Kva eg les:

Gunvor skriv om det eine og det andre, om litteratur, litteraturteoretikarar og synsar og svansar rundt fine ting. Gunvor er supersøt, og det er i grunnen bloggen hennar òg.

Gaute skriv skarpt om musikkvitskap og musikk. Dessutan postar han mange fine videoar og skriv gjendiktingar av songtekstar han likar.

Hjartesmil har ein av dei finaste bloggane eg veit om. Der postar ho bilete ho har tatt, løyndomar folk har sendt ho.

Strekhjerte heiter Linn, og har ein fin blogg her, og ein fin blogg på livejournal og. Dette er ein av dei bloggane som berre er så vare, så fine, og fylt av så mykje utruleg.

Frk Eske er ein av mine favorittar. Ho skriv utruleg fine dikt og har i tilleg til bloggen ovenfor òg ein blogg er på wordpress. Det er noko å lese det!

Jens er tidlegare i Norsk Målungdom. På bloggen skriv han om politikk og anna, som interesserer han. Og det er ein del skal eg seie. J

Jo har bloggen Generation Terror, som er ein musikkblogg, skrive av ein med “smått autistisk” tilnærming til musikk (hans eigne ord). Eg tykkjer bloggen er feit, av di han skriv om ting frå perspektiv eg ikkje får andre stadar.

Snusmumrikken er faktisk på wordpress. Og ho har ein fin blogg der ho skriv om alt frå forbruksmønstre på femtitalet og i dag og snøhuler på Blindern. Koseleg.

kafari har denne veldig fine poesibloggen, som verkeleg er verdt å sjekke ut om ein vil ha litt poesi i kvardagen. Og det vil ein jo i aller høgste grad. I alle høve når det er så fint som dette!

Greta-G har ein husmorblogg med ironisk distanse. Greta er ei superkul jente frå Bergen, som skriv om mac&cheese, bleier, blogger, kaffi og alt anna som fyller tilveret. Og best av alt, alt er i rosa!

Nokon gonger er det så kvitt at ein ikkje kan sjå. då kan ein til dømes vitje bloggen til ute er det melkekvitt, der det finnest fine og triste løyndomar.

puslebit har denne fine bloggen der han postar ting som stadig gjer meg glad. søte små videoar, foto og dikt. like fint som raude blad om hausten.

sjelfull er ein blogg eg blir varm i hjartet av. masse, masse sjarm, og alle dei gode, fine songane som ein kan smile av.

Gnistregn er ein av desse poetiske kvardagsbloggene som ein både kan bli litt trist og veldig glad av å lese. Her finnest det skildringar om alt frå å sitje på trikken og fine folk, og stort sett alltid er det eit eller fleire fine bilete å sjå på.

Steinskog er ein musikkvitar som eg eigentleg har fått via bloggen til Gaute. Han skriv mykje om populærkultur, og då kanskje spesielt musikk og kjønn, og då tema som coverlåtar, divaar og disco.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers