Kvifor så slem, kvifor så redd, kvifor så stille, kvifor så feig? Omforlades.
Eg var innblanda i ei episode i dag, eller rettare sagt, eg blanda meg inn i ei episode. Ikkje på noko modig vis, heller på eit desperat vis, etter å ha sett noko som gjorde sånn sinna, så trist og så oppgitt.
Mobbing. Heilt tilfeldig mobbing av ein busspassasjer. Ein ungdomsgjeng ler høglytt av og fotograferer ein medpassasjer. Ler meir. Du hører fraser som “Det er LEDIG der”, medan dei prøvar å presse kvarandre til å sitje ved sidan av passasjeren. “Å HERRE GUD”/”FY FAEN”/”GÅR DET AN”. Og latter. Dei ler.
Det er ingenting som gjer inntrykk av at ungdomsgjengen kjenner passasjeren. Passasjeren er godt vaksen, og korkje ser eller snakkar til ungdomane. Ein får inntrykk av at passasjeren er sjenert, attendehalden, sjølvmedviten. Eit lett mål, det er det passasjeren verkar som. Og det verkar å vere derfor ungdomsgjengen gjer narr av passasjeren.
Dei kjem på 21-bussen på Falck Yttersplass. Dei er kanskje femten, seksten. Dei er ferdig på skulen, klokka er kvart over eitt. To av dei er kjærastar, to av dei er venninner. Han tar bilete med mobiletelefonen av passasjeren, medan dei to venninnane liksomposerer framfor. Det er openlyst for alle, eller i alle høve for meg, kva det er som skjer. Eg ser skjermen på kamerea, og eg ser at dei to jentene ikkje er der. Skjermen er dekka av andletet til passasjeren. Og så ler dei meir.
Passasjeren ser ut vindauget, seier ingenting, men ser bort, bort, bort. Seier ingenting, det gjer heller ikkje eg, ikkje først, iallfall. Eg er usikker på om eg skal seie noko, er usikker på om eg skal seie, “Hei KUTT UT det der”, for det kjennest sånn at viss eg seier det, framfor passasjeren, så vil det liksom slå fast, i alle sitt påhør, at hei, dette er mobbing, dette er ikkje greit. Så feig, som eg er, så ser eg stygt på dei, akkurat som om det skulle hjelpe. Å sjå stygt på ein ungdomsgjeng som tek bilete av eit menneske av den enkle grunn at dei meiner at dei har rett til å fotografere nokon for å kunne latterleggjere dei.
Kanskje merkar dei det, eg meiner at eg ser stygt på dei, at andre ser stygt på dei, eg veit ikkje, ingen har sagt noko men dei trekker seg bak, og då reiser eg meg, før eg skal av, eg reiser meg fordi eg er så sjokkert over dei og sint på meg sjølv, sint fordi eg er så feig og så seier eg, ganske lågt, som om eg ikkje vil at nokon skal høyre at eg seier det, nokon andre enn dei iallfall, så seier eg “Hei, det der er ikkje kult, det er ikkje noko huggeleg, og det er ikkje LOV” og ingen av dei svarar dei berre tettar seg saman, og eg står framfor dei og neste stopp er mitt stopp og deira stopp, eg ser ei av dei andre jentene som står lengre framme, ei av dei som ikkje var med på det men verka som ho tykte det var greit, som ho tykte det var ubehageleg, ho seier hadet til dei og eg går av bussen og dei går av, og i staden for å snakke skikkeleg til dei, i staden for å seie, hei, ta dykk saman, så går eg min veg fort.
For eg skammar meg over å ha vore så feig, på eigne vegne, på vegne av dei i bussen. Og eg syns synd i passasjeren, kvifor sa eg ikkje noko høgt, så passasjeren kunne høyre det, kvifor sa eg ikkje noko som synleggjorde kor dustete dei var, dei ungdomane. Kvifor støtta eg ikkje dette menneske, på skikkeleg vis?
Og eg syns synd i ungdomane, eg tenkjer korleis kan dei ha det, på skulen, i gjengen, med seg sjølv, når dei kan vere så for jævleg stygg med ein tilfeldig medpassasjer og ta seg fridomen til å latterleggjere denne på såpass grovt vis?
Og eg syns synd i oss, alle vi andre som sat på bussen og som ikkje reiste oss kollektivt og så “HEI, SKJERP DYKK ELLER GÅ AV BUSSEN”, alle vi stille feige folk som berre sat der. Om vi er samfunnet, så er det synd i oss alle, for det tyder at vi ikkje klarar å stille opp for kvarandre, ikkje ein god mot ein umoden ungdomsgjeng vepna med latter, latterleggjering og mobilkamera.
Ungdomane burde skamme seg, og dei burde be om orsaking. Men det burde vi andre òg, vi som ikkje forsvarte, vi som ikkje støtta. Vi som ikkje sa noko.
Det er det eg prøvar på her. Eg seier “Omforlades” som vi seier i Bergen, til deg, du som sat på 21-bussen i dag og ble utsett for sjikane av ein tilfeldig ungdomsgjeng. Eg burde ha stått opp for deg, det burde vi alle. Eg vonar vi skal klare oss betre neste gong.


Desse har synsa: