Kvifor vi må snakke om sjølvmord:
Kva kan ein seie og gjere med sjølvmordet? Fornekte det, fortie det? Be dei som drep seg sjølv om å gjere det i løyndom, ikkje skrive om det i frykt for å spreie det? Bør vi gøyme sjølvmordet bak så mykje stille at det er som om det ikkje skjer med oss, ikkje med meg, og ikkje med folk eg kjenner? Bør vi overlate folk til skammen, skammen over å ville døy, skammen over å ha elska nokon som ikkje lengre orka å leve?
Absolutt ikkje. Vi bør prate om det, vi bør prøve å forstå det, å snakke om det, å dele det. Fleirtalet av folk har sjølvmordstankar ein eller annan god i livet. Det er på tide at dette blir mindre tabubelagt, og at vi blir betre rusta til å takle kjensler og tankar som så mange av oss kjem til å ha.
Dette er det eg veit om sjølvmord. Objektivt: Folkehelseinstituttet skriv at det gjennomsnittleg døyr 530 menneske av sjøvmord i Noreg, omlag 150 kvinner og i underkant av 400 menn.
I tillegg til dei sjølvmorda vi kjenner til, er det store mørketal på såkalla skjulte sjølvmord. Dette er menneske som tek livet av seg, men skjular det som ulukker, drukning, fallulukker og bilulukker er døme, gjerne for at dei næraste rundt dei skal sleppe å leve med viten om at dei tok sit eige liv.
Det var dei som døydde. Folkehelseinstituttet reknar med at ti gongar så mange menneske freistar å ta eiga liv kvart einaste år. Det vert omlag 5300 menneske som har det så vondt at dei ønsker å døy i så stor grad at dei går til det skritt å forsøke å ta livet sitt. Om ein reknar med at du har minst ti nære menneske i livet ditt, og kanskje hundre du treffer, eller ser vekentleg, så er det ganske stor sjanse for at nokon du har teke i handa, sett i auga eller gjeve ein klem har freista å ta livet sitt minst ein gong i livet.
Ein kan berre spekulere i kor mange som har det så vondt at dei vurderer det. Lommelegen skriv at fleirtalet av folk har sjølvmordstankar i løpet av livet. Det tyder deg og meg. Men sjølv om fleirtalet av oss har tenkt på det ein god er sjølvmordstankar mellom dei største tabua. Ein snakkar helst ikkje om sjølvmord, og iallfall ikkje om sjølvmordstankar. Likevel har dei fleste av oss tenkt på det, eller vil tenkje på det, ein eller annan gong i livet. Fleirtalet av oss. Det er for alle dei, alle oss, som tenkjer på sjølvmord vi må tørre å snakke om sjølvmord. For det er mange myter og folkemeiningar om sjølvmord, sjølvmordstankar og sjølvmordsprat, og mange av desse er livsfarlege.
Dei færraste ønsker å døy Det tyder ikkje at trusler om sjølvmord er tomme. At fleirtalet har sjølvmordstanker utan å drepe seg tyder ikkje at ein skal ta truslane på alvor. Folk med sjølvmordstankar er folk som har det vondt, ofte desperate, hjelpesøkande, og gjerne utan von. Når nokon fortel om sjølvmordstankar treng dei hjelp av lege, psykolog eller psykiatar, nokon må vurdere kor alvorleg sjølvmordsstrusselen er. Ofte treng ein hjelp av ein ven til å kome seg til hjelpen, nokon som kan følgje ein til lege, som kan sitje med ein på eit venterom. Som kan passe på at ein får den hjelpen ein treng.
Dette er det eg veit om sjølvmord: Subjektivt: Eg veit at eg forstår det. Ikkje godkjenner det, for eg veit med seg sjølv at det er ei feig, fæl, egoistisk handling, men samstundes veit med seg sjølv at det kan kjennest sånn av og til, at her, her sitter eit usselt og feigt menneske, at denne kjensla, av å vere ussel, feig uspiseleg saman med ein dump og ullen smerte kjennest så vondt at livet til slutt blir mindre og mindre, ein orkar ikkje gå ut og sjå folk i auga med all denne usselheita som finst inne i brystet, når ein er av verdas skrotmateriale, og at det kan bli sånn då, det forstår eg, at ein kan tenke om ein døydde, når ein døydde, så ville desse kjenslene forsvinne, heilt og fullstending, og ein tenkjer med seg sjølv, ja, det er feigt, men kva skal eigentleg dei andre med meg, kva skal dei med meg som er så ussel og feig, så dårleg, så kjip, så innforjævlig ekkel, kva skal dei med byrda av mitt nærver, familien min, dei som er bunden til meg ved blod, “venene” mine, dei som av uviss grunn har haldt fast med meg, sjølv om færre og færre gjer det, fleire og fleire gjev opp, gjev opp meg, som eg snart skal gje opp meg sjølv.
Depresjon, ein sjukdom som råker mange, som eg kjenner sjølv, ei sjukdom som kan råke igjen og igjen, og for nokre er like vanskeleg å bli kvitt som kreft, ei sjukdom som kan ete deg opp til du ikkje orkar å kjempe mot han lengre, eller til du i alle fall kjenner deg så sikker på at du aldri vil klare å overvinne han at du gjev opp. Men som alle andre sjukdomar, så går det over. Ingenting vare evig, ingenting.
Ja, eg forstår sjølvmordet. Eg meiner ikkje å seie at eg støtter det, at vil det, for meg eller andre. Tvert i mot så er eg redd det, redd fordi eg veit at depresjon, vonløyse og fortviling kan råke alle slags folk, som alle andre sjukdommar. Eg forstår det, fordi eg sjølv har vore sjuk og kjent på korleis ein då kan tenkje heilt og radikalt annleis enn ein elles ville gjere. Eg har kjent den ulukka, frustrasjonen og vonløysa som gjerne følgjer med ein depresjon, og eg har tenkt at døyr eg i natt, så slepp eg i alle høve dagen i morgon, så slepp eg resten, så slepp eg meir. Døydde eg i natt så slapp eg, og så slapp dei, dei slapp å tenkje på at eg gjorde det sjølv, om hjartet mitt stoppa no så slapp dei å føle at det var deira feil. Eg har tenkt det, og eg har seinare tenk, fy søren, eg er så sjukt glad for å vere i live. Å ville døy er sjelden, veldig sjelden noko som varar lenge. Men fleirtalet tenkjer det ein eller annan gong. Det er det synd og farleg at det er eit tabu.
Som Folkhelseinstituttet skreiv så veit ein ikkje kor mange som døyr av “skjulte” sjølvmord. Men mange er det nok. Og klart ein kan forstå det fristande i å gøyme sjølvmordet, eller det fristande i å kreve at folk skal gøyme det bort, kjøre utfor brua, inn i fjelveggen, la ei panne koke tørr på kokeplata eller legg ei dyne over glødeomnen når ein skal legge seg til å sove. Etterlatne etter sjølvmord har det verre enn etterlatne etter naturleg daud og har sjølv stor sjølvmordsfare. Klart ein kunne konfrontere den sjølvmordande, med kva trur du dei andre føler når du tek livet av deg på den måten, kva seier du om verdien av liv, om våre liv, og om banda mellom menneske? Men det veit jo allereie den sjølvmordande, på den måten alle som er deperimerte veit, fast og heilt, i alle høve for ei kortare eller lengre tid: Livet er ikkje noko vert, ikkje eigentleg, i alle fall ikkje mitt, eg utgjer berre eit minus, eit raudt tal i universets store regnebok, i auga til alle eg møter ser eg berre dette, det at dei vikar bort frå den smerta som står skrive i andletet mitt, at dei tykkjer det er ubehageleg og at dei lurar på kva dei har gjort for å fortene denne augneblinken der nokon plutseleg står framfor dei og fortel at dei vil ta livet av seg.
Det kan verke som om mange meiner nett dette, at denne viten om sjølvmordet er verre enn sjølve handlinga. At om ein først skal drepe seg, så er det betre å gjere det i løynda. Og eg kan forstå det, eg kan forstå at folk vil bli skånt frå den byrda det er å vite at nokon ville, eller klarte å, å ta sitt eige liv.
Men dette ønske om løyndom, dette ønske om å skjule, om å skulle spare, det er så hersens livsens farleg. Når ein skjular all si smerte så sparar ein kanskje sine næraste for vissa, men ein fråtek dei samstundes moglegheita til å hjelpe.
Skammen. Skammen som er knytt til sjølvmordet er så stor at han er vanskeleg å setje ord på. Stor, for den som vil drepe seg sjølv, stor, for dei som har blitt gått frå. Men er det ein ting skam nærar seg på er det stilla, er det ein ting skam nærar seg på så er det løyndom, og er det ein ting som er farleg når ein er deprimert er det skamkjensle. Derfor må vi forsøke å snakke om sjølvmord. Å opne opp for ei nye måtar å forstå det på.
Eit sjølvmord er ein tragedie. Ein tragedie fordi mange av dei som døyr kunne blitt friske, lukkelege menneske. Sjølvmord er daud ofte etter lang, men gjerne skjult, sjukdom eller etter store livskriser. Ikkje alle som er deprimerte er suicidale, men mange av dei som vil ta sitt eige liv er deprimert, eller på andre måter sjuke. Men viktigaste av alt er det å vite: At å ville ta sitt eige liv er eit symptom på at du har det veldig vondt, ikkje på at du er verdilaus, dum, skammeleg, ynkeleg eller defekt.
Noko av det viktige med sjølvmord er å snakke om dei. Og då tenkjer eg ikkje på sensasjonelle framsyningar av sjølvmord i film, litteratur eller media. Men eg tenkjer mellom oss, mellom menneske. Om vi tør å fortelje om røynslene med sjølvmord, med skam, med sjølvmordstankar, kan vi gjere mykje lettare for kvarandre. Sjølvmord er noko som vedkjem oss alle, kven som helst av oss kan kome til å tenke på det, gjere det eller kjenne nokon som gjer det. Vi må bli opnare for å kunne hjelpe kvarandre.
Og til deg, der ute, som har eller har hatt sånne tankar, du veit, sånn tankar om at du plutseleg kjem til å døy, at du vil ta ditt eiga liv, ver så snill: Fortel det til nokon. Det finnest folk der ute som kan lytte. Ring ein hjelpetelefon, til dømes hjelpetelefonen for mental helse (116 123).
For sjølv om du kanskje vil døy nett no, så er det sånn at 80% av dei som begår mislukka sjølvmordsforsøk er glad for å vere i livet.
Hjelp er å få. Det blir betre. Ikkje ein gong depresjon varar evig.
Fortel.


Desse har synsa: