Dyr som lever, dyr som døyr
Dette er ei omtale som vart publisert i førre nummer av Litteraturtidsskriftet Lasso
Gjennom dyra kjem vi oss sjølv nærare
Det siste året har to debutantdiktarar skrive om dyr som lever og døyr i sine første bøker. I Rawdna Carita Eira si diktbok Løp svartøre løp1 (2011) følgjer vi ei samisk ungjente som veks opp i nord med ein reinsdyrflokk, medan Lars Haga Raavand i boka Hvalfall (2012) nyttar kvalar som søkker ned i sjøen utanfor Hvaler som eit av sine hovudmotiv. I begge bøkene brukast dyra, kvalar og reinsdyr, og deira liv og død, til å seie noko nytt om menneskelivet, og menneskedøden.
Dyr i dikting
Å nytte dyr i dikting er inga ny øving: Dyra har ei stor plass innan litteraturhistoria, heilt attende til dei første nedteikna forteljingar. Frå vår vestlege ståstad kjenner vi mellom anna fablane til Esop, Metamorfosane etter Ovid, Jesu likningar, og våre eigne folkeeventyr. Her ser vi at dyra tener til å seie noko om menneske, mennesketypar, livet og religionen. Dyr har gjennom heile historia vore med oss, som farar eller hjelparar, som rovdyr eller husdyr, over eller under oss på næringskjeda. Dei er oss nære eller fjerne, kjente eller ukjente, som våre næraste vener eller farlige fiendar. På mange måtar er dei like oss, dei et, formeirar seg (om dei får lov), dei lever og dei døyr.
Det er særskilt på eit punkt dyra skil seg frå oss: deira død er annleis enn vår eiga, meiningsfull på eit anna vis enn vår død, fordi vi utnyttar han. Når dyret døyr blir det til mat, klede eller på anna vis til nytte for andre dyr eller menneske. Nett på det viset kan dyr, og forteljingar om dyr som døyr, framsyne ny meining for både liv og død i vår moderne verd. Nett dette potensialet er det dei to debutantdiktbøkene utnyttar til fulle.
Det er ikkje berre debutantdiktarar innanfor det siste året som har skrive om dyr, røynde diktarar som Gro Dale og Øyvind Rimbereid gav i året som gikk ut diktbøker der dyret står sentralt i poesien, høvesvis Støvet, skyggen, hunden og jeg og Jimmen. At fire av dei beste diktbøkene i laupet av det siste året (sjølv om Hvalfall kom i januar 2012) alle har dyret som sentral figur er kanskje oppsiktsvekkande. Både språket og kroppen har lenge vore mellom dei mest sentrale motiva for å handsame eksistensielt stoff i samtidig norsk poesi, men no kan det sjå ut som dyra er blitt mellom dei fremste motiva for å skildre eksistensiell tematikk.
Men kva med debutantane? Korleis turnerer dei denne eldgamle tematikken i sine første diktbøker?
Frå Finnmarksvidda til Oslofjorden
Hvalfall og Løp svartøre løp er begge diktbøker som på fleire vis enn dyremotiva syner fram sentrale trekk ved samtidspoesien. Som bøker ligg dei nære romanen i si form, både fordi dei er prega av eit lengre narrativ samstundes som dei er skrive i ei relativt prosa-nær form for poesi. Medan Hvalfall stort sett er ført i ein lyrisk prosadrakt, altså i form av prosadikt, er Løp svartøre løp prosaisk poesi, med normal-prosaiske setningar i poesidrakt med ujamn høgremarg. Som romannære diktbøker (eller diktromanar) har begge samlingane både eit tydeleg dikt-eg, og dei er på same vis overtydande lokalisert i eg-et sitt nærmiljø. I eine boka blir vi tatt med langt inn på Finnmarksvidda, og i den andre boka følgjer vi hovudpersonen ut i bilen til Hvaler, staden han og broren voks opp på.
Om tid, staden og handlinga si einskap var Aristoteles sitt mål for dramaet, verkar personen, handlinga og staden sin einskap å vere målet for desse debutantdiktbøkene, og mange andre diktbøker med dei. Men korleis var det med dyra?
Dyr og menneske, liv og død
Sjølv om begge bøkene tar føre seg forholdet mellom dyr og menneske, liv og død, så gjer dei dette på forskjelleg vis. Ikkje minst er forskjellen stor fordi dyra, eller dyret, høyrer til ulike sfærer: I Løp svartøre løp er reinsdyret nesten er for eit husdyr å rekne, samanlikna med villdyret kval. Reinsdyret er ein del av bodskapen til familien i samlinga, og dei lever teitt saman. Kvalane i Hvalfall er derimot fjerne frå hovudpersonen, størstedelane av livet lever dei under overflata. Det vert tydeleg at dyra tenar forskjellege omsyn i dei to diktbøkene. Der reinsdyra er heilt konkrete livspartnarar for samejenta, ein del av hennar livsgrunnlag og kvardag, fungerer kvalane i Hvalfall som dyr diktar-eget søkjer, møter og nyttar som ein del av ein sorgprosess. Ein kan ikkje leve med kvalar, men ein kan dikte seg ned til deira djup medan ein ser ut over havoverflata. Kvalane som søkker ned i sjøen bli i boka knytt til tapet av ein bror, ein bror ein som lesar tenkjer kanskje drukna.
Der den meiningslause (druknings)døden i Hvalfall blir gjeve meining gjennom det nye livet som oppstår omkring kvalkroppen når han søkker ned, er døden aldri meiningslaus i Løp svartøre løp. I dette diktuniverset er døden den sjølvsagte og meiningsfulle avsluttinga på livet, fordi det er gjennom døden kalven sørgjer for å gje livet vidare til diktar-eget i boka. Gjennom heile oppveksten følgjer Svartøret og eg-et kvarandre, frå ho brennmerkar han til ho stikk kniven i han og tømmer han for blod. Døden er på sett og vis meir sentral i Hvalfall enn i Løp svartøre løp, fordi teksta i Hvalfall heile tida er gjennomsyra av tapet av ein bror. Men felles for bøkene er likevel det potensialet både for liv og meining som oppstår når dyret døyr. Eit potensiale som har svunne frå menneskedøden, stengt inne i ei kiste og nedgraven i djupet av jorda.
Forteljing og førestillingsverd
På heimesida til Gyldendal kallar dei Løp svartøre løp ei diktforteljing, eit ord Eira sjølv har nytta for å skildre teksta, og eit ord som verkar veldig treffande, all den tid dikta i boka er ført i ei både munnleg og forteljande form. Løp svartøre løp er ikkje ei diktbok for det intrikate biletspråket, for den bundne forma eller for dei altfor tydeleg poetiske verkemidla, det er ei bok der orda springer over sidene som reinsdyrkalven. Farten er det viktigaste verkemiddelet i samlinga, fart og driv, som både vert uttrykt gjennom mangelen på teiknsetting, og på det typografiske oppsettet som i gjer at fleire av dikta slyngar seg avgarde over sidene.
Dikta i Løp svartøre løp er skrivne i eit enkelt, kvardagsleg språk, og boka framstår som upretensiøs, i sin bruk av daglegspråket og den nøkterne, enkle forteljarstemma. Likevel balanserer dikta heile tida på grensa mot det innforståtte (og med det mot det keisame). Dette er fordi det enkle språket gjev ein kjensla av få framsynt, heller enn å få delta i den verda som synast fram. Når dikta krev såpass lite frå lesaren, og samstundes er såpass registrerande utan å vere direkte engasjert, kan ein sitje igjen å spørje seg kva som er motivasjonen i teksta. Kvifor fortelje denne historia, kva er det ho tyder for diktaren, for eg-et, og kva bør ho tyde for oss som les? Svaret kjem mot slutten av samlinga, der eit vere eller ikkje vere for den samiske livsverda kjem fram i individet sitt dilemma om å vere eller bli på vidda: «7000 ganger har jeg/bestemt meg/for å forlate alt» (s 66), ho skriv at ho «tenker jeg blir her» i det siste diktet, trass i lovnaden om gater av gull og perlemorskimmer andre plassar. Løp svartøre løp får såleis ei djup eksistensiell tyding fordi ein mellom linene les at dette er ei historie frå ei verd, og eit livssett, som er truga.
Der Løp svartøre løp liknar den munnlege forteljinga er Hvalfall på mange vis nærare den skriftlege dikttradisjonen som verdset biletlege verkemiddel over lydlege. Boka er sette saman av lyrikk og prosalyrikk, der dei lyriske prosastykka framstår som mest vellukka. Hvalfall er i motsetnad til Løp svartøre løp prega av eit språk borte frå kvardagsspråket, der det marinbiologiske får stor plass. Det er som om sorga ikkje kan finne plass i daglegspråket, men har fått eg-et til å søkje mot havet. Havet som sentrallyrisk motiv blir på den måten skildra på ny, i ein poetisk-vitskapleg ny drakt. Med samansmeltinga av det poetiske og det marinbiologiske språket framsyner Raavand ei teft for gode, overraskande bilete, men samstundes sitt ein igjen med inntrykket at han nokon gongar gjer det litt vel vanskeleg både for seg sjølv og lesaren. Eit godt døme på bileta på sitt beste finnest i opningsteksta, der kval-skjelettet og regjeringskvartalet blir bunde saman i eit av dei kanskje skumlaste poetiske bileta etter 22. juli, trass i diktet skal ha blitt skrive før: «tilbake ligger forråtnelsesbrusets hvite regjeringskvartal, knapt synlig i mørket; et kalkbasert reisverk, ribbein».
Hvalfall kan ikkje seiast å vere ei forteljing, heller er ho ei utforsking, eller ei neddykking, mot djupna av det havet som sorga, saknet og poesien er. Som på dei største havdjupna finner ein her språklege skapningar som ikkje finnest andre stadar, som nokon gongar er vakre, andre gongar underlege og bisarre. Det er aldri klart kva tid eller korleis broren døydde, men at han er død veit vi, og denne døden trekker både diktar-eget og oss ned i mørkret. Døden er meir kompleks her enn i Løp svartøre løp, på det viset at menneskedøden er vanskelegare å gje meining enn reinsdyr sin død: At kvalen som søkker ned gjev liv til ei mengde åtseldyr gjer ikkje at tapet av broren sluttar å vere vondt. Heller enn, eller i tillegg til, å forstå kvalen som eit symbol for broren kan kvalen framstå som eit symbol for det doble og ambivalente ved døden sjølv, at døden inneber at noko både er ugjenkalleleg borte og at noko heilt nytt oppstår.
Som dyr lever, som dyr døyr
Kvifor er dyret så spesielt egna til å seie noko poetisk om døden? Kanskje er det fordi dyret sin død verkar så mykje meir naturleg og ukomplisert for oss. Som menneske sit vi gjerne med kjensla av at livet skuldar oss noko, og så kjenner vi oss snytt når nokon vi skulle sett levde lengre med oss forsvinn frå oss. Samstundes er døden knytt til naturen, på det vis at han er mellom dei rammene for våre liv som vi ikkje klarar å utslette uansett kor mykje vi utviklar vitskap og kultur. Døden er det som bind oss tettast til dyra, samstundes unner vi dei ein annan død enn vi unner oss sjølv: Om dei lid let vi dei sleppe, når dei er døde let vi dei nyttast.
Samstundes er dyret sin død ofte er innanfor vår kontroll, og meir innanfor vår kontroll enn menneskedøden: Vi drep jo ofte dyr, vi er jo hovudgrunnen til at mange av dyra døyr. Vi vil gjerne ikkje at menneske skal døy, menneske skal leve, men dyra skal jo det, dei skal døy, sånn er det berre, dyr dei lever for å døy medan menneske lever for å leve. Sånn tenkjer vi at det er.
Men sånn er det jo ikkje, og det veit vi, vi veit det alle saman inst inne. Vi skal jo døy vi òg, på same måte som dyra døyr vi, antan vi blir skjært opp som ein reinsdyrkalv eller som aldrande søkk ned djupna som kvalen. Men fordi vi ikkje vil tenkje på vår eigen rotnande skrott, så ser vi på dyret, dyret som ikkje blir eit lik når det døyr, men kjøt og pels, for og klede, dyret, som gjev livet til oss kvar gong det døyr.
Gjennom dyret øver vi oss på å døy og kjem nærare vår eigen død. For dyr døyr jo berre, utan at det er meir rettferd eller meining i døden enn det var i livet. Og kor lite vi enn likar å tru det: Akkurat sånn er det jo for oss òg.
Verdas bokdag, verdas største roman.

Åkei, ikkje i sidetal, kanskje. Kanskje ikkje den største, men heilt klart verdas mest undervurderte kandidat til verdas største roman. Men det høyrest jo litt kronglete ut, så no forstår forenklinga i overskrifta. Men altså: Verdas bokdag, alle snakkar om denne eine romanen, denne som har forrandra livet deira, og herre gud, for ein som verkeleg elskar bøker er det jo nesten umogleg å berre skulle nemne ei bok. Men eg skal skrive om berre ei bok, men før eg skriv om denne eine boka, den største boka, så tenkte eg at eg kunne nemne det: Mandarinane endra ikkje livet mitt, ho visste meg simpelthen toppen av standaren (mellom anna saman med Doris Lessing si “Golden Notebook”). Skulle eg skrive om boka som gjorde det, altså forandra livet, måtte det bli ei av desse bøkene eg las då eg var skikkelig ung:
- "Å spise blomster til frokost", av Synne Sun Løes, boka norsklærar Marit tilrådde meg i niande klasse, boka som synte meg at det var mogleg å gjere sjukt kule ting med språket. Brutalt nydelig bok om ei ung bipolar kunstnarspire.
- "Biopsi", av Lars Ramslie, boka eg fekk tilrådd av ei fantastisk jente som heiter Mari, jenta som redda ungdomen min og lærte meg å gutse på. "Biopsi" er historia om ein son med ein far som døyr etter lang tids sjukdom og rusmisbruk. Ei trist-vakker bok, som eg har skrive om før, mellom anna her.
- “Idioten”, av Fjodor Dostojevskij, boka som fekk meg til å sjå den herlige svarte humoren i gode gamle Fjodda. Eg lo meg gjennom heile denne, eit fantastisk eksempel på at den beste litteraturen godt kan vere morosamt, og samstundes skikkelig svart.

Eg vil bli som denne dama når eg blir stor. Nei vent, no!
Men det var ikkje desse eg skulle skrive om. For eg skulle berre skrive om ei bok, den største, og for meg er det Mandarinane, av Simone de Beauvoir. Eg vil ikkje kome med eit sånt “skal du berre lese ein roman, les denne”-tips, for det er sjukt teit, klart du skal lese meir enn ein roman, og sjølv om dette er ein fantastisk roman er han heilt klart ikkje for alle. Alt det viktige er her, kjærleik, kunst, von, kamp, desillusjon, men det er ei av dei råaste bøkene eg har lese nokon gong, ein av dei ærlegaste og minst kompromisslause bøkene. Åh, her er kjærleik, kjærleik som spirar opp at einsemd og forvitrar i henne etter ei tid. Her er von, og her vonløysa. I denne boka er inga lette løysingar, men heller inga heroiske utveger: Her er galskap, protest og sjølvmordstankar, men samstundes betring, resignasjon, kapitulasjon. ‘
Boka følgjer ei gruppe franske intelektuelle, i åra rett etter andre verdskrig. Gruppa var aktiv i motstandsrørsla, og etter å ha leve under dødstrugsmål, etter å ha mista mange og ofra livet i kamp mot ein tydeleg fiende, står dei plutseleg att som vinnarar. Men kva skjer med menneske som ikkje lengre har noko å kjempe for?
Mandarinane er lauseleg basert på de Beauvoir sin eigen gjeng, på Sartre, Camus og elskaren Algren. Eg skriv lauseleg, for i intervju har ho sagt ho finn det ganske fornermande når folk totalt avskriv ho evna til å dikte. Uavhengig av kor mykje som er “frå verkelegheita” er dette ein gneistrande bok, og ei bok om korleis det er å vere menneske, generelt, og fransk forfattar, filosof og kommunist i ei heilt, heilt spesielt tid.

Eit lytefritt forhold var det kanskje ikkje, men du verda, for eit SUPERPAR.
Men kva er det som gjer boka så bra? Er ho berre eit eksotisk innblikk i europas kanskje viktigaste kunstnariske og intellektuelle gjeng sitt dekadente liv? Vel, ho er kanskje det òg, men først og fremst er ho den mest velskrivne boka eg har lese på sida: Dialogane gneistrar, usemja mellom aktørane i dei store spørsmåla er heile tida ulmande. Folka i boka trer fram for deg, men sine sterke og svake sider, dei er feige, det er stolte, dei er levande, og dei prøvar heile vegen å finne ut kva det vil seie å vere eit godt menneske, privat, og i samfunnet.
Og kva gjer denne boka så stor? Vel, først og fremst fordi ho er ei av desse verkeleg få bøkene som klarar å binde alt, alt saman: Det private, det politiske, det filosofiske. Dette er ei gripande historie om interessante folk, men meir enn noko er det ei historie om kva det vil seie å vere menneske, om å ta val, om å elske, og om kva det vil seie å vere god og å ha eit godt liv. Boka er ein pageturner, trass i at det knapt er noko plott å snakke om. Kva skjedde lurar du på etter å ha lese ho. Kva var det som eigentleg skjedde?
Og det einaste svaret som synast rett, er at dei levde. Ein får sjå inn i livet sjølv, ikkje sånn det blir framstilt i plott, ikkje med noko byrjing eller slutt, ikkje eigentleg forma av alt dette som litteratur pleiar å påverke med sine oppskrifter, sine språklege reglar. Sjølvsagt er ho forma av alt dette, det er jo ikkje til å unngå, men ho er så brilliant skrive at ein les, og gløymar at ein les.
Det, det er ei stor bok for meg.
Poesi, ikkje miljøpoesi: Kanskje er det vår, likevel

for sammen snur vi årstidene
(det var noe en av oss hadde sagt)
så vinteren var min
og sommeren var din,
høsten skal bli vår
Eg trur på våren
Eg var ganske skeptisk før eg byrja på denne boka. Skeptisk, sånn eg alltid er skeptisk, og litt redd, når eg byrjar på bøker skrivne av folk eg likar. Det treng ikkje ein gong vere folk eg kjenner, berre forfattarar som eg tykkjer verkar smarte, kule, vakre, eller generelt bra, då vert eg litt redd for å lese boka deira, litt redd for at boka ikkje skal vere så bra som eg tykkjer dei er.
Litt sånn kan det ha vore med boka til Rune, for Rune er ein av desse eg tykkjer er bra. Eg byrja å lese bloggen hans samstundes som eg byrja å blogge, og blar du deg attende i arkivet til poesibloggen så ser du at det er meir eller mindre seks år sidan. Å lese bøkene til Rune har derfor vore litt rart, fordi eg heile vegen har samanlikna dei med bloggane hans, bloggane som eg har vakse inn i skrivinga med.

Poeten sjølv. Ein bra fyr.
Ikkje bere har eg lese Rune sine ting, han har òg lese mine ting, for han har vore mentor på trafo.no når eg var det, og han har vore konsulent på samlaget. Så no veit du det, Rune er både ein eg kjenner litt og likar veldig mykje. Eg kan seie det sånn, eg ville aldri slakta ei av bøkene hans, og om ei avis hadde bedd meg melde henne ville eg sagt nei, fordi eg veit at eg ikkje kunne skrive eit einaste ord om eg ikkje hadde likt boka.
Men når eg veit at eg likar boka så tykkjer eg likevel at eg kan skrive om ho, fordi denne boka er så utruleg bra, og eg har lyst å tilrå ho til alle eg kjenner. Dessutan blei eg litt blåst av bana av denne boka. Eg har etterkvart utvikla ein ganske smal smak, det er rett og slett ikkje så mykje som set alle nervane mine i sving lengre, men denne boka, denne boka slo meg i bakken. Men når eg skulle fortelje til andre kvifor denne boka var så bra, så oppdaga eg at nett det ikkje var så lett. Det er ikke vår, det er global oppvarming tilhøyrer dei bøkene som er så gode at det nesten er umogleg å skulle setje ord på både kor gode dei og kvifor dei er så gode. Men nett det ville eg forsøke på.
Media trur på global oppvarming
Før eg skriv dette, så har eg lese to oppslag om bok og forfattar, og eg kjem til ein viss grad å skrive meg opp mot dei, fordi dei representerer ein forståeleg, om enn irriterande, tendens i litteratursamtida, nemlig dette aktualiseringspresset. Både i ei reportasje i ny tid og eit intervju i gårsdagens klassekamp, som du kan sjå her, ber eit visst preg av dette:
I begge oppslaga vert nemlig boka presentert som miljøpoesi, og diktaren som miljøpoet. Klassekampensaka kom jo ut i går, så då hadde eg allereie lese boka, men nytid-oppslaget såg eg før eg hadde kjøpt boka. Og det gjorde meg rett og slett litt skeptisk: Ville eg lese miljødikt? Det tenkte at det høyrtes litt strevsamt ut, litt vell engasjert ut, og om eg skal nytte eit ord eg aldri nyttar, og til og med misliker sterkt, politisk korrekt. Det er lett å ville for mykje når ein skriv poesi, å ville oppnå noko, og sidan eg aldri har likt kamplyrikk (eg får utslett av Arnulf Øverland), blei eg enno meir redd for at eg ikkje kom til å like boka. Men desto større blei gleda då eg fann det ut:
Dette er jo ikkje ei miljøbok!
For denne boka handlar mykje meir om vår enn om global oppvarming. Om det er ein einaste ting eg ikkje likar ved boka, så er det at “global oppvarming” i det heile teke er i tittelen. For det slår meg som eit uttrykk for dette aktualitetshysteriet, “global oppvarming” står der på framsida som ein markør, ein effekt for å signalisere at “dette er ei bok ein kan selje til ein viss type”, eller “dette er ei bok vi kan selje til ei viss type presse”, miljø, miljø er jo i vinden, og då er det kanskje greit å selje dette som ei miljøbok. Og eg kan ikkje vere sinna på Rune, for det funkar jo, avisene skriv om boka fordi ho er ei miljøbok, fordi miljø er interessant, fordi det jo er litt nytt og spanande at ein poet skriv om miljø, kanskje til og med at ein poet kjempar for miljøet, heile venstresida må jo elske det, ei miljøpoesibok, ein miljøpoet. Også forsvinn alt det andre ved denne boka, det som finnest inne i her og som er det som gjer ho så fantastisk.
Og eg blir litt lei meg for at det er sånn, for det uvanlege i denne boka er poesien, kor god han er, ikkje miljøet, dette er ei bok som meir enn noko anna handlar om det å vere menneske, om eksistens, om sakn, om rastløysa, om å søke i verda og si eiga historie etter meining. Som forfattaren skriv sjølv:
[...] jeg leter etter
noe som også er blitt borte
blant by kull glass og stål,
ideen om verden som et sted å plassere
seg i[...]
med det stedet er ikke her lenger
og vi vet ikke hvor vi skal gjøre av våren
for det er ikke vår, det er
global oppvarming,
et mildt pust gjennom byen
en svak varme
i kinnene
Dette er diktet der den globale oppvarminga vert nemnd, og ja, det er jo eit miljødikt, forsåvidt. Men det viktige her, tenkjer eg, er jo ikkje oppvarming, det er desillusjonen, kjensla av å ha mista trua på at verda har plass til ein, at det finnest ein plass i verda der ein kunne kjenne seg heil. Samstundes som diktet blir uttrykk for denne dessillusjonen, er det heile tida ein desperasjon i språket, og spørsmålet om dikta, i motsetnad til verda, kan klare å vere den plassen der subjektet kan bli heilt.
Men ein kan visst ikkje skrive avissaker om poesi, så derfor må ein lage avissaker om noko anna. Miljø tildømes. Og i dette systemet må poeten spele med, for elles vil ingen skrive om poesi i det heile.
Eksistens, språk, lengsel
Men om eg skal prøve sjølv, å seie noko om kvifor denne boka er god, så forstår eg kanskje kvifor avisene heller vil skrive om miljøaspektet. Det er mykje lettare å snakke om miljø enn poesi. Men dette er ei poesibok, ikkje ei miljøbok, det har eg jo allereie sagt, men kva er det eigentleg eg meiner med det?
Tidlegare skreiv eg at boka var eksistensiell, at ho handla mest om alt om livet, verda og eksistensen, om rastløysa og søken, og arbeidet med å finne meining.
For å illustrere kva eg meiner kan eg hente ut eit av favorittdikta mine frå boka, eit dikt som kunne stå kor som helst og vere like fantastisk, men som plassert i byrjinga av denne boka nesten kan lesast som ein “mission statement”:
Ord for det
ord for lyden av snø som smelter
ord for planter, trær og dyr
og vi sier det finnes ord for enhver anledning
at tjueni bokstaver er alt som trengs;
ord for uttrykkene i folks ansikter
ord for forsøkene på å beherske hverandre
ord for stillheten mellom dem som møtes
noen for første gang, noen for siste -
for det er lettere å dra enn å bli dratt ifra
det var ikke mine ord, men noe jeg husket
fra baksiden av et postkort på et kjøleskap
i en leilighet jeg var på fest en gang
noe i lyset denne formiddagen langs avenyn
der jeg gikk og leste ut i lufta;
ord for skyene som beveger seg så langsomt
ord for ungdommene nede på centralen
ord for de voksne på stadsteatern
for å overleve og bli overlevd,
kan det finnes ord for enhver anledning
selv om døden er et levende paradoks;
det heter at livet må gå videre
og at verden vokser, ord for ord
I dette diktet blir nemlig den mystiske samanhengen mellom liv, daud, rørsle, lengsel og språk teikna opp. I diktet blir det tydeleg kor teitt samanbunde reisinga er til eksistensen: Å reise i frå nokon kan i verste fall tyde å døy frå nokon, og som poeten skriv er det alltid vanskelegare å bli fråreist enn å reise i frå.
Og alt dette skal det liksom finnest ord for, alt dette skal språket klare å romme. Men nett som det ikkje finnest den plass i verda der uroa forsvinn, så finnest det heller ikkje ei sånn plass i språket: Sjølv om språket, som verda, er full av menneske, full av plassar, ein kan flykte inn i og til, så er det noko ein ikkje kjem bort i frå. Ein kan aldri reise ifrå seg sjølv.
Å vere menneske er å vere i verda.
Eg sat i vårsola på Olaf Ryes plass første gong eg opna boka. Seinare sat eg framfor Niels Treschows hus, dagen etterpå, i ein stadig sterkare sol. Eg tok opp boka, eg las, eg måtte legge boka frå meg, tenkte, ta ho opp igjen. Medan eg satt utanfor HF-fakultetet kom Henning forbi, og han sat seg ned, og vi prata. Og då eg skulle fortelje om boka eg las, så oppdaga eg at det var vanskeleg, eller nærast umogleg, å skulle forklare kvifor boka var god, på ein måte som faktisk gjorde det tydeleg kvifor ho var god. Og så vidt eg hugsar, så sa eg noko som liknar på dette:
Eg veit ikkje men eg trur det har med kjensla av at dette, dette kunne ikkje ha bli skrive på ein annan måte. Eg trur boka uttrykker noko eg føler, heile tida, men som eg ikkje kunne ha satt ord på, ei ullen kjensle av at verda, eller språket, ikkje alltid heilt er nok.
Og kva meir kan ein eigentleg ønske seg frå ei bok?
Eg kan ikkje kome på noko. Eg trur dette er så nært ein kan kome ein perfekt diktbok. For det er så vakkert, utan å vere klisjefylt. Det er så trist, utan å bli deprimerande. Det er så haplaust, at det gjer håp å lese det. Når rastløysa skildrast så godt, så gjev det ro.
Men mest av alt så fyllast eg av ein tru på poesien. For i poesien, i denne dansen mellom bilete, minnerm, stadar, lydar, tekstfragment kan ein framstille noko eg trur ville vere umogleg i alle andre formar: Eit subjekt som reiser i rom, tid og språk, i verda og sitt eige liv, i eit forsøk på å lage ei meining i det heile.
Og om ikkje det er er sjølve definisjonen av eit meiningsfullt prosjekt, så veit ikkje eg.
Akademisk feminisme: Toril Moi on women and writing.
Kom over denne fantastiske videoen der Toril Moi snakkar om kvinner og skriving, og korleis desse temaet vert behandla i feministisk teori. Fint å sjå for ei som er kvinne, litteraturstudent, feminist, forfattar, og som har studert kjønnsteori.
Kanskje fint for deg òg?
Kor viktig trur du litteratur er for vår forståinga av kvinner og kjønn? Eller kor viktig trur du våre førestillingar om kjønn er i møte med litteratur?
Tilrådd: P3-dokumentaren om Charlotte Riise: diktdebuten og depresjonen
Hei, eg ville berre tipse dei som ikkje allereie har høyrd denne fine dokumentaren om å sjekke han ut! Charlotte Riise har nett gjeve ut diktsamlinga “Eg treng tid til å sakne deg” og samstundes har det blitt laga ein radiodokumentar om ho som du kan lese om og høyre på her! I dokumentaren er ho både veldig ærleg og open, om livet sitt og om å ikkje bli så sprudlande glad som ein hadde tenkt når ein får gjeve ut bok. At ho er så open, så ærleg og så tøff er berre imponerande. Og det er veldig fint, for det jo framleis ikkje heilt enkelt å skulle vere open om at ein er deprimert, sjølv om det er ganske vanleg.
Men ikkje berre dokumentaren tilrår eg, eg tilrår boka òg, sjølv om eg ikkje har fått skaffa meg ho enno. Men eg skal skaffe ho, og eg er ganske trygg på at eg kan tilrå ho, for eg har lese ting Charlotte har skrive før på trafo.no, så eg berre veit det, at boka hennar er bra, for det må ho vere, for ho skriv berre fine ting. Og boka, den ser forresten sånn ut, så veit du kva du skal sjå etter neste gong du er i bokhandlaren:

Fint omslag, og fin tittel, ikkje sant?
“I et dikt er det altså lite lykke”
Kvifor dikt? Gårsdagens svar
I går var eg innom Kulturnytt hos NRK saman med Knut Faldbakken for å snakke om korleis det er å debutere og korleis debutantar skal få merksemd. Eg veit ikkje heilt korleis eg gjorde det, for sant og seie så har eg ikkje turt å høyre på det i ettertid. Kva eg sa hugsar eg ikkje, men eg hugsar eit av spørsmåla, det spørsmålet eg fekk først kanskje, eg veit ikkje. Uansett, spørsmålet programleiaren stilte var: Men kvifor skriv du dikt?
Svaret mitt kan du høyre på nettradioen, det er altså programmet frp 30.11 klokka 1650-1730, om du vil sjekke om eg svarte godt for meg. Det tør ikkje eg, men eg trur at eg svarte greit på nett dette spørsmålet. For eg har tenkt mykje på det, kvifor skrive i nett denne sjangeren. Eg skriv ikkje berre dikt, eg skriv prosa òg, men for meg var det rett å skrive nett denne boka i poesi fordi ho handlar om ei historie som er nærast umogleg å strukturer, å få til å passe i tid, og stad, ei historie om at alt dette blandar seg fordi at noko så uvanleg som plutseleg daud har skjedd. Og denne blandinga av tid, rom, stad, denne blandinga av minne, ønske, nedteikna ord og tomme ting så er poesien kanskje den beste sjangeren som finst.
Kvifor skrive dikt? Dagens svar
Men det var i går. I dag skjedde det noko morosamt, for G kom inn og spurde om eg hadde lese kva Brockman hadde skrive om å skrive poesi. Brockman, spurde eg, nei det trur eg ikkje. Kven er det? Men du har jo ei bok av han, sa G indignert, sånn han alltid blir indignert, når det er noko han meiner eg burde ha fått med meg. Brockman? Ja? Og så kom han inn med ei bok og det var essaysamlinga Det er rimelig å kreve sannheten av mennesket av Ingeborg Bachmann som Bokvennen har gjeve ut på norsk. Åja Bachmann, sa eg. Ja, spurde G. Du sa Brockman, du, sa eg. Gjorde eg, spurde han. Jepp. Uansett, sa han, det er jævlig fint.
Og det har han sjølvsagt rett i. I Det er rimelig å kreve sannheten av menneske har Bachmann eit lite essay, skarve ei og ei halv side, som heiter nett “Hvorfor dikt”. Essayet er frå 1955, og eg tenkte at eg kunne gjengje det her, så vonar eg at ingen frå Bokvennen forlag kjem for å ta meg.

Hvorfor dikt – Ingeborg Bachmann
(1955)
For en dramatiker eller forteller vil ikke spørsmålet om hvilket av hans arbeider han liker best, fremkalle stort ubehag: han vil forhåpentligvis huske at det ene eller det andre han har skrevet, gledet noen mennesker, gav innsikt eller underholdt -om det nå bare var for et par timer. Jeg har ennå aldri hørt at noen kan takke et dikt for en fruktbar ettermiddag eller kveld, skjønt det utvilsomt ennå finnes lyrikkelskere og folk som er i stand til å la seg styrke av dikt. Og så er det barna som må lære dikt utenat fordi dikt – sies det – skjerper hukommelsen.
I et dikt er det altså lite lykke. For den som skriver det, nærmest ingen over at det lykkes, og så igjen ingen over at det når frem til noen. Det er ensomt, har ingen funksjon og bryr med rette ingen. Et dikt forherliger jo i dag ingenting lenger, og selv de troende har for lengst satt det ut av kraft. Berømmelse og tro faller tilbake på det selv.
I dag hører man ofte – profanert – Hölderlins spørsmål: og hvorfor diktere i en mer trengende tid? Et annet spørsmål, ikke mindre berettiget, ville være: og hvorfor dikt? Hva er det som skal bevises? Hvis dikt ikke skulle vere bevis på noe som helst, måtte vi bare holde oss til at det skjerper hukommelsen.
Jeg tror at dikt makter dette og at den som skriver dikt, legger formler ned i en hukommelse, vidunderlige gamle ord for en sten og et blad, knyttet sammen eller sprengt av nye ord, nye tegn for virkelighet; jeg tror at den som preger formlene, også rykker inn i dem med sin ånde, den han gir som et uforlangt bevis for disse formelenes sannhet.
Hvor lenge er det ikke siden man sa til oss: Form et ord, form en setning! Man pinte oss med dikt, snittene smerter ennå i hukommelsen. Et av disse diktene begynte med “Jeg sto ved mitt lands grenser…” Hvilke “jeg” var det snakk om, og hvilket land? Hva grensene betydde, fremgikk riktignok av sammenhengen. For den som godtar reglene og går inn i spillet, kaster ikke ballen ut av banen. Banen er språket, og dens grenser er grensene til den verden som er skuet uten spørsmål, som er avslørt og nøye tenkt, som er erfart i smerten og berømmet i lykken.
ARK: Fordummande sexisme til nytt nivå
Åtvaring: Kjønnsdelt bokbutikk!
Eg hatar leikebutikkar. Å kome inn i det rosablå-apartheidhelvette tykkjer eg er grusamt. Eg elskar leiker, sprettballar, slim, racerbilar. Men den kjønnsdelinga. Eg elska å bygge, og eg elska å leike med barbie. Men mest av alt elska eg å lese. Eg las meg gjennom skulebiblioteka. Eg har alltid elska bokhandlarane. Men no, no har det skjedd noko.
No har eg fått nok av bokhandlaren ARK med. Julekampanjen deira tek leikebutikkane sin kjønnssegregering inn på eit område eg vonte denne blei haldt nokon lunde i sjakk. At bøker gjennom omslag vert marknadsførst mot eit av dei to kjønna, er neppe noko nytt. Særskilt verkar dette å gjelde det som i daglegpraten kallast chick-litt, løkkeskriftsbøker eller ganske enkelt dameromanar, der løkkeskrift, duse pastellar og naive tekningar gjerne er gjengangarar.
Fordumming til eit nytt nivå
No har ARK likevel klart å ta dette til eit nytt nivå. I bokhandlarane deira finn du no bøker der heile fronten er dekka av eit band med påskrifta “Til ham” eller “Til henne”. Kva boka heiter eller kven som har skrive ho er det nært sagt umogleg å sjå, men kven bryr seg seg om kva bøker ein kjøper eller kven som har skrive dei om ein får plukka med seg ei damebok til ei dame eller ei mannebok til ein mann?
Eg blir forøvrig ikkje mindre trist når eg går inn i Julekatalogen til ARK. For kva skal ein gje til henne? Her kjem “the usual suspects” på rekke og rad: Vigdis Hjort, Anne B. Ragde, Tatiane de Rosnay, Katheryn Stocket, Liza Marklund osb. I tillegg er Thomas Espedal med, som einaste mannlege forfattar representert med eit skjønnlitterært verk (no vert han sikkert glad, dette må jo vere å rekne som eit prov på at han er ein dameromanforfattar). Når jentene ikkje les romanar les dei gjerne om strikking (Arne og Carlos) eller interiør. Ikkje eit vondt ord om nemnde forfattarar, men les verkeleg damer berre damer?
Og korleis er det med menn? Kva skal vi gje til ham? Her er det òg ein del gamle kjenningar. Jo Nesbø og Roy Jacobsen er representert som kjente norske skjønnlitterære forfattarar, i tilleg til Jens Lapidus og Bernhard Cornwell. Når ikkje gutta les krim eller historiske romanar les dei om Norges tøffeste turer, George Harrison eller Jerusalem. Alle bøkene ARK tilrår menn er forresten skrivne av menn. Og der jentene har det festleg med Alias, spelar gutta kunnskapsspelet trivial pursuit. Tilfeldig? Neppe.
Menn til “alle”!
Men ARK har ein kategori bøker dei tilrår alle. Kva bøker er dette, mon tru? Jo, klart, her kjem Jo Nesbø igjen. Han får følgje av Knausgård, Guillou og biografiane om Steve Jobs og Åge. I tillegg tilrår dei Jørn Lier Holst sin krim “Vinterstengt” både i lydbok og pocket. Smør på flesk? Javisst. Sist men ikkje minst er historieverket “Norvegr” og quizspelet “QUIZDAN”.
Eit kjapt oversyn fortel ein at utanom at ein av medforfattarane til “Norvegr” så er alle bøkene ARK tilrår “alle”, alle skrivne av menn. Der “til henne” var full av dameforfattarar verkar “til alle” å vere ein rein fortsetting av “til ham” kategorien på førre side, med Krim, Quiz og historie som hovudtema.
Tør ikkje menn lese kvinner?
Ein ting er irritasjonen over den manglande fantasien i utvala av “manne-” og “kvinnebøker”. Ei anna er irritasjonen over å i det heile trenge desse kategoriane. At mannlege forfattarar stadig blir rekna for meir universelle enn kvinner er sist, men ikkje minst på lista over ting som er totalt dust med dette opplegget.
For kvifor halde på med dette fordummande kjønnsregime? Vi har jo sjangrar! Kvifor ikkje gje Marklund til ein kriminteressert mann like godt som ein gjev Holst til ein spenningselskande kvinne? Kvifor ikkje gje Anne B. Ragde til ein patoselskande mann like greit som du gjev Knausgård til ein kjenslevar kvinne?
Sorgens kapitell
Det er trist både for litteraturmiljøet og likestillinga i dette landet når noko av det mest subversive du kan gjere er å gje ein mann du kjenner ei bok av ei kvinne. Like trist er det når bokhandlarane går aktiv inn for gje inntrykk av at «menn» berre vil lese bøker skrive av menn, at «alle» berre vil lese bøker skrive av menn, medan «kvinner» helst berre les bøker av kvinner. Ser ein litt nærare på desse premissa er jo einaste logiske sluttnad at «alle» må vere menn! At bokhandlarane på så brutalt vis går inn for å forsterke dei kjønnstereotypane som allereie finnest er inkje anna enn eit sorgens kapitell i norsk litteraturhistorie.
Gje ein mann ei kvinne!
Det finnest fleire lure ting du kan gjere om du tykkjer dette er like teit som eg:
1.Bytt om på desse banda som står omkring bøkene. «Til Ham» på Anne B. Ragde eller Tatyana de Rosnay, «Til Henne» på Jerusalem-biografien eller Norges tøffeste turer.
2.Gje «ham» ei bok skriven av ei dame. Damer les menn (for det gjer jo «alle»!) men menn les kanskje ikkje damer. Damer skriv òg bra, og gode bøker kan nå kven som helst, damer som menn!
3.Tilrå bøker skrivne av damer på bloggar og i samtalar. Arbeidar du i bokhandlarane, har du ei ekstra god sjanse!
Kva eg ønskjer meg til jul, spør du? Ei verd der bøker skrivne av damer er like sjølvsagt å tilrå «Til alle» som bøker skrivne av menn. Det ville ha vore fint det!
Her er fem bøker eg tilrår, kanskje finn du noko du ikkje hadde tenkt på før?
Jean Rhys: Wide Sargasso Sea er skriven som «forhistoria» til Jane Eyre av Charlotte Brontë. Romanen frå 1966 fortel historia til Antoinette (som heiter Bertha i Jane Eyre) og Rochester og finn stad i Karibien. Forteljingane syner det Jane Eyre aldri kunne vise, nemlig korleis imperialismen som historisk og ideologisk prosess skapte om Antoinette til gale Bertha.
Djuna Barnes: Nightwood er ein høgmodernistisk klassikar med tidlege postmoderne trekk. Det er ikkje den mest tilgjengelege boka, ettersom boka flakkar mellom å fortelje forskjellege personar si historie, som alle på mystisk vis er knytt til Robin Vote, ei mystisk kvinne som forlat andre kvinner og menn med tomme hjarte. Boka finn stad i Paris på 20-talet, og alle karakterane er utskot: Dei er er lesbar, homofile og jødar som virvlar rundt i byen på jakt etter kjærleik og ein trygg identitet.
Nadime Gordimer: July’s People er ein roman i sjangeren spekulativ fiksjon. Gordimer er sør-afrikanar og boka kom ut på 80-talet. Boka tek føre seg ein tenkt borgarkrig mellom svart og kvite, og følgjer ei kvit familie som flyktar med sin svarte tenar til hans landsby. Lausrive frå vante materielle strukturar byrjar straks relasjonane i den vesle familien å endre seg, og ekteskapet løysast opp når det blir flytta frå dobbeltsengen og marmorbadet. I Juli sin landsby blir og sjølvforståinga endra, og språket i romanen endrast i takt med forteljinga og forteljaren sin sjølvforståing.
Nora Simonhjell: Slaktarmøte er både bokstaveleg og figurativt ein av dei råaste norske diktsamlingane som er skrivne. I boka følgjer vi forteljaren frå ho «innleiar eit forhold til slaktaren» til kroppen er sundskåren. Er du nysgjerrig på boka? Då kan du lese i ho her!
Tina Aamodt: Anleggsprosa er ein punktroman samansett av kortprosastykke. Boka følgjer den namnlause hovudpersonen, i kvardagen som byggningsarbeidar. Matpakke, kaffitermos og vernesko er dei prosaiske tinga som blir poetiske i denne kortprosaromane. Byggeplassen har lang historie i modernistisk litteratur, og denne samlinga gjer ikkje skamme på sine litterære forgjengarar.
Forjævleg god, forjævleg trist.

“There were two pink roses on the tray, each in a small brown jug. One was full blown and as I touched it the petals dropped. Rose elle a vécu,” I said and laughed. “Is that poem true? Have alle beautiful things sad destinies?”
Spørsmålet kjem frå Mr Rochester medan han og Antoinette sit og et frukost på verandaen i byrjinga av bryllupsreisa, når dei har reist heim til hennar mors gamle hus. Huset er eit av dei mange stadane Antoinette har vore lukkeleg. Staden er, som Antoinette, magisk og vakkar. Men som det kan skje, og gjerne skjer vonde ting på vakre stadar òg, så skal det skje vonde ting med Antoinette, vonde ting som skjer kanskje nett fordi ho er å så vakker som ho er. Er det sant, spør ho henne denne morgonen, morgonen medan han framleis er blenda av venleiken hennar og medan han framleis trur at han kan elske henne. Er det sant at alle vakre ting har triste skjebnar?
Du skulle berre visst kor trist skjebne Antoinette har. Kanskje veit du det allereie, kanskje har du lese boka (eller sett filmen) Jane Eyre og har sett korleis det går med Bertha, Rochester si første kone som tenner på huset og kastar seg i dauden frå taket. Eg hadde både lese og sett Jane Eyre og likte ho godt, før eg las Wide Sargasso Sea. Eg likar framleis Jane Eyre, men etter å ha lese Rhys si flamande vakre og brennande vonde historie om Bertha, eller Antoinette som ho eigentleg heiter, så går det ikkje an å like korkje Rochester eller Jane like godt, eller boka eller filmen. For boka er noko av det vondaste og vakraste eg har lese på lenge, og samanlikna med Wide Sargasso Sea så verkar Jane Eyre ganske bleik, livsfattig og feig. Og det er å seie ein heil del, for når ho blei skriven var ho mellom dei mest ublu bøkene som vart publisert.
Det tek på å lese så forjævlege, gode bøker. Av og til tenkjer eg at eg har alt for mykje empati, at eg sporenstreks burde finne ein måte å tappe det ut frå kroppen og selje det til høgstbydande. Eg kan legge frå meg ei bok, og så kjennest verda så jævlig, så kald, så tom og så fri frå meining at gravsteinen er mjukare, og gravskrifta meir levande.
Det er ikkje mange bøker som får meg til å kjenne det sånn. Det er berre dei jævlege, dei som både er jævleg gode og jævleg triste, det er berre dei beste, dei som på eit eller anna vis slepp meg inn i kjerne av eit menneske. Og då blir eg som Anders i Oslo 31. August. Eg ser ut på verda, ser kor daudt alt ser ut og så tenkjer eg, dette, det går faen ikkje bra.
Eg har skrive om galskap og litteratur før, om framstillinga av galskap i bøker og om det å vere litt smågal (sjå til dømes her!). Heilt frå eg var lita har eg lese som hestar et. Det er ein magi i orda, og denne magien er både vakker og farleg. For ein stund er du i ei anna verd, nokre gongar ei betre verd andre gongar ei verre verd, ei vondare verd. Og ein kan leve seg så inn, leve så inn i bøkene at på mystisk vis så smittar dei over på den verda som er utanfor.
Nett no les eg Wide Sargasso Sea om igjen og om igjen, fordi eg held på å skrive oppgåve om henne, om sanninga og det å skulle forsøke å forstå, å forstå nokon og noko som er heilt annleis enn alt du kjenner frå før. Og eg les om igjen og om igjen dei partia som gjev mest vondt, eg leiter etter dei stadane i teksta der det står, der det er mest og sterkast, og eg leiter etter vonet, sviket, kjærleiken og hatet, og eg tenkjer, når skjedde det, når skjedde det at alt von forsvann i denne historia, når skjer det, når skjer at vi sluttar å tru at dei endeleg kan sjå kvarandre, at dei kan forstå kvarandre, og at dei kan elske kvarandre? Og i denne leitinga skjer det noko, eg ser Antoinette og det som er eit liv ser meir ut som ein skjebne, og det er først når noko ser ut som ein skjebne det kan vere ein verkeleg tragedie.
Det kan ikkje gå bra, tenkjer eg. Det går ikkje bra, ingenting går bra. Men nett kvifor det ikkje går bra, eller så utruleg lite bra, er vanskeleg å forklare. Det er ein del av løyndomen, denne løyndomen som uvegerleg er planta i oss alle, denne løyndomen vi ikkje klarar å syne fram, å dele eller forklare. Løyndomen som kan sluke heile livet. Rochester veit korleis det kjem til å gå med Antoinette når han tek ho med til Engalnd.
«Very soon she’ll join all the others who know the secret and will not tell it. Or cannot. Or try and fail because they do not know enough. They can be regonized. White faces, dazed eyes, aimless gestures, high-pitched laughter.»
Når ho set fyr på huset er det ikkje for å vere ond, eller ta hemn. Det er fordi det berre er då ho kjenner seg levande. Det er fordi ho etter å ha frose så lenge endeleg kan føle seg varm.
Er det for seint for sanninga no? Wide Sargasso Sea
I dette klippet frå filmatiseringa av Wide Sargasso Sea, romanen til Jean Rhys, fortel Antoinette Rochester historia om mora si, om hennar galskap og triste liv. På slutten av klippet spør ho om det er for seint for sanninga no. Det er eit godt spørsmål, og på set og vis er det eit spørsmål det er verd å stille om når vi les boka WSS, ser filmen eller i alle møte med litteratur. Blir det nokon gong for seint for sanninga?
Wide Sargasso Sea blei skriven gjennom 21 år, frå 1945 til 1966, og er forhistoria til Bertha, Rochester si gale førstekone, i Charlotte Brontë sin roman Jane Eyre. Rhys, som sjølv er oppvaksen i Karibien, følte at Bertha fortente ei verkeleg historie, eit liv, og at galskapen hennar fortente ei forklaring. I Jane Eyre er ho jo berre eit spøkelse, ein funksjon i plottet, ei hindring som Jane må overkomme, eit skrekkeksempel, og grunnen til å tykkje synd i Rochester. Eit menneske blir ho jo verkeleg aldri, så grotesk og gotisk som ho blir framstilt.
Blir det nokon gong forseint med sanninga? Når WSS kjem ut er det over hundre år ette JE vart skriven. Og om ho ikkje fortel sanninga, så fortel ho i alle høve ei historie, ho let Antoinette bli eit menneske og ho let ho snakke. Er det forseint med sanninga spør Antoinette, og i boka er det det, i boka er det noko som er blitt feil, som har blitt øydelagt for lenge sidan. Rochester klarar ikkje å forstå Antoinette, han klarar ikkje å akseptere at ho er annleis og han klarar ikkje å elske ho med respekt.
All synd er ein form for galskap, sa Charlotte Brontë om karakteren Bertha (som heiter Antoinette i WSS), og derfor var ho redd for at ho hadde framstilt Bertha for skrekkeleg. Ho ville at lesaren skulle syntes synd på Bertha, både syntes synd på og bli avskrekka av. Men når ein les Wide Sargasso Sea så skjer det noko, for om ikkje Rochester klarar å forstå Antoinette så klarar vi det, vi klarar å forstå både han og ho fordi vi får vite meir om dei enn dei klarar å fortelje og å forstå av kvarandre. Når det endar tragisk for dei begge har det bakgrunn i nett denne manglande forståinga av den andre, og dei kontekstene den andre forstår verda i.
bell hooks om rap, kapitalisme og kolonialisme
Feminist, buddhist, kulturteoretikar, afro-amerikanar. bell hook (eller Gloria Watson, som er hennar personlege namn) snakkar om RAP, sexisme, kapitalisme, kvit herredøme. Sjekk det ut.



Desse har synsa: