Eg. Ein reddhare.

Kanskje er det nokon andre reddharar der ute, nokre landkrabbar og klakkgebrokar som meg, som er redde, i tide og utide. Du er ikkje åleine! Du blir ikkje gal! Det er andre som har det som deg. Og det går faktisk an å leve med det. For det gjer eg.

Alt går strålande. Og det er så jævlig skummelt.
Angst, angst er ei underleg kjensle. Når ingen av dei tinga eg har vore redd for har slått til, har nokon gong slått til, så er det aldri god nok grunn til å slutte å vere redd. Heller kan det at alt faktisk går bra vere nett den grunnen eg treng til å bli enno, enno meir redd. Er ikkje det rart?

Nei, ingen har sagt at dei hata boka mi. Jo, nokon vil skrive om boka mi, for dei har faktisk ringt meg for å få intervju-avtale. Nei, venene dine har ikkje slutta å prate med deg etter at du gav ut bok fordi dei tenkjer at du er blitt for arrogant og betrevitande. For dei verkar oppriktig glad på dine vegne. Det kan vere det kjem til å gå bra.

Men eg har vore redd heile vegen. Så kvifor slutte no?

Byrjinga
Først tenkte eg jo sjølvsagt at ingen kom til å anta boka. Eg var redd for at dei berre kom til å le av manuset. Men så gjorde dei ikkje det, dei blei faktisk glad for at eg hadde sendt det til dei. Etterkvart så blei eg redd kvar gong eg skulle sende eit nytt utkast. Tenk om dei angrar tenkte eg, tenkt om dei angrar på at dei har anteke meg! No, no kjem dei til å sei det: Dette, Kristina, dette går ikkje framover. Eg trur dessverre vi må avbryte samarbeidet.

Men så skjedde aldri det. Eg fekk aldri høyre at manuset blei dårlegare og dårlegare. Eg fekk høyre at dei tykte det vart betre. Du skulle tru eg slutta å vere redd? Neida. Etter kvart som manuset blei ferdig byrja eg å uroe meg for kva som kom til å skje når FOLK fekk sjå boka. Kva kom FOLK til å tenkje?

Kva kjem alle til å tru?
Angstmareritta kom i to versjonar. Antan hadde eg skrive ei for lite tilgjengeleg bok, for privat. Typisk kvinnelitteratur ville folk seie. Kropp og lengsle og kjærleik og sex. Husj. Skriving om skriving. Gud kor keisamt. Eller så hadde eg skrive ei for tilgjengeleg bok. Gud ville folk seie, gud for nokre kioskdikt. Typisk sånn derre serielitteratur. Damer altså. Kulturkjerringar!

Men folk var ikkje det einaste eg kunne vere redd for. Det var media òg. På sleppfesten Litteraturtidsskriftet Lasso hadde før sumaren fortalte ein forfattar meg om venninna hennar, som tidlegare hadde gjeve ut si første diktsamling. Ho fekk inga merksemd sa ho, inga artiklar, oppslag, eller bokmeldingar. Det var som om ho hadde gjeve ut ei spøkelsesbok. Så blei eg sjølvsagt redd igjen.

Men nok ein gong slo ikkje mi verste frykt til. Like etter at Aftenposten hadde publisert sin debutantsak tok ein journalist ifrå D2 kontakt. Ho haldt på å skrive ei sak om generasjonen, om eg ville bli intervjua? Og no kjem saka i D2 på fredag, med masse fine unge folk som skal snakke om den alvorlege generasjonen. Men trur du eg sluttar å vere redd?

Den urealistiske angsten
Nei. For der har du meg. Eg er ein reddhare. Og redsle, eller som det er i mitt høve, angst, har absolutt ingenting med korleis røynda er eller dei røynslene du har hatt før har vore. Det er ikkje sånn at alle vanlegvis mislikar meg sterkt. Likevel kan eg tru det, eller om eg ikkje nett trur det, så kan eg vere uhyre redd for det. Når eg arbeida med manuset var det mange gongar eg berre ville hive heile datamaskinen ut vindauget fordi eg tykte alt plutseleg var så dårleg. Hadde eg skrive på papir er eg redd for at eg kunne ha brent opp heile driten. Takk gud for elektronikk, kunne ein seie.

Men ved sida av den daglege redsla som plagar meg i periodar så har eg òg opplevd åtak av det ein kallar panikkangst. Å skulle skildre panikkangsten er vanskeleg nett av di det du opplev er å slutte å vere eit rasjonelt menneske, å slutte å klare å tenkje, å slutte å klare føle at du er eit heilt menneske. Om rasjonalitetens dogme ein gong var “eg tenkjer altså er eg” så er panikangsten når alle orda utanom “er” i setninga blir meiningslause og tomme. Alt du som menneske står igjen med er dette bankande er-et. ER.ER.ER.ER.

Eit av desse panikkåtaka hadde eg sumaren for tre år sida. Eg hadde sitte inne i regnet i ei hytte på sørlandet og lese The Golden Notebook av Doris Lessing. I boka mist språket i boka all si meining for hovudpersonen, ho har problem med å forstå kva setningar tydar. Noko liknande skjedde meg den sumaren. Plutseleg var det som om språket og verda losna frå kvarandre, som om språket forsvann frå verda, og miste all si meining. Attende sto ein hard, hard verd igjen av fargar, lys og rørsle, ei verd der det ikkje lengre var nokre “ting”. Og mitt i det kaoset sat eg og tenkte, no, no Kristina, no må du berre halde jævlig godt fast i deg sjølv for elles forsvinn du ut i dette kaoset, og forsvinn du ut i det er det ikkje sikkert du finn igjen deg sjølv. Eg følte huda mi, alt som haldt meg saman var berre ei millimeter tjukk. Brast huda forsvann eg ut, forsvann ut i kaoset. Då ville eg forsvinne. Heile ordet eg ville bli borte.

Men det går jo alltid bra?
Men eg blei ikkje gal. Eg blei berre veldig, veldig sliten, redd, trist, trøyt og usikker. I ettertid har eg lært at eg får panikk når fordi eg har gjort meg vand med å ha kontroll på alt. Eg har dessutan lært at ein ikkje blir psykotisk, eller gal av å ha angst. At angst ikkje er farleg. Det er berre veldig ubehageleg.

Det same er kvardagsredsla. Det er ubehageleg. Og det er ikkje naudsynt, det er ikkje det, å gå rundt å vere redd, å kjenne på ei redsle som kan grense mot paranoia. Det er alt for slitsamt, det er alt for begrensande og det er tullete.

Så meg jamne mellomrom seier eg til meg sjølv: Kristina, no må du faktisk slutte med dette tullet. Du er eit godt menneske, du har vener som liker deg, du har ting du er god på. Greit nok, så er du ikkje perfekt, men det er faktisk ingen andre heller. Og du har ikkje kontroll, men det kan du heller aldri få. Skal du la det øydelegge alt det fine? Nei, det skal eg ikkje.

Så eg ville berre seie det: Eg er så usannsynleg glad. Under all redsla som poppar opp i ny og ned er eg så usannsynleg glad. Og når eg berre får rydda all redsla av vegen tør eg å kjenne det: Dette er så bra, alt er så fint, og eg er så lukkeleg.

Rart at nett det kan vere så skummelt å kjenne på, ikkje sant?

Merkelappar:,

Om Kristina

Hei! Eg heitar kristina. Eg er tjueto år, held på med master i litteraturvitskap og har gjeve ut diktboka "Hjartemekanikk". Eg har to bloggar. Den eine, http://grapecityjuice.wordpress.com, er ein poesiblogg. Den andre http://milliardaravmenneskeimellom.wordpress.com er ein saksprosablogg. Eg blir veldig glad for alle kommentarar!

4 Responses to “Eg. Ein reddhare.”

  1. Hedda says :

    Ikke dårlig.

  2. ziarah says :

    Til å kjenne seg igjen i.

  3. June says :

    Åh, for ei fantastisk jente du er..!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 504 other followers