrum. Meldinga deira kan du lese her.
Ein stunde sidan. Det er ein stund sidan mamma sendte meg ei melding på føremiddagen. Nesten to veker sidan, faktisk. Mamma er betre enn retrievertenesta til A-tekst (og det seier ein del, for ho er fantastisk), og får stort sett snusen i både det eine og det andre. Sist hadde ho funne ut at ei kronikk eg hadde skrive i tenåra var nytta som referanse for ei stortingsmelding. Og no var det altså meldinga i dagbladet. “De har anmeldt deg i dagbladet i dag”.
Det var på måndag. Måndagen hadde vore ganske kjip, og eg hadde nett sette meg ned for å ete lønsj med to venninner. “Korleis er meldinga” spurde eg. “Skikkeleg kjip dag, så om det er dårleg orkar eg ikkje lese..”. Mamma ringte og forsikra meg om at det var bra. Eg pusta letta ut. Kven var det som hadde meldt spurte eg. Silje Stavrum, svarte ho.
Silje Stavrum. Stavrum er kanskje ein av dei få meldarane eg er litt redd for. Etter at eg fekk vite at dagbladet skulle melde alle debutantbøkene, tenkte eg i mitt stille sinn, “berre eg ikkje får Silje Stavrum”. Ikkje fordi ho ikkje er flink, for det er ho, men fordi ho er uforutseieleg, og fordi ho meiner ting sterkt. Dette burde jo sjølvsagt vere gode eigenskapar i ein meldar, spesielt for dei som les meldingane og oppriktig lurar på om dette er ei god bok, om dette er ei bok dei skal kjøpe og lese, men for ein forfattar er dette litt skumle eigenskapar. Det er alltid vanskeleg å vite kva ho vil synest om bøker. Ho er litt som ein katt, på eit vis. Ho er vill, ho er høgt og lågt og trass i at ho tek nokre sjansar og av og til synast som ho har gått for langt og fell frå høgda, så landar ho tilsynelatande alltid på beina. Ein kan ikkje ta ho på noko, for ho skriv ikkje dårlege meldingar.
Desto skumlare er det å bli meldt av ho.
Men det var ikkje berre det med meldaren som er kunne vere eit uromoment. Dagbladet er jo ei av dei avisene flest av dei eg kjenner les, og særskilt nettversjonen deira. Det som kjem på vevsidene til Dagbladet.no, det les mange. Og det er unekteleg rart å sjå seg sjølv, der, på ei av dei sidene du dagleg er innom, uansett kor mange sex-, mote- og lågkarbosaker dei presterer å publisere. Er ein berre ørlite forfengeleg er det jo ein av dei meir keisamme plassane å bli slakta. Der, ved sidan av puppene til Kirsten Dunst eller smilet til Hexeberg.
Men eg blei jo ikkje slakta! Heller blir eg ein slags slaktar. “Maltraktert kjærlighet fra ung poet med finslipt skalpell” skriver Stavrum i det som kanskje må vere ein av dei lengste titlane eg har sett. Maltraktert kjærleik.
Vidare skriv Stavrum om Knausgård, og opningsetninga hans “For hjertet er livet enkelt”, og at den, på sett og vis, er eit premiss for mi bok. Og det er det ikkje så underleg at ho tenkjer. Eg hugsar når boka hans kom, då eg framleis heldt på med boka, og eg las setninga så tenkte eg, shit, jaja, no kjem hjartet til å vere over alt (det var jo litt naivt, ikkje sant, å skrive ei bok av hjartet og så bli overraska over at det plutseleg var over alt). Men ikkje berre skriv Knausgård om hjartet i første bok, han skriv om daudsprosessen, den heilt fysisk daudsprosessen, og han nyttar han til å skrive om livet. Livet og dauden, medisin og fysiologi. Dermed er det ikkje underleg at Stavrum tenkjer på nett den boka når ho les mi. Men korleis kan ein kome ut om ein blir samanstilt med ein av noreg mest populære prosaistar?
Ikkje så verst. Etter å ha nemnd Knausgård skriv ho om boka mi, og ho skrildrar korleis mitt “poetisk univers er utpreget musikalsk” når eg “dissekerer ord for ord, organ for organ, i en både besyngende og obduserende modus”. Nett at Stavrum fokuserer på det musikalske gjorde meg særskilt glad, fordi det er eit aspekt ved boka som ingen av dei andre meldarane har trekt fram. Når ein er så heldig å få fleire meldingar er det særskilt fint å sjå at meldarane vel å trekke fram forskjellege sider av boka. Og det musikalske, det syngjande språket, det er noko av det eg prøvar mest å få fram i dikta mine.
Er Stavrum heilt nøgd? Nei. Ho meiner ein del av referasane til røynda som er i boka verkar som stilbrot, “påklistret og maniert”. Det er interessant. Påklistra tyder jo typisk noko som kjem utanfrå, som blir limt fast. Eg tenkjer på kollasjen. Maniert, på si side, har synonyma unaturleg, tilgjort. Unaturleg og påklistra. Som noko som ikkje skulle ha vore der. Som noko som er igjen, etter noko har vorte borte. Den levande stemmen på ein telefonsvarar.
Å skrive dikt er alltid ein skjør balanse mellom det musikalske og det manierte. Å skrive dikt er jo alltid å ein annleis måte å skrive på, ein måte der andre karakterer enn tydinga er med på å velje kva ord som blir ståande på sida. Ord blir veld ut grunna dei bildene dei representerer, dei assosiasjonane som er knytt til dei eller dei lydane dei lagar. På eit eller anna vis er dikt alltid maniert. Trikset er å få det til ikkje å verke sånn.
Avsluttingsvis tippar Stavrum at ein kan vente seg meir språkarbeid frå debutanten. Eg veit ikkje om Stavrum er synsk, men rett vonar eg likevel at ho har. Ikkje berre vonar, men eg har trua òg, for eg er nemlig meir enn godt i gong med neste bok. Så får framtida syne, om ho blir mest maniert eller musikalsk.
Internettkjærleik – om omtalar vs kritikk
Har har fått to omtalar, to omtalar eg ikkje kan kalle meldingar fordi dei er skrivne av folk eg kjenner og som eg likar alt for godt til å lese det som meldingar, men som har skrive om boka mi og som har skrive sånt som gjer ein så utruleg glad.
Eg elskar internett av og til, mest fordi der er her nokre av verdas finaste folk bur her. Mellom verdas finaste folk finn ein Mette Karlsvik som kjem med bok no snart, boka Bli Björk som eg gler meg veldig til, ei bok som handlar om Island, om Björk og om familien hennar. Mette har skrive om boka mi på vevstaden magasinett.no som er eiv vevstad for ungdom på nynorsk. Ho skriv om korleis boka blei ekstra aktuell på grunn av 22. juli. Sjå til dømes her:
Fullt kaos, og likevel med ein orden i ei splintra verd. Ikkje heilt ulikt 22/7. Den absurde kjensla den dagen, bare minutt etter bombeeksplosjonen, då eg trong å kome meg frå sentrum, og oppdaga, forvirra, litt redd, men også med ei ny, stor ro, at kollektivbussen rusla og gjekk rundt og rundt Oslo. Gjennom kaoset, gjennom folkemengder, no og då køyrande opp mot fortauet for å sleppe sjukebilane forbi.
Hjarte og roser. Men først og fremst hjarte har vore symbol for den kjærleik og samling som vi dyrka rett etter 22/7. Det har vore frykt for at vi skulle gløyme, at det fellesskapet som vi bygde umiddelbart etter terrorhendingane skulle “fade” ut, som øyresus, nynninga di// den eine tonen/ som etterfølgjer/ krasjet
Bøker som dette, er bøker som tør å ta opp det som er aller mest alvorleg og vanskeleg. Sorga. Det at ting skjer, store ting som vi ikkje bare kan skuffe bort og gå i frå. Ting som vi må ta inn i liva våre, som vi må integrere i det å vere menneske, i identitetane våre, i sjølve språket.
Mette har vore med som konsulent på manuset, og nett dette skriv ho om i omtalen, om korleis ho las det før det blei eit manus eingong, som mentor på vevsida trafo.no. Det var ho som tilrådde meg å sende manuset til samlaget. Mette har vore med heile vegen, og derfor er det er spesielt fint og lese det ho har skrive om boka. Kanskje berre for meg, men kanskje for andre òg, kanskje får dei nett ved denne meldinga eit innsyn dei elles ikkje ville fått, eit innsyn inn i arbeidet frå eit brokete manus til ei ferdig bok.
Eg har òg fått fin omtale på New Narratives. NewNarratives.wordpress.com er ein norsk bokblogg på engelsk skriven av litteraturstudentar på universitetet i oslo. Karina Rose Mahan, som er ein av initiativtakarane, har skrive om boka mi der. Ikkje berre har ho skrive om han, ho har til og med omsett eit av dikta til engelsk. Å sjå seg sjølv omsett er kanskje noko av det finaste eg har opplevd. Eg stel frå bloggen:
I wanted to see the heart
without metaphors, unbounded by stories
what I found was the atrium, the room
with the furnace, and the heart became flaming, I found
atriovetricular valves and semilunar valves that waved through the bloodstream
the heart became a ship, a windowwith the wind blowing
the blood singing I found
two heart sounds, one heart
that plays, that pulsates, that always beatsthat can lose its rhythm, get out of
beat, lose a throbthat can burst out of sorrow
lose itselfif love fails
Dette blir altså ikkje ei ordentleg motmelding, fordi meldingane ikkje er ordentlege meldingar. Dei er meir omtalar, ord skrivne om boka av folk som kjenner meg og vil meg vel. Og det er jo nydeleg, men samstundes noko anna enn når ein meldar med meir avstand meldar boka. Kritikk treng avstand for å verkeleg kunne verke. Til desse omtalane har eg ikkje avstand, og derfor vil eg berre dele vidare, dele og takke, som kanskje er det beste ein kan gjere når ein har fått noko fint.
Omtale og kritikk, det er to forskjellege ting. Dei er begge verdifulle. Omtalane både nærar og mildnar. Men kritikken, den som tør å vere ærleg og vanskeleg, gjerne utan å vere stygg, den utfordrar og dyttar ein vidare. Like kjærkomne, om enn ikkje alltid like lette å ta imot, er dei begge to. Og viktig å halde frå kvarandre. Fordi dei tener to forskjellege formål, som begge er viktige i litteraturverda. Formidlinga og delinga av bøkene ein er glad i er det som spreier litteratur frå folk til folk. Denne entusiasmen er uvurderleg, for både lesarar og forfattarar. Men kritikken er ikkje mindre viktig, fordi han sett spørsmålsteikn ved våre vurderingar, synar fram dei maktforholda som finnest i litteraturverda og gjev oss nye og gode verktøy for å lese, reflektere over og vurdere litteratur.
Måtte dei begge blomstre side om side.
Lyrikk og kritikk: Mellom Blindern og bensinstasjonen
På fredagen som var fekk eg melding i verdas finaste vekeavis, Dag og Tid . Ved sida av meldinga av mi bok kan du samstundes lese den fine meldinga av boka til Sondre Midthun som eg har tilrådd her Eg var på hytta på Haugastøl med relativt begrensa internetttilgong, og derfor kjem dette tilsvaret litt seint. Det var ei kjekk melding å lese, og endeleg kom det ei melding som tok utgangspunkt i ein akse eg sjølv har tenkt mykje på, nemlig aksen frå blindern til bensinstasjon, frå det “låglitterære” til “det akademiske”. “Er vi hjerte-smert eller hjertemekanikk” spør meldaren i overskrifta. Godt spørsmål.
Frå hjertesmerte og hjartemekanikk. Frå dikta mange skriv i ungdomen, til dei dikta mange tenkjer er vanskelege og utilgjengelege, og andre motstandsfylte og interessant. Frå ein sjangar mange grip til for å uttrykke sitt vonbrot i kjente vendingar, til ein sjangar dei er redde for å lese i frykt for ikkje å forstå. Lyrikken er både kjent og framand på same tid, han kan både vere hjertesmerteklisjefyllt, kjent og trygg, og utfordrande, uforståeleg og fantastisk ny.
Nett dette har eg tenkt mykje på sjølv. Kan ein skrive seg inn mellom desse to, hjertesmerte og hjartemekanikk, skrive seg inn ein plass mellom dei to, så både smerte og mekanikk kan gå over i kvarandre og ein kan treffe to forkjellege typar publikum? Frå ein bakgrunn som er “tradisjonell, nesten til ein kioskroman” til “ei traumtisk annleis bok”? Eg veit ikkje om det går, men det er noko eg har tenkt på, òg forsøkt på. Å få ei lesing som ser nett det er veldig, veldig fint.
Eg har vont at boka korkje er for tilgjengeleg, eller for lettvint, eller for lite tilgjengeleg, eller vanskeleg: For meg har nett det vore ei balanse mellom ei historie om tap og det å skrive tematisk om kropp. Bokmeldar Hoel meiner boka kanskje er “litt for blindersk” og det kan det godt vere han har rett i. Å finne balansen mellom blindern og kiosken er ein vanskeleg øving. Grensane mellom høg og lågkultur, mellom blindern og beninstasjon er heldigvis konstruerte og i stadig endring, spesielt i disse dagar då Karl Ove Knausgård blir seld i pocketversjon på Rema. Er det godt nok kan det nå ut til alle: Frå Blindern til Rema. Det er fint å sjå. Og eg har fått enno ein god, konstruktiv melding.
Men korleis er det med lyrikkkritikken? Kvar på aksen mellom blindern og bensinstasjonen utøvar lyrikkkritikken seg? Julie Brannfjell (@brannfjell) twitra om det ho kalla poesivegring, at det var vanskeleg å folk til å melde poesi fordi mange var redd dei ikkje var kompetente nok. Det er synd at folk skal vere redde for å melde dikt, for eg trur diktsjangeren har godt av at fleire tør å meine noko om han. Ideelt sett hadde vi hatt fleire forum og meininsyttringar som låg nærare bensinstasjonen enn blindern, der folk snakka om og vurderte dikt med forskjellege gradar av grundigheit og saklegheit. Dodøren, bloggar, twitter, nattogdag, det er generelt synd at folk ikkje tør å meine meir om poesi. Gjerne i form av ukvalifisert synsing, slakting og tilråding. Snakkar ingen om poesien er han jo langt mindre vesentleg enn om han startar debatt. Debattar kan gjerne starte med brannfaklar, og ei hatutsegn er som regel betre enn eit skuldertrekk. I ei tid der poesien vert gøymd bort bakerst i hyllene i bokhandlaren er det synd at så få tør å seie noko som helst om han. Utfordring, debatt og samtalen har ingen vondt av.
Inntil vi får dodørdebatt om nye diktsamlingar kan eg etter ei runde med motmeldingar av mine eigne bokmeldingar og lesing av fleirtalet som vert publisert i aviser som morgonbladet, dagogtid og klassekampen konstatere dette: Norske lyrikkmeldingar er kjenneteikna av eit gjennomgåande høgt nivå og ei vilje til å gå inn og stoffet og vurdere og setje det i perspektiv. Mangelen i den kollektive samtalen om lyrikk er ikkje å finne i avisene, men utanfor dei. Folk snakkar lite om lyrikk, på soverom, på bussen, på skulen, på twitter og på bloggar. Eg trur ikkje lyrikkvegringa Brannfjell skreiv om grensar seg berre til bokmeldarar, eg trur ho ligg som tjukk tåke over heile landet. Spørsmålet er korleis det har blitt sånn, og kva i all verda vi kan gjere med det.
Friksjon og formidling. Å bli intervjua
I haust har eg gjort nokre av mine første intervju, og då har eg plutseleg både opplevd og forstått dette som alle som vert intervjuar før eller seinare får meg seg: Som intervjuobjekt vert ein alltid formidla. Når ein sit der og svarar på spørsmåla er det lett, om enn naivt, å tenkje seg at ein kjem til å stå fram gjennom teksta, at ein på mystisk vis skal klare å strekke seg ut av avissida og ta lesaren i handa. Men uansett kor objektivt og verkelegheitsnært journalisten skriv, uansett om du får sitatsjekk eller ei, så er det eit faktum at i det nokon andre gjer deg til skrift så sluttar du å vere deg sjølv. Du blir eit tekstobjekt. Ein funksjon i nokon sitt spel.
Avisene og sakene eg har vore intervjua i er forskjellege i lengde og i fokus: Mini-intervjua i debutantsakene til Aftenposten og Dagbladet, “Den alvorlege generasjonen” ei lang reportasje i D2 med intervju av fleire unge folk, ei lita sak i lokalavisa Åsane Tidene, eit lengre portrettintervju i BA, eit debutantintervju med bokogsamfunn og to enno upubliserte intervju med eit nettmagasin og ein blogg. Det som slår meg med desse tekstene er kor forskjellege eg framstår, og kor mykje styring dei forskjellege journalistane tek i denne framstillinga, anten dei er det medviten eller ei. Ikkje det at det er feil at journalistar har ein agenda, eller eit ønske om å framstille ein person på det eine eller det andre viset, det er berre eit faktum. Eit faktum det er så lett og gløyme når ein sit og les eit intervju i avisa at det interjuobjektet er både omskrive og redigert. Eit intervju representerer eit intervjuobjekt på same måte som eit fotomanipulert biletet representerer ein modell. Klart det er same personen, men like er dei likevel ikkje.
Korleis skjer dette i praksis? Når ein journalist tek kontakt er det fordi ho har ei sak ho vil skrive. Vinklinga står alltid som ramme omkring intervjuobjektet, og nokon gongar fungerer det ikkje berre som ramme, men avgjer samstundes òg alle omgjevnadane du ser omkring intervjusubjektet. Døme? “Den alvorlege generasjonen”. Ein journalist leiter etter intervjuobjekt som kan illustrere ei hypotese understøtta av forsking om at ein viss generasjon er meir alvorleg enn generasjonen før, ironigenerasjonen. Etter ein times samtale med x-antal unge kvinner og menn kuttar ho ned til eit visst antal ord. Dei seier seg sjølv noko skjer når ein pratar med menneske med utgangspunkt i eit spesifikt tema og vel ut eit par av dei setningane som best illustrerer heilskapen i saka. Men nett kva er det som skjer?
Eit intervju er alltid eit møte, og eit møte er alltid på sett og vis uforutseieleg: Du kan ikkje vite kva som vil skje i møte med eit annan menneske, og du kan vanskeleg kontrollere det. Alle intervju ber preg av den tapskontrollen eit møte inneber: Du kan ikkje vite kva den andre vil spørje om, du veit ikkje korleis den andre vil fortolke svara dine, og du veit kanskje ikkje heilt kva “sak” det er den andre vil lage. Eit intervju er alltid eit møte, eit møte mellom ei sak og eit materiale, form og stoff, ein journalist er alltid ein som formidlar og fortolkar røynda.
For å orke å la meg intervjue må eg sleppe denne kontrollen, kontrollen over korleis eg eller prosjekta min formidlast. Når eg får sitat til gjennomlesing legg eg meg berre opp i dei sitata eg verkeleg ikkje kan stå for, eller heilt sjukt irriterande omskrivingar. Ofte blir ting ståande ikkje heilt som eg ville sagt (eller i alle høve skrive) det sjølv, nett fordi journalisten nyttar sitt, og ikkje mitt, språk. Eg kan ikkje skrive om heile saka for å få språket til å flyte som mitt ville. For det er jo journalisten si sak, det er ho som framstiller. Eg er materiale, eg vert forma, eg vert fortolka og eg vert framstilt. I eit kvart intervju er det friksjon mellom saka og intervjuobjektet, mellom samtalen som finn stad i røynda og den redigerte teksta.
Og nett det, denne friksjonen, er jo det som gjer intervjusjangeren så spanande, friksjonen mellom eins eiga sjølvframstilling og framstillinga til journalisten, eins eigen agenda og den journalisten har. Eit kvart interju er eit resultat av eit møte, ein kamp, og ein dans: Samtalen mellom to menneske og gnistene som flyg mellom dei.
Ærlighet og kjærlighet: Melding frå bokmerker
Bokmerker har meldt boka mi! Meldinga deira kan du lese her, og under følgjer mi motmelding.
La det først vere sagt: Eg elskar vevsida bokmerker.org, og eg likar godt mange av folka der, sjølv om eg ikkje kjenner nokon av dei veldig godt. Julie var leiar i tensingkoret eg byrja i som konfirmant, og ho var både den kulaste og skumlaste personen som var det. I det same tensingkoret var òg Anna Katharina og ho var minst like kul og mykje mindre skummel enn Julie. Men dei var store, og eg var mindre, om enn kanskje ikkje mindre veslevaksen. Linn har eg lese bloggen til sidan eg var femten, når eg byrja å blogge på livejournal. Då eg trefte Linn på fest var det skikkeleg stort. Det var LINN liksom.
Det er ein stund sidan eg var femten, heldigvis. Noko av det finaste med å ha blitt eldre er å sjå korleis folk du har kjent, eller berre visst om på sett og vis, er blitt eldre, har kome ut i verda og at dei verkar der. Det er noko av det finaste med bokmerker.org òg, fordi dei er ein blogg der det er så tydeleg at finnest fordi det er folk som verkeleg liker litteratur der, folk som les og skriv om det dei les og som gjer det fordi det å lese og skrive har ein verdi i seg sjølv. Fordi det er ein bokblogg skriv dei om nett det dei likar, og fordi dei er mange forskjellege folk blir det mange forskjellege tekster om mange forskjellege litteraturrelaterte fenomen, om bøker og filmatiseringar og bokkafear og heile det litterære sirkus.
Og i dag publiserte dei ei melding av boka mi. Det var Eira som hadde skrive, og sjølv om vi har sånn 24 felles vener på fjesboka hadde eg aldri treft ho før på måndag, då vi traff kvarandre på knøderen for eit intervju. Og intervjuet blei til ein prat fordi Eira er eit av desse fantastisk fine menneske som går rundt i Bergen by. Og ettersom Bergen er ganske liten trefte eg Eira i går òg, då ho var åleine på plakatopphenging. Ettersom eg sjølv har gått åleine i regnet i Bergen for å henge opp plakatar og strevd med teip som berre krøller seg og lagar sår på lippene så slo eg følge med ho litt rundt i byen, og vi prata meir om alle dei tinga som vi hadde prata om dagen før.
Korleis gjekk det når Eira skulle melde boka mi? Veldig bra tenkte eg. Men litt vanskeleg må det ha vore å skriev ei kritisk melding etter å ha treft og tilbrakt eit par timar saman med forfattaren. Eg veit sjølvsagt ikkje med Eira, men eg veit at eg sjølv er redd for at folk skal ta det ille opp når eg er kritisk. At eg skal bli oppfatta som sur, eller tverr eller berre at eg generelt mislikar folka eller det dei driv med. Men det er ikkje tilfelle: Konstruktiv kritikk er for meg alltid eit uttryk for eit godt ønske. Vil du nokon vel, har du likt ei bok, så skriv du ein konstruktiv kritikk. Ein konstruktiv kritikk er ikkje det same som rein ros. Folk som berre skryt har ein gjerne fleire av i familien. Nei, konstruktiv kritikk er betre enn som så, og spesielt når det kjem frå nokon du har treft og som du likar: Det er nokon som vågar å seie noko om det som kanskje ikkje er så bra, trass i at dei veit at det kanskje ikkje er så gøy å få høyre.
Men det kan vere fint å få kritikk. Og Eira sin kritikk er i alle høve fin å få. Fordi det er tydeleg at det er kritikk frå ein som vil litteraturen vel. Det er ein kritikk som vil seie noko både om det som er bra og det som kan bli betre, fordi ein ønsker betre litteratur.
Eg trur den finaste litteraturkritikken alltid er skrive med utgangspunktet til ein bokelskar: Som vi er ærlege med dei vi er glad i, er vi ærlege, fordi vi vil dei godt og nokon gongar betre.
For det er jo derfor eg skriv desse motmeldingane òg. Ikkje fordi eg ikkje liker litteraturkritikk. Tvert i mot. Eg er glad i litteraturkritikken, eg tykkjer han er viktig og eg vil han vel. Då er det verdt å vere ærleg å seie kva ein liker og kva ein ikkje likar, sjølv om det nokon gongar kan vere ubehageleg. Skal noko bli betre må ein kunne seie noko både om det som er bra, og det som ikkje er det.
“Ærlighet varer lengst” seier dei på bokmål, og koplar ein ærlighet med kjærlighet trur eg at ein har litteraturkritikk norsk litteratur kan leve godt og lenge på. Ærlighet og kjærlighet. Alltid saman. Ærlighet utan kjærlighet er rått og vondt, og kjærlighet utan ærlighet er aldri, aldri godt i lengda.
Kulturdebatt i BT: Om kvalitet: I litteratur og kritikk.
BT spurte meg om eg kunne skrive eit kulturdebattinnlegg til dei etter medlinga til Hemlich Pedersen og mi eiga motmelding her på bloggen. Det du ser under er den litt lengre versjonen av det forkorta innlegget som står på trykk i BT i dag.
I meldinga av mi bok «Hjartemekanikk» avsluttar bokmeldar Hemlich Pedersen med å stille spørsmål om kva ein kan vente seg av ein debutant. Denne debatten ønsker eg velkomen, for å diskutere litterær kvalitet meiner eg er den viktigaste oppgåva litteraturkritikken kan ta på seg.
Skal ein diskutere er det greit å vere samd om nett kva ein skal diskutere. Det er fleire ting som er uklart både i (debatt-) meldinga til Pedersen og i hans forventingar til debutantar. Sentralt for diskusjonen er det at det er uklart kva han meiner med sitt omgrep «poetisk dialog», og nett korleis han meiner å vurderer om ein forfattar eller ei tekst «innlater» seg på denne. Det er òg uklart om ein poetisk dialog er noko ein kan krevje av alle debutantar, eller om dette er eit krav Pedersen berre stiller til poetar. Er dikting å vurdere som litteraturens formel ein? Pedersen ønska å starte ein diskusjon. Kanskje kan han vere først ut og gjere reie for sitt syn?
Ikkje berre er det lurt å vere samde om kva ein skal diskutere. Vel så viktig er det lurt å vere samde om korleis ein skal diskutere. Her kjem mi andre innvending mot Pedersen: Eg meiner både ein debatt om litterær kvalitet og ei bokmelding bør fokusere på verk, ikkje forfattar. Heller enn å debattere kva ein kan vente seg av ein debutant, bør ein debattere kva ein kan vente seg av ei tekst. Det er her litteraturkritikk har sit kritiske potensiale: Det kritikaren har framfor seg er ikkje ein forfattar, men ei tekst. Dette bør òg speglast i både i diskusjonen om og vurderinga av litterær kvalitet. Spørsmålet bør vere kva det er i teksta som gjer ho god.
Skal kritikken klare svare på dette må han bli mindre refererande, og vurdere meir eksplisitt med utgangspunkt i teksta som ligg føre. Som eit døme kan eg nemne korleis Pedersen etter fire avsnitt med refereringa av innhaldet i boka avsluttar med å skrive at eg ikkje «innlater» meg på ein poetisk dialog. Heller enn å referer tekst og vurdere forfattar bør litteraturkritikken vurdere tekst. Å vurdere kvifor ho ikkje er god nok meiner eg er ei langt viktigare oppgåve enn å spekulere i kva forfattaren «innlater» seg på. Om tekstene ikkje går tydeleg nok i dialog med tradisjonen er dette interessant; nett kvifor Pedersen vurderer tekstene som «tradisjonsløse» får vi dessverre ikkje vite noko om.
Kvart år kjem det ut ei mengde bøker i Noreg. Vi trenger ein litteraturkritikk som kan vurdere om desse er gode nok. Då er det ein føresetnad at han freistar å vurdere kvaliteten på bøkene, heller enn forfattarane. I eit intervju på vevsida til Den Norske Forfatterforeningen seier leiar av Det Litterære Råd Stein Versto at for mange av dei utgjevne bøkene er for uferdige. Ein liknande dom er lett å felle over kritikken: For mange av dei bokmeldingane som vert publisert i aviser over det ganske land verkar å vere skrivne i overkant hurtig under heller kummerlege arbeidsforhold. Kritikarane gjer det beste dei kan, men det beste dei kan gjere er kanskje ikkje godt nok om dei får for lite tid, for lite plass og for lite pengar for arbeidet. Eg trur kvaliteten på litteratur og kritikk heng saman: Uferdige bøker og uferdige meldingar er eit resultat av at grundig arbeid med litteratur ikkje vert verdsett.
Litteraturen og kritikken inngår i eit symbiotisk forhold. Bokprodusentar treng kritikken for å lage betre bøker, lesarane treng kritikken for å finne betre bøker å lese, og kritikarane er avhengig av litteraturen for å i det heile ha noko å kritisere. Alle er vi ute etter at norsk litteratur skal bli best mogleg. Så la oss hjelpe kvarandre: kva gjer litteraturen god? Og kritikken? Eg ønsker debatten velkomen.
Gladmelding: Arbeidarklasseungedikt. Hurra!
Eg held fram med å melde bokmeldingane eg får for debutboka mi. Tidlegare har eg meldt meldinga frå Frode Hemlich Pedersen i BT. Denne gongen meldar eg meldinga som eg fell laurdag 01.10.11 i Klassekampen sitt bokmagasin. Denne er ikkje å finne på veven enno, så eg har saksa ut eit bilete som du kan få sjå her! Eg er ikkje noko teknisk geni, så det vart litt uklart. Men vonleg skal det gå an å lese igjennom det. Klikkar du på bilete, blir det forresten større.
Om eg ikkje var heilt nøgd med mi første melding var eg dessto gladare for mi andre. Ikkje berre er eg nøgd fordi medlinga er positiv, eg tykkjer òg (som kanskje er enno viktigare for ei motmelding) at ho var både grundig og godt skrive. Bokmeldar er i dette høve Hadle Oftdal Andersen. Oftedal Andersen er ved sidan å vere kritikar universitetslektor, redaktør og forfattar. Som Hemlich Pedersen har Oftedal Andersen grep om sin litteraturhistorie, og dei to nyttar på liknande vis (men med ulikt fokus) litteraturhistoria til å setje boka i perspektiv.
Noko av det finaste med meldinga er korleis Oftedal Andersen klarar å plassere samlinga i ein tradisjon, ikkje berre basert på tematikken i boka med samstundes på bakrgunn av samlinga si form. Han skriv at boka på mange måter artar seg “som ein eksperimentel roman frå mellomkrigstida”. Vidare meiner han å finne att ein måte “å vise fram detaljar får ein heilskap som ikkje er kjend” som han gjenkjenner frå litteraturen frå 20- og 30-talet. Han skriv at litetraturen blir så “uvand og utfordrande fordi den som fører ordet [...] er så tett på tinga at ein ikkje forstår kva samanheng dei går inn i”. Denne refleksjonen vert han spora innpå av eit funn Geir Gulliksen gjorde i lesinga av Cecilie Løveid. Dikta hennar minna om forteljingane til arbeidarklasseungar, fordi dei fortalte på ein måte som om alle visste kva det var snakk om (som gjer det vanskeleg for utanforståande å forstå).
Nett det tykte eg det var kjempefint å lese. Klart det er huggelegare å bli lest i tradisjonen til Løveid og funne interessant enn å bli lese i tradisjonen til Wergelad og Benn og funne uinteressant. Men mest av alt var det fint å lese fordi det verkar som om Oftedal Andersen har sette pris på noko av det eg har arbeida mykje med å få til: Å få til å skrive ei historie om ein situasjon der det er vanskeleg, eller umogleg, å kome ut av sitt umiddelberre perspektiv. Oftedal Andersen skriv at det er ei “sterk samling om ei ulukke”, og nett at han fokuserer på ulukka er fint å lese. Han “forstår òg at det er det at ho reflekterer etter ulykka som gjer at ho blandar det medisinske inn i det ho skriv om når dei to er saman”. Oftedal Andersen les altså boka sånn at ulukka endrar heile forteljinga, både før og etter at ho skjer, fordi ho fargar alt i sitt nærver.
Men best av alt med meldinga er likevel kanskje dette: Oftedal Andersen vurderer heile tida boka mi, og ikkje meg. Han set ikkje likskapsteikn mellom oss, eller mellom meg og hovudpersonen i boka. Det er herleg befriande. I si vurdering held Oftedal Andersen seg til teksta, og han grunngjev heile vegen vurderinga si på bakgrunn av henne. Hurra for det!
Melding av Bokmelding: Dikt, ikkje berre metadikt.
Eg har fått mi første bokmelding, og det er ei heller interessant oppleving. Avisa er inga anna enn heimstadsavisa Bergens Tidene, og bokmeldar Frode Helmich Pedersen konkluderer med å kalle dikta mine for “tradisjonsløse”. Helmich Pedersen meiner eg burde ha gått inn i dialog med forfattarar som tidlegare har skrive om kroppen, og han nemner Wergeland og Benn som representantar frå litteraturhistoria eg altså burde “slått av ein prat med”. I artikkelen avsluttar han med to spørsmål han sjølv besvarar: “Kan man forlange en slik poetisk dialog av en debutant i våre dager?”, der svaret hans er “ja” og “Går det ikke an å skrive dikt uavhengig av tradisjonen?” der svaret hans er nei. Eg er både usamd og samd med Helmich Pedersen.
Sidan Hemlich Pedersen verkar oppriktig interessert i starte diskusjonen, sjølv om han som han skriv “dessverre ikke kan føres her” tenkte eg at eg kunne skrive eit ord eller to til svar, om ikkje direkte til han, så ut i verda. Ikkje fordi eg er trist, sint eller skuffa over meldinga hans. Fordi det er eg ikkje. Eg var veldig førebudd på det faktum at ikkje alle ville like boka mi, noko anna hadde sjokkert meg djupt. Eg vil skrive eit svar fordi eg i tillegg til å ha skrive ei diktbok studerer litteraturvitskap, og er oppriktig engasjert i dei spørsmåla Hemlich Pedersen stiller avsluttingsvis. Fordi dei handlar om litteratur, og for kven og korleis han skal skal skrivast.
Kan man forlange en slik poetisk dialog av en debutant i våre dager? Problemet mitt med meldinga til Hemlich Pedersen er ikkje svara han gjev på nett dette spørsmålet. I mitt auge er det sjølve spørsmålet som er feil. Eg har ikkje latt vere å skrive ein “poetisk dialog” fordi eg ikkje visste om forfattarane Hemlich Pedersen nemner. Eg har lese dei begge to. Eg har latt vere å skrive ein “poetisk dialog” fordi eg vil noko anna med poesien enn eg vil med eit litteraturvitskaplege essay. Eg har ikkje først og fremst ønskt å skrive ei diktbok om kva det gjer med ditt syn på kroppen å lese andre dikt om kroppen, eg har ikkje hatt lyst til å skrive om korleis dikta du skriv om kroppen relaterer til andre dikt om kroppen. Eg har ikkje hatt lyst å skrive ei bok om dikt. Eg har hatt lyst å skrive ei historie. I diktform.
For det eg og Hemlich Pedersen er usamde om er jo nett kva ei diktbok bør vere, og kva som gjer ei diktbok interessant. Eg meiner ein ikkje bør kreve at diktarar går i dialog med litteraturhistoria i kvar ei bok, fordi eg meiner det er å redusere dikting til ei metalitterær øving som vil halde fram å begrense lesarkrinsen til poesien til dei som studerer litteratur. Metalitteratur er for all del flott, men litteratur treng ikkje å eksplisitt tematisere seg sjølv og si historie for å vere god.
Eit spørsmål ein kan stille seg er om dette kravet berre gjeld poesien som sjangar. Eller meiner kanskje Hemlich Pedersen at òg romanar og skodespel må innreflektere den tradisjon dei er ein del av? Er krimromanen dårleg om ikkje han går i dialog med Sherlock Holmes og andre klassikarar? Eller romanen om han ikkje reflekterer om arven etter søstrene Brontë? Burde Harry Potter innreflektere andre viktige bøker frå fantacysjangeren? Eller er det berre poesi-debutantar dette kravet gjeld for? Er det ein slags eksamen, lakmustest, der du skal syne fram alt du har lese?
Eg kunne godt ha skrive ei diktsamling om Wergeland og Benn. Men kvifor stoppe der? Med to mannlege diktarar? Reflekterer dei heile tradisjonen? Om det eg skal vedkjenne meg tradisjonen eg er ein del av og gå i dialog med han er det mange eg kunne nemne før: Sylvia Plath og Susan Sontag er to internasjonale døme, medan Lars Ramslie og Nora Simonhjell er døme på folk som har skrive om kropp og som har tydd mykje for meg. Men kvifor begrense seg til det litterære? Kvifor ikkje tenkje større? Kvifor ikkje innreflektere tydinga teve har hatt! Akutten, Grey’s Anatomy, CSI? Og sånn kunne ein halde fram. Søkke djupt ned i ein intertekstuell suppe. Og sjølvsagt, eg trur det kunne bli ei veldig interessant bok det òg, der alle dei kulturelle referansane flagra i vinden. Men det ville vere ei heilt anna bok. Og det var ikkje den boka eg ville skrive, eller har skrive. Dermed står eg i den situasjon at eg ikkje får kritikk for boka eg har skrive, men for boka eg ikkje har skrive. For nett korleis boka mi “lider under” den manglande refleksjonen “innlater” ikkje Hemlich Pedersen seg til å seie noko om. Han seier ikkje noko om kvifor han tykkjer denne “poetiske dialogen” er viktig, kva det er han ville tilføre boka.
Sett at eg likevel hadde skrive ei bok full av poetisk dialog (som i og for seg er eit spanande prosjekt), kva bok ville dette blitt? Og for kven ville det vere ei interessant bok? Eg bli sittande igje og lure på om Hemlich Pedersen meiner ein utelukkande skal skrive poesi for dei som allereie har lese Wergeland, Benn, Plath, Sontag og Simonhjell. Eg tykkjer det er øydeleggande for poesien om vi skal stille dette snevre kravet til alle poetar: at dei skal skrive metapoesi. Ikkje fordi metapoesi er dumt i seg sjølv (eg likar det godt eg) men fordi det finnest så mykje meir ein kan gjere med poesi.
Det finnest så mange der ute som er redde for dikt, fordi dei trur at alle dikt berre handlar om dikt, og for dei, som kanskje ikkje les så mange dikt eller ikkje skriv dikt sjølv, så verka metapoesien ikkje som det mest engasjerande emnet. Men vi andre, vi som les dikt og liker dikt vi har kanskje opplevd at poesi kan vere så mykje meir: er det berre metalyrikk vi vil ha? Vil vi verkeleg berre ha dikt om dikt?
Lyrikken har til alle tider vore nytta til å fortelje historier, skildre situasjonar, og å formidle bodskap av forskjellege slag. Songtekstene er i dag døme på lyrikk som folk flest meiner er tilgjengelege, som dei kan forstå, som dei kan ta til seg, kjenne seg igjen i og leve seg inn i. At ein tekstforfattar som John Olav Nilsen er ein del av ein litterær tradisjon er jo openbart, men eg trur på ingen måte han hadde blitt ein betre tekstforfattar om han i større grad hadde sunge om song eller songtekster. Han hadde heilt klart blitt ein annan tekstforfattar. Men betre? Det spørs jo heilt kven du spør!
At det ikkje går an å skrive å skrive dikt uavhengig av tradisjonen er eg heilt samd med Hemlich Pedersen i. Som forfattar og menneske eksisterer ein heile tida i den krysselda kulturen er. Eg er likevel usamd i at det er diktaren sitt ansvar å eksplisitt reflektere tradisjonen dikta er skrivne i, samt at litterær kvalitet står og faller utelukkande på denne refleksjonen. Eg vil ikkje at dikt skal bli begrensa til metadikt.
Heller tenkjer eg at det er her litteraturkritikken har sitt store potensiale: Ved å skildre det som finnest av konktekst omkring eit dikt kan ein som skribent vere med å opne poesien for lesarar. Og det er for meg eit viktig mål: Å opne poesien opp for fleire, heller enn å dyrke han som ein (meta)sjanger for dei få.




Desse har synsa: